Diskusjon:Hjarte
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eg reagerar på skildringa under fiskehjarta: Å si at sinus venosus tek i mot kroppens deoksygenerte blod er jo særs feil i høve til menneska. Kan verkeleg desse urdyra ha (i praksis) to slags forkammar? Og å seia at forkammera har klaffar og pumpekammera har klaffar er jo heilt feil i høve til menneske-anatomien: Trikuspidal- og mitralklaffane blir danna frå og høyrer saman med henholdsvis høgre og venstre pumpekammer. Og aorta og pulmonalklaffen høyrer saman med arterien sin, ikkje pumpekammeret under. --Ekko
- Mange gode endringar Olve, men eg lurar på nokre av dei:
- Kvifor aorta? Eg vil helst ha eit norsk ord her, Øyri gjev både livpulsåre og hovudpulsåre. Kan me kanskje einast om hovudpulsåre? Me må i alle fall nytta det same omgrepet i heile artikkelen.
- Kvifor hjartekammer for ventrikkel? Er ikkje forkammera kammer i hjartet? Eg meiner hjartekammer forvirrar når det berre tydar to av dei fire kammera.
- Kvar har du hjartekrona frå? (Nysgjerrig, eg har aldri sett det før)
- --Ekko 12. jun 2005 kl. 0800 (UTC)
-
- Tak ikkje sprintomsetjinga mi der alt for høgtideleg... :] Hjarta er vel den delen av anatomien eg kan aller minst om. Det vart ein redigeringskonflikt da eg gjorde dette, og eg prøvde å flette inn endringane du gjorde i omsetjinga mi; deriblant nokre av endringane dine frå aorta til livpulsåre, men eg fekk visst ikkje med meg alle. Eg har inga sterk meining når det gjeld livpulsåre eller hovudpulsåre. Hjartekrona var ein rein slurvefeil av di eg var for trøytt — det stod «hjertekonen», og eg endra til -krona i staden for -konusen. -- Olve 12. jun 2005 kl. 1610 (UTC)
-
-
- Synd! Hjartekrona hadde nemleg vore eit glitrande nyord for denne delen av anatomien. Eg trur eg skriver om det heile til hovudpulsåra for aorta. --Ekko 12. jun 2005 kl. 2207 (UTC)
-