Aasta Hansteen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aasta Hansteen (fødd 10. desember 1824 i Kristiania, død samme stad 13. april 1908), var ein norsk kunstmålar, forfattar og forkjempar for kvinnesaka, dotter av Christopher Hansteen. Målarstykka hennar var inspirerte av opplæringa ho hadde i København og i Düsseldorf, og ho har summert opp karriæren sin i si eiga bok Kvinneliv og Kunstnerliv. Eit bilete ho måla av far sin, heng i Nasjonalgalleriet. Ho gjorde seg òg gjeldande som skribent, først under pseudonym med den nynorske boka Skrift og umsskrift i landsmaalet (1862). I Ferdamannen tok ho til orde for ei eiga lesebok på landsmål. I 1878 gav ho ut boka Kvinden skabt i Guds Billede.
Aasta Hansteen bidrog til kvinnesaka først og fremst gjennom innlegg i pressa, og vart kjend i så stor grad at Henrik Ibsen brukte henne som modell for Lona Hessel i sitt skodespel Samfundets Støtter (1877), og Gunnar Heiberg i Tante Ulrikke (1882).
I 1880 emigrerte ho til USA, og vende attende i 1889 med impulsar som ho gav til kjenne i Norsk Kvindesagsforening og ved innlegg i bladet Nylænde. Ho er gravlagd på Vår Frelsers gravlund, og på grava står ein minnestein av Gustav Vigeland. I 1985 vart det avduka ein statue av Aasta Hansteen på Aker Brygge, laga av kunstnaren Nina Sundbye.