Stord
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Fil:Stord kart.png | |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1221 |
Fylke: | Hordaland |
Administrasjonssenter: | Leirvik |
Flatevidd: | 144 km² |
Folketal: | 16 516 (2005) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.stord.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Magne Rommetveit (Ap) 2003-2007 |
Stord er ein bykommune og ei øy i Hordaland fylke, i Sunnhordland. Kommunen ligg på øya Stord, der byen Stord ligg i sør, og Fitjar kommune ligg i nord. Namnet Stord kjem frå norrønt og tyder den høgreiste.
Kommunen Stord omfattar eit 144 km² stort areal på dei busette øyane Stord, Huglo og Føyno. I tillegg kjem fleire mindre øyar og holmar. Over sund og fjordar kjem ein i aust til Kvinnherad, i sør til Sveio og i vest til Bømlo.
Stord har bystatus. Kommunesenteret heiter Leirvik, på folkemunne kalla «Vikjo». I Leirvik bur det om lag 10 000 innbyggjarar. Sagvåg er nest største tettstad, med om lag 4 000 innbyggjarar.
Aker Kværner Elektro og Aker Kværner Stord sysselset nær 3 000 arbeidarar. Desse føretaka er nært knytt til oljeverksemda i Nordsjøen.
Stord Arbeiderparti er største parti i kommunestyret med 14 av 35 representantar.
Trekantsambandet med bruer og undersjøisk tunnel gjev samband sørover til Sveio på fastlandet og til øykommunen Bømlo. Europaveg 39, hovudvegen mellom Bergen og Stavanger, går over øya. Det finst ferjesamband frå Skjersholmane til Ranavik og Sunde i Kvinnherad, og frå Jektevik til Hodnanes på Tysnes og Huglo. Frå Stord Lufthamn Sørstokken går det dagleg rutefly til Oslo.
Innhaldsliste |
[endre] Aviser
Avisa Sunnhordland kjem ut på Stord.
[endre] Historie
Stord kommune vart oppretta i 1938, som følgje av formannskapslovene av 1837. Fitje vart skilt ut som eigen kommune i 1860, og Valestrand i 1868.
[endre] Kjelder
[endre] På verdsveven
|