Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Løve - Wikipedia

Løve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Løve
Løve
Foto: Miroslav Duchacek
Systematikk
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Familie: Felidae
Slekt: Panthera
Vitskapleg namn
Panthera leo
L., 1758

Løva er eit stort rovdyr som lever på savannar, stepper og ørknar i Afrika og i eit reservat i nordvestlege India. Ho skil seg ut som det nest største av kattedyra (etter tigeren), og som det einaste sosiale. Ho høyrer med mellom dei mest brukte dyra i symbolikk og folklore, og opptrer mellom anna i det norske riksvåpenet.

Innhaldsliste

[endre] Skildring

Løver veg som regel mellom 120 og 250 kg, og har ei kroppslengde på opptil 2,5 m. Hannen er 20-50% større enn hoa. Fargen varierer frå lyst gulbrun til svart, alt etter kvar dyra lever; vanlegvis er dei lysast i ørkenstrok. Løva kan verta opp til 25 år i fangenskap.

[endre] Utbreiing

Løva finst hovudsakeleg på i det sentrale og sørlege aust-Afrika, men isolerte populasjonar førekjem òg i Sahara og nord i India. Tidlegare fanst dei over eit mykje større område, m.a. heilt nord til HellasAristoteles' tid; men menneskeleg jakt og konkurranse har utrydja dei mange stadar. M.a tærte romarane mykje på bestanden i si tid.

[endre] Åtferd

Løva er det einaste sosiale kattedyret, og organiserer seg i flokkar på opp til 20-30 dyr. Kjerna i flokken består oftast av 4-12 løvinner i nær slekt, oftast kusiner og søstrer. Øvst på rangstigen i flokken ligg leiarhannen, som sjeldan er i slekt med løvinnene og vanlegvis har kome seg til makta i flokken ved å drepa den tidlegare leiaren. Stundom vert flokkar leidd av fleire hannar, det er då vanlegvis snakk om brødrepar. Alle ungar i flokken er avkom av leiarhannen/leiarhannane og holøvene, framande born eller born av tidlegare leiarar vert som regel drepne.

Løvene jaktar i flokk, og det er løvinnene som har hovudansvaret. I rike område, som t.d. Serengeti, bidreg ikkje hannen i det heile teke, medan det m.a. i Namibiaørkenen er tilnærma likestilling på dette området på grunn av den knappe tilgongen på bytte. Berre ein av ti jaktar ender med at løvene nedleggjer eit dyr.

Rangordninga i flokken avgjer kva rekkjefølge individa i flokken inntek måltidet. Leiaren et først, etterfulgd av eldre løvinner, før born og unge får krangla om restane. Dette viset gjer at mange døyr før dei rekk å bli kjønnsmogne, og fører til at berre dei sterkaste og mest hardføre løveungane overlever.

[endre] Status som art

Løvebestanden har falle dramatisk over lengre tid. I Sentralafrika lever det per i dag mellom 16000 og 30000 dyr, mot 100 000 tidleg i 1990-åra. Utrekningar visar imidlertid at populasjonen er i vokster att på grunn av auka fruktbarheit. Situasjonen for den asiatiske løva er verre; den einaste populasjonen tel ikkje stort fleire enn 300 individ.

[endre] Løva i kultur og symbolikk

Løva symboliserer mot og styrke, og er eit vanleg dyr både i kunsten og heraldikken. Noreg høyrer til mellom dei mange landa som har ho i riksvåpenet sitt, saman med m.a. Danmark, Storbritannia, Skottland og India.

[endre] Kjelder

Verdens dyr, Cappelen 1985

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com