Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
IP-adresse - Wikipedia

IP-adresse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei IP-adresse er eit unikt nummer som identifiserar maskiner (som regel datamaskiner) via Internet Protocol (IP). Slik kan maskiner ha ein referanse til kvarandre når informasjon skal sendast over TCP/IP-baserte datanett. Kvar datapakke bærer med seg IP-adressa saman med den informasjonen som overførast, slik at netteiningane veit kvar dataene skal sendast vidare.

Fordi det er vanskeleg for oss menneske å hugse store mengder numeriske adresser, er det laga eit katalogsystem for å omsette mellom IP-adresser og tekstbaserte adresser, såkalla domenenamn (sjå DNS). Standarden for IP-adresser er utvikla over fleire versjonar.

Innhaldsliste

[endre] Generelt

Kommunikasjonsprotokollen Internet Protocol (IP) indentifiserar kvart nettgrensesnitt for kommuniserande einingar med eit nummer, ei IP-adresse. Innafor eit samanknytta datanett må dette nummeret vera unikt for kvar eining. Det blir ofte knytta eit tekstbasert vertsnamn mot nummeret. Ei eining kan vera sett opp med ei statisk IP-adresse, det vil seie at eininga har alltid har same adresse på nettet, eller få tildelt ei dynamisk IP-adresse som kan variere kvar gong eininga kobler seg til nettet.

Til dømes er det vanleg for internettbrukarar å få tildelt ei dynamisk IP-adresse kvar gong ein kobler seg til nettleverandøren sin.

[endre] IP versjon 4 (IPv4)

IP versjon 4 vart implementert 1. januar 1983 og har vore i bruk for Internett sidan, i tillegg til fortsatt å vera den mest brukte i lokale nettverk.

[endre] Format IPv4

Ei IPv4-adresse er sett saman av fire nummer med punktum mellom. Kvart nummer (IP-segment) kan innehalde verdiar frå 0 til 256, altså tilsvarande ein byte. Sidan ein byte utgjerast av 8 bits, kallast desse segmentene ofte for oktettar. Ei IPv4-adresse inneheld såleis ei datamengd på 32 bits (1 byte = 8 bits x 4 IP-segment = 32 bits), og dette gir berre plass til sjølve nummeradressa - på lik linje med eit telefonnummer.

[endre] IP versjon 5 (IPv5)

Det som ein ville ha kalla IPv5 eksisterte berre som ein eksperimentell datastraumprotokoll kalla ST2. Denne protokollen vart skrinlagd til fordel for RSVP.

[endre] IP version 6 (IPv6)

IPv6 er ein ny standard protokoll for Internett som ikkje er teken mykje i bruk enno. Adressene inneheld 128 bits med data, noko som burde vera tilstrekkeleg i overskueleg framtid, sjølv ved ein sterk auke i tildeling av adresseseriar. Med denne standarden har ein teoretisk kapasitet på nøyaktig 2128, eller omtrent 3.403*1038 unike grensesnittadresser. I dette store adresserommet vil det vera mogleg å legge inn meir ruteinformasjon i sjølve adressene enn ein kan i dag.

[endre] Format IPv6

Ei versjon 6-adresse er skriven som åtte 4-sifra heksadesimale tal skilde med kolon. Dette gir 8 x 16 bits = 128 bits. Ein serie nullverdier pr. adresse kan utelatast (1080::800:0:417A vil vera same adresse som 1080:0:0:0:0:800:0:417A).

Globale IPv6-adresser er sett saman av to delar: ein 64-bits rutedel og ein 64-bits vertsidentifikator.

Adresseseriar blir angitt som for IPv4 i dag: nettnummer følgd av ein skråstrek, deretter det aktuelle talet bits av nettnummeret (på desimal form). Døme: 12AB::CD30:0:0:0:0/60 inkluderar alle adresser som byrjer med 12AB00000000CD3.

IPv6 inneber mange fleire forbetringar i høve til IPv4 enn berre tilgang på fleire adresser, inkludert automatisk renummerering og obligatorisk bruk av sikringsprotokollen IPsec.

[endre] Tildeling

Tildelinga av IP-adresser er fordelt på ulike regionale adresseregistre som på verdsbasis er koordinert av IANA. Desse registra er:

Tildeling skjer frå dei regionale adresseregistra direkte til dei ulike aktørane i nettmarknaden. Ein organisasjon søker om ein serie adresser frå sitt regionale register, og kan så bruke denne serien slik dei ønsker, t.d. leige ut IP-adresser til kunder eller fordele dei på organisasjonsledd. Når ein stor nok del av serien er tatt i bruk, kan organisasjonen søke om ein ny.

[endre] Adressetilgang

Nokre serier er sett til side for bruk som private IP-adresser, regulert i RFC 1918. Dette vil seie at adressene kan brukast fritt, og dermed brukast om att. Desse seriane blir imidlertid ikkje ruta ute på Internettet, men brukast i stort monn i datanett som ikkje er direkte tilknytta det opne nettet, grunna den etterkvart knappe tilgangen på offentlege adresser. Slike nett må bruke nettadresseomsetjing (NAT) for å knytte seg til Internett.

Sidan kvar eining i eit datanett må ha ein unike referanse, er det innafor IPv4-standarden berre tilgjengeleg 4.294.967.296 (drøyt 4 milliardar) unike maskinadresser tilgjengeleg på verdsbasis, noko som ikkje er tilstrekkeleg til å dekke etterspurnaden etter adresser på lengre sikt. Fordi IP-adresser ofte tildelast i serier, har det etterkvart blitt knapt med ledige adresser og presset for ein overgang til den 128-bits versjon 6 aukar stadig.

[endre] Lenker ut

[endre] Referanser

  • RFC 791 "Internet Protocol Specification"
  • RFC 1466 "Guidelines for Management of IP Address Space"
  • RFC 1591 "Domain Name System Structure and Delegation"
  • RFC 1918 "Address Allocation for Private Internets"
  • RFC 2050 "INTERNET REGISTRY IP ALLOCATION GUIDELINES"
  • RFC 2373 "IP Version 6 Addressing Architecture"
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com