Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Lillebil Ibsen - Wikipedia

Lillebil Ibsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lillebil Ibsen (18991989), døypt Sofie Parelius Monrad Krohn, var ein norsk dansar og skodespelar. Ho debuterte som dansar då ho var elleve år gammal, og fekk snart ein strålande karriere i utlandet. Seinare haldt ho seg mest i Noreg som ein anerkjend skodespelar.

[endre] Verdsstjerne som dansar

Ho var dotter av ingeniøren Georg Monrad Krohn og Gyda Christensen, som var skodespelar og instruktør og opphavskvinna til den første norske balletten. Då Lillebil debuterte på Nationaltheatret som Prinsessen på erten i 1911 var det mora som var instruktør.

I dei neste åra fekk «Madame Lillebil» ein eventyrleg utanlandsk karriere. Ho dansa i London og Paris, og møtte mellom anna koreografen Mikhail Fokine og komponisten Igor Stravinskij. 16 år gammal blei ho engasjert av den store iscenesettaren Max Reinhardt i Berlin, der ho blei prima ballerina.

Under Verdsutstillinga i Oslo i 1914 hadde ho møtt og blitt oppvarta av Tancred Ibsen. Dei to gifta seg fem år etter, då Lillebil nett var blitt tjue, og skulle ha eit samliv på nesten seksti år.

[endre] Norsk skodespelarkarriere

Etter giftarmålet ønska Lillebil å slå seg ned i Norge. Ho hadde allereie hatt ei talerolle i Den uskikkelige lille prinsesseNationaltheatret i 1915. I 1923 engasjerte så Centralteatret skodespelaren, først i pantomimespelet Scaramouche med musikk av Sibelius, og deretter i skodespelet Kameliadamen. Året etter spelte Lillebil Ibsen revyar på Chat Noir. Songane, dansane og parodiane hennar blei svært populærte, og ho framførte òg fleire av dei i London, Paris, Stockholm og København.

Etter kvart gjekk ho ifrå dansen og via seg heilt til skodespelaryrket. Ho var knytta til Det Nye Teater frå 1928 til 1956 og var deretter ved Nationaltheatret fram til 1969. Ibsen spelte både i komediar, til dømes Troll kan temmes og Den stundesløse, og i drama, som Mrs. Warrens forretning, Hvem er redd for Virginia Woolf? og ei rekke Ibsen-stykke.

Lillebil Ibsen samarbeidde med fleire fine skodespelarar, mellom anna Gösta Ekman i Den glade enke i Stockholm. Ho hadde eit særleg samspel med Per Aabel. For spelet sitt mot han i Kjære løgnhals fekk ho Kritikerprisen i 1961. Stykket blei sett opp fleire gonger og teke på turné i heile Norge og i nabolanda. Då Ibsen feira syttiårsjubiléet sitt som scenekunstnar, i 1981, spelte ho nok ein gong Mrs. Pat i Kjære Løgnhals.

[endre] Utgjevingar

  • Det begynte med dansen (1961), sjølvbiografi
På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com