Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Dsjengis Khan - Wikipedia

Dsjengis Khan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Djengis Khan (ca 116718. august 1227) var ein mongolsk høvding (Khan), herskar og erobrar av Det mongolske rike. Ved Dsjengis Khan sin død strekte imperiet seg frå det Kaspiske havet i vest til Stillehavet og det nordlege Kina i aust. Under etterkommarane hans vart imperiet utvida enda meir.

Innhaldsliste

[endre] Temüdsjin – barndom og ungdom

Dsjengis Khan sitt barndomsnamn var Temüdsjin. Fødselsåret er ikkje sikkert, men truleg rundt 1167 (andre forslag er 1155 og 1162). Foreldra var Yesukai og Hoelun. Yesukai var stammehøvding for Kiyad mens mora, Hoelun, kom frå stammen Olkunut. Han hadde brørne Kasar, Haji'un og Temuga, søstra Temulin og halvbrørne Belgutai og Bektair.

I en alder av omtrent ni år vart han forlova til Bourtai og han var nokre år i hennar stamme til far hans vart myrda av tilgrensande Tartarer. Temüdsjin vende da tilbake til mor si og familien sin, men var for ung til å kunne hevde seg i arvestridane som oppstod. Det enda med at stammen samla seg om ein ny leiar mens Hoelun og barna måtte klare seg aleine. Dei neste åra var harde og den litle familien overlevde ved jakt, sanking og fiske. Temüdsjin og Kasar skal i denne tida ha drepe halvbroren Bektair. Ein annan viktig episode er at Temüdsjin vart tatt til fange av Taidjutane og var der som slave, med lenkje om halsen, til han greidde å flykte ved at nokon i leiren hjelpte han.

Litt om litt greidde Temüdsjin å samle ein stamme rundt seg og han gifta seg med Bourtai. Kort tid seinare vart ho bortført i eit raid (kanskje ein hemn for at Temüdsjin si mor, Hoelun, vart røva på liknande vis tjue år tidlegare). Temüdsjin kom seg unna og samla saman ein hær av nomadar og gjetarar han personleg rekrutterte, og allierte stammar. Saman henta dei Bourtai tilbake. Sigeren var overveldande og gav meirsmak.

[endre] Stammesamling – Dsjengis Khan

Temudsjin begynte så sakte å byggje seg opp ein maktbase bl.a. ved å knyte seg til sin fars anda (svoren venn) Toghril – Khan over Keratene – også kjend under den kinesiske tittelen Wang Khan som han fekk som offisiell tittel av Jin-imperiet i 1197. Toghril valde Temüdsjin som arvtakar for tittelen etter ei suksessfull herjing av Tartarane i 1202, noko som førte til konflikt med Senggum, Toghril sin arving. Senggum planla å myrde Temüdsjin, noko han ikkje klarte: Temüdsjin sigra over han og dei som var allierte med han, og tok tittelen Wang Khan.

I 1201 vart Jamuka vald som Gur Khan, universell herskar, noko som førte til eit brot mellom han og Temüdsjin. Jamuka samla saman dei stammane som var i opposisjon til Temüdsjin, men dei var ikkje sterke nok, og den siste motstanden opphørte da Jamuka vart fanga og avretta i 1206.

I 1206 var så alle mongolar samla under éin herskar og Temüdsjin valde Dsjengis Khan som tittel (Han er såleis den første og einaste med denne tittelen).

[endre] Erobring av det nordlege Kina og Persia

Etter stammesamlinga gjekk mongolane til angrep utover. Første felttoget var mot Tangut-imperiet i Xi Xia, nordvest for Kina. I 1209 godtok Tangut-keisaren Dsjengis Khans overhøgd.

Neste felttog var mot det kinesiske nordriket, Jin, i 1211-1213. Den mongolske hæren herja og plyndra landet men greidde i denne omgangen ikkje å innta den sterkt befesta hovudstaden Zhongdu. Dei returnerte i 1215 og brente byen ned. (Dagens kinesiske hovudstad Beijing vart seinare bygd i same området, påbegynt av Kublai Khan, Dsjengis Khan sitt barnebarn.)

Keisaren over Jin Xuan Song hadde i mellomtida flykta og flytta sin hovudstad til Kaifeng, der han fekk nokre få år før mongolane kom tilbake.

Det neste store felttoget var vestover i 1219 mot Turkestan, etter at herskaren der drap ei gruppe av Dsjengis Khan sine utsendingar. Heile den mongolske hæren på 200 000 mann, dei fleste til hest, vart så send for å hemne fornærminga. Bukhara, Samarkand og Balkh vart herja og brende (som i klartekst betyr: husa plyndra og brende, mennene drepne og kvinnene valdtatt og selde som slavar).

Etter det vart Persia herja og lagt til imperiet.

Den mongolske hæren returnerte til Mongolia via to vegar, ein sørleg gjennom det nordlege India og ein nordleg gjennom det sørlege Russland. Undervegs vart alle motstandarar utsletta, men nytt land vart i første omgang ikkje lagt til imperiet. Dei to hærane var tilbake i Mongolia i 1225.

[endre] Dsjengis Khan sin død

Dsjengis Khan døydde i 1227 og han vart gravlagd på ein hemmeleg plass i det austlege Mongolia, av eit gravfølgje som drap alle menneske og dyr som kom i vegen deira.

[endre] Etter Dsjengis Khan

Det enorme riket vart etter Dsjengis Khan sin død delt opp i 4 delar, ein til kvar av Burtai sine gjenlevande søner, Jochi, Chagatai, Ogedei og Tolui. Ogedei var offisielt Dsjengis Khan sin etterfølgjar. Søner av andre koner vart gitt høge stillingar, men berre førstekona sine søner vart formelt overhovud.

Mongolkrigane heldt fram med uforminska styrke i lengre tid, i Korea, det sørlege Kina, men spesielt i Persia, Midtausten og Russland var krigane og erobringane langvarige. Eit forsøk på å ta Japan stranda pga. storm (Begrepet Kamikaze, som betyr guddommeleg vind, stammar frå denn hendinga).

[endre] Styresett og samfunnstruktur i det mongolske imperiet

Mongolane er tradisjonelt stammefolk og nomadar, men kom til å herske over gamle høgkulturar, slik som Kina og Persia. Alle imperium som skal vare treng ein administrasjon, og mongolane gjekk etter kvart, etter Dsjengis Khan, inn som eit herskande sjikt i dei underkua rika. Den kinesiske kulturen greidde overraskande raskt å få tilbake overtaket etter dei mongolske herjingane, slik at allereie Kublai Khan må sjåast som ein kinesisk, ikkje ein mongolsk, herskar.

Område i Persia sleit meir med å reise seg igjen etter den mongolske okkupasjonen.

Karakorum, mongolane sin hovudstad under Dsjengis Khan, var ikkje ein by i eigentleg forstand, men meir ein abnormt stor mongolsk teltleir.

[endre] Militær teknikk og organisering

Kjerna i mongolhæren var kavaleri utstyrt med komposittbogar, lanser, spyd og sverd. Dei beherska eit vidt spekter av militære strategiar og var ekspertar i raske angrep, knipetangsmanøvrar og falske tilbaketog for å oppløyse fienden sin stridsorden. I tillegg kom ei omfattande etterretning, i stor grad i form av handelsmenn. Mongolane sitt viktigaste våpen var likevel frykt – folk og herskarar i fiendeland var for paralyserte av frykt til å gjera effektiv motstand, noko mongolane medvite nørte opp under ved massakrar, massevaldtekter, og bruk av levande skjold.

Mongolkavaleriet under Dsjengis Khan var var strengt oppdelt etter titalssystemet, dvs. i einingar på 10, 100, 1 000 og 10 000, hvor 10 000 ryttarar var ei eiga taktisk eining. Etter felttoget i Kina tok dei òg i bruk ei avdeling kinesiske beleiringsspesialistar.

Mongolenes store militære problem før Dsjengis Khan var stammemotsetningar. Dsjengis Khan løyste dette ved organisere hæren på tvers av stammar, dvs. ved å bryte opp stammestrukturen, men utan å bryte ned andre sosiale strukturar – ein høvding var og skulle framleis vera høvding og militær leiar. Dsjengis Khan sitt rykte for å vera ein trufast, storsinna og mektig venn, og ein grufull og omsynslaus fiende, gjorde at svært mange stammefolk slutta seg til han, ikkje berre mongolar, f.eks. bestod store deler av hæren av tyrkiske folk.

[endre] Kjelde

Bokmålswikipediaen [1]

[endre] Eksterne lenkjer

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com