Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Henrik Ibsen - Wikipedia

Henrik Ibsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Henrik Ibsen (1828-1906).
Forstørr
Henrik Ibsen (1828-1906).

Henrik Johan Ibsen (20. mars 182823. mai 1906) var ein norsk dramatikar, ein av «dei fire store» i norsk litteraturhistorie og kjend for diktinga si over heile verda. Ibsen er rekna som far åt det moderne dramaet og har påverka ei rad kunstnarar frå George Bernard Shaw og Oscar Wilde til James Joyce.

Innhaldsliste

[endre] Livssoge

Henrik Ibsen vart fødd i Skien som son av forretningsmannen Knud Ibsen. Familien hans høyrde til overklassen i Skien. Ibsen sin farfar forliste, og Knud Ibsen si mor gifte seg att med den rike Ole Paus, far åt den seinare stortingsrepresentanten, byfoged C. C. Paus, som altså var Knud Ibsen sin halvbror. Henrik Ibsens si mor, Marichen Altenburg, var dotter av ein annan Paus — Hedvig Christine Paus — og mannen hennar Johann Altenburg, ein annan av patrisiatet i byen. Henrik Ibsen var stolt av dette slektskapet, særleg etter faren sin økonomiske fallitt som avbraut utdanninga hans og gav ham sterk mistru til samfunnet.

Som femtenåring forlot Ibsen heimen for å gå i apotekarlære i Grimstad. I 1846 fekk han ein son med ei tenestejente som han nekta å vedkjenne seg. Der skreiv han og sitt første skodespel, Catilina.

I 1850 flytte Ibsen til hovudstaden, (da Christiania). Der var han ved Heltbergs studentfabrikk for universitetskandidatar saman med mellom andre Bjørnstjerne Bjørnson, mens han no og da tente pengar som journalist. (1850), — ei tid som inspirerte Ibsen med nye idéar om personleg fridom. Han skreiv så fire stykke om norsk folkedikting og historie — det mest kjende av dei er Fru Inger til Østeraad (1855).

[endre] Teaterkarriere

Frå 1853 til 1857 arbeidde Ibsen ved Det norske Theater i Bergen, der han i tillegg til å instruere sine eigne skodespel hadde som arbeidsoppgåve å taka seg av dekorasjonane, kostyma, rekvisita og liknande, såvel som sjølve person-arrangementet på scena. Metodane og dei nye tankane hans om teater var kontroversielle, og han måtte fleire gonger vike for innarbeidde prinsipp.

I 1857 flytte Ibsen til Christiania att etter å ha gift seg med Suzannah Thoresen, stebarnet til forfattaren Magdalene Thoresen. Året etter vart det einaste barnet deira, Sigurd Ibsen, fødd. Ekteskapet deira var gledeslaust, og Henrik Ibsen søkte fleire «vennskap» med yngre damer som trøyst.

Ibsen fungerte som instruktør på det nye Christiania Theater i Møllergaden fram til 1864. I løpet av denne tida skreiv han dei to historiske skodespela Hærmændene paa Helgeland og Kjærlighedens Komedie og dessutan satiren Kongs-Emnerne.

[endre] Utanlandsopphald

I april 1864 vann han stipend av staten, og med denne støtten og noko finansiell hjelp frå Bjørnstjerne Bjørnson forlét Ibsen Noreg og reiste til Italia. Dei neste 27 åra haldt han til i utlandet, berre med sjeldne og korte vitjingar til Noreg. I denne tida da han budde i Roma, München og Dresden, skreiv Ibsen sine mest kjende verk. Først ut var Brand (1866), deretter det dramatiske diktet Peer Gynt (1867), og i 1873 skreiv Ibsen det han sjølv heldt for sitt hovudverk: Kejser og Galilæer. Et dukkehjem, som kom ut i 1878, er det mest vidkjente stykket hans.

Ibsen vendte attende til Noreg i 1891 og fortsette å skrive der fram til 1900. I 1898 vart han hylla over store deler av verda i samband med 70-årsdagen sin. Åtte år seinare døydde han i leiligheita si i Arbiens gate 1 i Kristiania etter ei rad slagtilfelle. Det blir sagt at dei siste orda hans var «Tvert imot!» etter at nokon hadde antyda åt honom at han heldt på og vart betre.

[endre] Verk

[endre] Skodespel

[endre] Brand

Gjennombrotsverket til Ibsen som dramatisk forfattar var Brand frå 1866. Stykket, på vers, handlar om ein strengt rettskaffen prest som stiller eit problematisk hardt krav om konsekvens både til seg sjølv og til sine næraste. Dette kravet fører han til slutt opp i ein umogleg situasjon, men som alltid hjå Ibsen er slutten open, og den avsluttande replikken, «Han er Deus Caritatis [den elskande guden]», kan tolkast på ulike måtar. Ein kan lett fordømma Brand, men Ibsens eigne ord var: «Brand er meg selv i mine beste øyeblikk.»

Stykket vakte både åtgaum og debatt i Danmark og Noreg, og blei den første kommersielle suksessen til Ibsen.

[endre] Peer Gynt

Peer Gynt frå 1867 var ein satirisk fantasi om ein skryteglad egoist, den rake motsetnaden til Brand. Verket var opphavleg eit «dramatisk dikt», men er seinare blitt kjend som teaterstykke. Det henta mykje inspirasjon frå norsk folketradisjon, og er blitt noko av eit nasjonalepos.

Medan Brand var eit drama Ibsen sleit lenge med, kom Peer Gynt omntrent av seg sjølv. Dramaene står i et refleksjonstilhøve til kvarandre, og tek begge opp problema kring val og mangel på val, konsekvent handling eller fråver av konsekvent handling. Filosofisk står begge skodesepal i ein dialog med Kierkegaards eksistensialisme. Stykka gjorde Ibsen til ein kjend dramatiker, og ga han tilstrekkeleg med inntekter.

[endre] Kejser og Galilæer

I 1873 skreiv Ibsen det han selv mente var hans hovedverk, Kejser og Galilæer. Dramaet er skrive i to delar, og handler om keiser Julian «den frafalne», den eksistensielle vegen hans vekk frå kristendommen og det aukande sjølvbedraget hans. Diktverket blir rekna som svært krevjande, men står i direkte samanheng med Brand og Peer Gynt i Ibsen si utvikling som diktar.

[endre] Et Dukkehjem

Et Dukkehjem kom ut i 1878, og er det best kjende Ibsen-stykket, som stadig blir spela verda over. Nora og Torvald lever i eit tilsynelatende lukkeleg og problemfritt ekteskap. Men mangel på tillit og forståing mellom dei gjer at Nora til slutt går frå ektemannen og dei tre barna.

Et Dukkehjem blir ofte tolka som Ibsens innlegg i debatten om kvinna sine rettar og har lenge blitt hylla av feministar som eit stort bidrag til kvinnefrigjeringa. Forfattaren sjølv hevda at stykket handla om individ snarare enn samfunnsspørsmål. Stykket gjorde sensasjon og skapte debatt. Det blei sett opp i Europa og Amerika, og gjorde Ibsen verdskjent.

[endre] Gengangere

Gengangere fra 1881 rører ved en rekke kontroversielle og forbudte temaer som syfilis, incest, ekteskap som institusjon, barn utanfor ekteskap, sosiale konvensjonar som kan øydeleggja fridom og lukke, og ikkje minst aktiv dødshjelp. Gengangere skapte voldsom debatt og blei nekta oppført over store delar av verda.

[endre] Når vi døde vågner

[endre] Dikt

[endre] Terje Vigen

«Terje Vigen» er eit episk dikt som bygger på soger frå Sørlandet under Napoleonskrigane og kornblokaden 1808–1811. Diktet skildrar den personlege tragedien til Terje Vigen og korleis han endeleg finn fred.

[endre] Verkliste

  • 1850Catilina (drama)
  • 1850Kjæmpehøjen (drama)
  • 1852Sancthansnatten (drama)
  • 1855Gildet paa Solhoug (drama)
  • 1857Fru Inger til Østeraad (drama)
  • 1857Olaf Liljekrans (drama)
  • 1858Hærmændene paa Helgeland (drama)
  • 1861Terje Vigen (lyrikk)
  • 1862Kjærlighedens Komedie (drama)
  • 1864Kongs-Emnerne (drama)
  • 1866Brand (drama)
  • 1867Peer Gynt (drama)
  • 1869De unges Forbund (drama)
  • 1871Digte (lyrikk)
  • 1873Kejser og Galilæer (drama)
  • 1877Samfundets Støtter (drama)
  • 1879Et Dukkehjem (drama)
  • 1881Gengangere (drama)
  • 1882En Folkefiende (drama)
  • 1884Vildanden (drama)
  • 1886Rosmersholm (drama)
  • 1888Fruen fra Havet (drama)
  • 1890Hedda Gabler (drama)
  • 1892Bygmester Solness (drama)
  • 1894Lille Eyolf (drama)
  • 1896John Gabriel Borkman (drama)
  • 1899Naar vi døde vågner (drama)

[endre] Bakgrunnsstoff


Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com