Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Slashdot - Wikipedia

Slashdot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Slashdot (ofte forkorta til /.Internett) er ein populær, engelskspråkleg nettstad som hovudsakleg presenterar fleire korte oppsummeringar frå artiklar og historier på andre nettstadar kvar dag. Oppsummeringane inkluderar som oftast relevante lenkjer til historiene og moglegheiter for lesarane til å kommentere. Kvar historie får som regel frå 50 til over 1000 kommentarar, noko som gjer at Slashdot minner om ein blogg. Oppsummeringane er som regel sendt inn av Slashdot sine eigne lesarar. Redaktørar går gjennom bidraga før dei legg ut dei som er mest interessante, noko som tidvis kan vere ein subjektiv prosess. Nokre gonger vert lengre artiklar presenterte, då som oftast film- eller bok-kritikkar, intervju eller "Ask Slashdot"-førespurnadar der brukarane kan be om informasjon og meiningar frå dei andre lesarane.

Nettstaden sitt slagord er "Nyheiter for nerdar, ting som betyr noko" (en:News for nerds, stuff that matters) og vert ofte kritisert for å poste unøyaktige, særs hilda, og/eller fornærmande oppsummeringar som fører til heite debattar i motsetning til seriøse nyheiter og kommentarar (sjå også Slashdot subkultur). Slashdot er også berømt for den relaterte Slashdoteffekta, som ofte uventa overfløymer nettstader med trafikk, noko som tidvis resulterer i nedetid for den råka nettstaden.

Slashdot-relaterte emne

Slashdot-subkultur
Slashdot si historie
Slashdoteffekten
CmdrTaco
CowboyNeal
Anonymous coward
Slashdot-trolling
Trollprat
SlashCode

Den offisielle grunngjevinga for namnet "Slashdot" er at det vart oppfunne for å forvirre folk som prøvar å uttale URL'en til nettstaden (en:h t t p colon slash slash slashdot dot org).

Innhaldsliste

[endre] Nettstaden

Slashdot vart starta i september 1997 av Rob Malda, men er no eigd av Open Source Technology Group som igjen er ein del av VA Software. Nettstaden vert hovudsakleg operert av Malda, Jeff "Hemos" Bates som handterar artiklar, bokmeldingar og sel reklame, og Robin "Roblimo" Miller som hjelper til med å handtere nokre av dei administrative oppgåvene rundt drifta i tillegg til posting av artiklar. (Sjå Slashdot si historie)

Dei artiklane som vert posta og som kanskje ikkje er like interessante for alle, vert gjerne kategorisert i ein underkategori. Historiene på hovudsida vert tekne frå desse underkategoriane i tillegg dei som kun er på hovudsida. I underkategoriane er der ofte mange historier som ikkje kjem på framsida. Desse underkategoriane er Apache (nyhende knytta opp mot Apache), Apple som er nyhende knytta til Apple Macintosh, AskSlashdot der brukarar kan stille spørsmål til andre brukarar, Books som inneheld bokmeldingar, BSD om nyhende relatert til BSD-deriverte operativsystem, Developers retta mot programvareutviklarar, Games omhandlar naturleg nok det meste rundt dataspel, Hardware ser på ymse rundt maskinvare, Interviews med intervju av personar hovudsakleg knytta til databransjen, IT som er ein samlekategori for datarelaterte artiklar, Linux som omhandlar Linux-relaterte saker, Politics omtalar politikk og då særskilt knytta mot teknologi, Science ser på interessante nye oppdagingar og Your Rights Online (YRO) kommenterer saker som har med lov og rett og Internett å gjere.

Det vert ofte sagt at hovudpublikumet til Slashdot er Linuxentusiastar og diverse andre som er entusiastiske for open kjeldekode-røyrsla. Likevel viser ei undersøking på Slashdot at over halvparten av dei besøkjande faktisk nyttar ein variant av Microsoft Windows operativsystemet, og kun ein tredjedel ei eller anna form for Linux. Det må påpeikast at undersøkingar på Slashdot, som stort sett elles på Internett, er svært unøyaktige; i dementien til undersøkinga står det: "Denne tingen er svært unøyaktig. Avrundingsfeil, fleirstemmarar, dynamiske IP-adresser og brannmurar. Du er gal dersom du brukar desse tala til noko viktig." Brukaragentane sine måtar å identifisere besøkjande er kanskje meir truverdige og viser ein mykje større del med Microsoft-kundar. Vidare er mange av historiene knytta til dataspel eller anna programvare søm køyrer på Microsoft Windows, eller sikkerheitsoppdateringar frå Microsoft. Grunnen til at mange likevel trur at Slashdot er Linux-retta kjem av historiske grunnar samt det berømte Bill Gates "Borg" ikonet.

Slashdot-brukarar, populært kalla Slashdottersengelsk, tel over 850 000 registrerte brukarar. Berømte eller godt kjende Slashdot-brukarar inkluderar skodespelaren Wil Wheaton (brukarnamn "CleverNickName"), id Software sin programmerar John Carmack (brukarnamn "John Carmack"), GNOME-medgründer og Mono-sjefsarkitekt Miguel de Icaza (brukarnamn "miguel") og open kjeldekode-evangelist Bruce Perens (brukarnamn "Bruce Perens"). Det er også verdt å nemne deltakinga frå fleire NASA-ingeniørar involvert i prosjekta rundt utforskinga av Mars med roverar.

Programvaren som køyrer Slashdot vert kalla Slash eller slashcode og er utgitt med FSF sin GPL-lisens. Mange andre nettstadar bruker forskjellige tilpassa utgåver av denne programvaren til sine eigne forum.

[endre] Trolling og moderering

Då Slashdot er eit av dei største foruma på Internett, har trolling og spamming vorte eit høgt utvikla fenomen (sjå Slashdot trolling). Det er ein ukonvensjonell og kompleks subkultur som kan involvere repeterande, og av og til obskøne, kommentarar frå ei blanding av Slashdot-kjendisar og andre uvanlege ungdomsverk (en "juvenilia").

Det finnast mange kjende personar frå det eldre trollingsamfunnet til Slashdot. Til dømes starta Craig McPherson dei godt kjende hot grits og naked and petrified meme'ane medan OSM og Trollaxor spesialiserte seg innan bisarr og kreativ fiksjon om diverse Slashdot- og open kjeldekode-personar. SpiralX, Streetlawyer/John Saul Montoya (jsm), Signal 11, Dumb Marketing Guy (dmg), Seventy Percent, 80md med fleire typifiserte den klassiske trollinga både gjennom deira godt kjende kallenamn i tillegg til eit fleirtal psevdonym. Medan alle dei nemnde ovanfor kan vere velkjende for slashdotterar, var den første repeterande syndaren "MEEPT". Før MEEPT sin straum av medvitne postar var det ikkje naudsynt å logge seg inn for å kunne knytte eit namn til ein kommentar. MEEPT var eit av dei siste stråa som førte til pålogging med brukarnamn og passord, og òg etterkvart moderering.

Andre mindre sofistikerte former for trolling på Slashdot, gjerne kalla skitfløyming, inkluderer posting av einlinarar, ASCII-kunst, og anna material. Fleire av desse trolla sette opp Geekizoid, ein nettstad dedikert til å utforske og fostre skitfløymingsmeme'ar. Medlemmar av den tidlegare nemnde klassiske gruppa starta Adequacy.org og fortsatte Geeikizoid sin formel fram til avslutninga. Ein anna nettstad der troll samlar seg er Anti-Slash, og då først og fremst for å erklære krig mot Slashdot.

Slashdotredaktørane vert av og til skylda for å poste (og til og med ynskje) historier som i seg sjølve er dårleg skjulte troll, noko som raskt fører til eit stort tal på svarpostar. Enkelte har også skylda dei for å akseptere særskilde postar frå enkeltpersonar [1].

Den "rosa dødssida" er ein negativt lada funksjonalitet nytta mot IP-adresser som har kontakta Slashdot mange gongar i løpet av ei kort periode. Den dukkar ofte opp hjå mellomtenarar brukt til skitfløyming. Namnet "rosa dødsside" er ein referanse til Microsoft Windows sin blå dødsskjerm, og forhindrar den råka brukaren i å besøkje nettstaden. Tilgang vert kun tillate att dersom eigaren av IP-adressa kan forklare seg ovanfor Malda.

[endre] Karma

Etterkvart som trolling var vanleg, vart eit modereringssystem implementert. I det systemet kan kvar kommentar som vert posta (inkludert dei anonyme) verte moderert opp eller ned av tilfeldig valgte moderatorar, noko som då endrar posten sin poengsum tilsvarande. Slashdotredaktørar, inkludert CmdrTaco sjølv, kan moderere uendeleg mange gongar, medan dei som er tilfeldig utvalde som moderatorar berre kan moderere eit visst antal gonger. Poeng gitt til ein kommentar etter moderering vert også lagt til brukaren sin karmapoengsum. Ein brukar med høg karma vil få ekstra bonusar i systemet, slik som til dømes at kommentarane automatisk startar med ein høgare poengsum. Brukarar med låg karma vil kunne få diverse ulemper knytta til kontoen sin. Det er også fleire som lagar kommentarar spesialdesigna for å få meir karma, til dømes kan dei spegle ei av lenkene i hovudartikkelen. Desse vert gjerne omtala med den nedsetjande termen karmahorer.

Ein gitt kommetar kan ha ein poengsum som er eit heiltal mellom -1 og +5, og Slashdotlesarar kan setje ei personleg grense der ingen kommentarar med poengsum lågare enn den grensa vil verte viste. Til dømes vil ikkje kommentarar med poengsum -1 og 0 vises dersom lesaren har sett grensa si til +1. Moderatorar prøvar ofte å misbruke makta si ved å auke eller senke poengsummen til ein kommentar, og av og til vert heile trådar med kommentarar modererte ned til -1. Dette har ført til at eit metamodereringssystem vart implementert for å kunne moderere moderatorane og hjelpe til med å avgrense misbruk. Metamodereringa verkar ikkje på dei faste Slashdotredaktørane. Dette fører til skuldningar om kommentarar som vert moderert ned av politiske grunnar. Mange har difor bedt om at det vert opna for å vise poengsummane gitt av redaktørane i dei 5 første minutta etter at ein artikkel har vorte posta.

[endre] Sjå også

  • Barrapunto — Ein spansktalande nettstad i Slashdot si ånd
  • PuntBarra — Ein Katalansktalande nettstad i Slashdot si ånd
  • Gildot — Ein portugisisktalande nettstad i Slashdot si ånd
  • Linuxfr — Ein fransktalande nettstad i Slashdot si ånd
  • Symlink.ch — Ein tysktalande nettstad i Slashdot si ånd
  • newz.dk — Ein dansktalande nettstad i Slashdot si ånd
  • SlashCode — Slashdot si kjeldekode

[endre] Samanlikn med

  • Technocrat.net — Eit forum som liknar på Slashdot, men som er meint å vere meir vaksent, administrert av Bruce Perens
  • Kuro5hin — Ein alternativ diskusjonsnettstad starta og besøkt av forviste frå Slashdot
  • Everything2 — Metainformasjonsdatabase køyrt av Slashdot-gründarane
  • Plastic.com — Ein nettstad for politiske nyhende køyrt på SlashCode
  • Digg — Ein nettstad for teknologirelaterte nyhende og lenker posta av brukarar. Køyrt av ein venn av G4TV-stjerna Kevin Rose. Idéen er teken frå Del.icio.us

[endre] På verdsveven

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com