Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Krokodille - Wikipedia

Krokodille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Krokodillar
Spisskrokodille eller amerikansk krokodille
Spisskrokodille.
(Foto: Tomás Castelazo)
Systematikk
Rike: Animalia
Rekke: Chordata
Klasse: Reptilia
Orden: Crocodilia
Familie: Crocodylidae

Krokodillar er ein krypdyrfamilie som består av 14 ulike artar som lever i vatn i tropiske strøk. Alle artane er kjøtetarar, og fleire av dei er òg særs farlege for menneske.

Innhaldsliste

[endre] Skildring

Krokodillar er grøne, gule eller svarte krypdyr med karakteristisk langstrakt, flattrykt kropp og snute. Øynene og neseborene sitter øverst på det avlange hodet som ei tilpasning til livet i vannet. Kjevene er store og sterke med kjegleforma tenner som konstant er under utskifting.

Dei har fem tær med delvis symjehud på forbeina og fire på bakbeina. Halen er lang, kraftig og sammenpressa frå sida, og vert brukt til å symje med. Ryggen er dekt med hornskjold, i tillegg til beinplater i lærhuda.

Hjernen er særs avansert til krypdyr å vera. Hjartet er i motsetnad til andre nolevande reptilar delt i to forkamrar og to hjartekamrar. Dette trekket delar dei med fuglane og pattedyra, så vel som med varanøglane og dei utdøydde dinosaurane.

[endre] Utbreiing

Ulike krokodilleartar finst dei fleste fuktige stadar i tropane. Vanlegast er dei i Afrika, men dei er heller ikkje uvanlege i Søraust-Asia, Australia og Mellom-Amerika. Dei fleste artane heldt til i sumpar, innsjøar og mangroveskogar, men ein finn dei òg i stille elvar og i visse høve langt ute på havet.

[endre] Levevis

Saltvasskrokodillen er den største krokodillearten med sin opptil 8 m lange kropp
Forstørr
Saltvasskrokodillen er den største krokodillearten med sin opptil 8 m lange kropp

Krokodillar er jegarar som hovudsakeleg jaktar frå vatn. Nokre artar (m.a. panserkrokodillen Crocodylus cataphractus) et mest berre fisk, medan større artar (som nilkrokodillen Crocodylus niloticus) føretrekkjer store pattedyr. Føda varierer òg med alderen; dei heilt yngste et mykje insekt, froskar og småfisk.

Krokodillar er utforma for å vera godt kamuflerte. Dei sym sakte og godt kamuflerte, og fangar ofte dyr som kjem til vatnet for å drikka. Kjevane er særs sterke, og vert som regel brukte til å halda fast byttedyret og trekka det under vatn. Dei er derimot ikkje spesielt gode til å tyggja og dela opp kjøtet med.

Krokodillar har indre befruktning og legg egg. Mora passar på egga og avkommet den første tida, men mistar fort interessa.

[endre] Krokodillar og menneske

Alle krokodilleartane vert rekna som truga av utrydjing. Menneska jaktar på dei for skinnet, som vert nytta i lær. No om dagen stammar mesteparten av krokodilleskinnet i vesker og sko frå alligator- og krokodillefarmar. Dette tyder på ingen måte at krokodillane er redda, då mange av desse farmane får egga sine frå ville dyr og såleis er med på å minka bestanden ytterlegare.

Nokre krokodilleartar, særleg nilkrokodille og saltvasskrokodille (Crocodylus porosus), er farlege for menneske. Engelsk wikipedia hevdar at krokodilla er det dyret som drep flest menneske på verdsbasis.

[endre] Kjelder

<interwiki>

På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com