Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Magnetresonanstomografi - Wikipedia

Magnetresonanstomografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

MR-bilete av hjernen.
Forstørr
MR-bilete av hjernen.

Magnetresonanstomografi, eller MR, (engelsk Magnetic Resonance Imaging, MRI) er ein medisinsk teknologi for avbilding av indre organ, basert på at ulike kroppsvev i forskjellig grad lar seg magnetisera i eit sterkt magnetfelt, og sender ut forskjellig stråling når dei blir påverka av radiobølger i eit slikt magnetfelt. Ei MR-maskin inneheld i hovudsak ein svær, ringforma magnet, fleire radiosendarar og radiomottakarar, og datautstyr for tolking av dei mottekne signala i høve til dei utsende signala.

Undersøkjing med MR kan gje nøyaktige, tredimensjonale bilde av dei indre organa og blodflyten i kroppen, og kan visa om organa har normal eller unormal form og funksjon. Dette kan vera til stor hjelp når ein lege skal stilla ein diagnose, og stadig fleire pasientar blir undersøkte med MR for påvising av brister i bein og bindevev, diagnose av kreft, undersøking av blodåre- og hjartefunksjon, med meir.

MR vert ofte utført med ei MR-maskin åleine, utan hjelp av noko legemiddel. Sidan byrjinga på 1990-talet har ein tatt i bruk ulike kontrastmiddel for å framheva bestemte organ eller vev i magnetresonanstomografi. Desse midla inneheld paramagnetiske metall som gadolinium eller mangan, som påverkar magnetiseringsevna til kroppsvevet og dermed radiostrålinga i MR-maskina. Slike kontrastmiddel følgjer i hovudsak blodet gjennom kroppen slik at organ med unormal blodflyt lett kan identifiserast. Dette kan til dømes vera svulstar som oftast har annleis sirkulasjon enn vevet rundt seg, det kan vera hjerneskader som gjer at blod frå hjartet slepp rett inn i hjernen i staden for å filtrerast gjennom blod-hjernebarrieren, eller innsnevra blodårer som gjer at blodforsyninga er for dårleg i t.d. hjartet ved hjartesjukdom.

Av nyare utvekling er cine-MR, vising av data som levande film. Tidsoppløysinga er framleis låg.

[endre] Sjå òg

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com