Ullensvang
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Fil:Ullensvang kart.png | |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1231 |
Fylke: | Hordaland |
Administrasjonssenter: | Kinsarvik |
Flatevidd: | 1395 km² |
Folketal: | 3 517 (2005) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.ullensvang.herad.no |
Politikk | |
Ordførar: | Solfrid Borge (Sp) 2003-2007 |
Ullensvang herad ligg i Hardanger i Hordaland fylke. Ullensvang er ein av dei kommunane i landet som nyttar nemninga «herad» i staden for «kommune».
Heradet grensar i nord mot Granvin herad og Ulvik herad, i nord og aust mot Eidfjord kommune, i aust mot Vinje kommune i Telemark fylke, i sør mot Odda kommune, og i vest mot Jondal kommune. Vest for Hardangerfjorden ligg Kvam herad og Voss kommune. Lokalavisa Hardanger Folkeblad («Folkablae»), som kjem ut i Odda, dekkjer Ullensvang herad, tidlegare var det også ei lokalavis som kom ut på Lofthus, Hardanger («Harinjen»).
Kommunen heitte fram til 1870 Kinsarvik, då skifta kommunen namn til Ullensvang. I 1913 vart så Ullensvang delt i tre, Odda, Ullensvang og Kinsarvik. I 1964 vart Ullensvang slege saman med Åsgrenda frå Kvam herad, Eidfjord kommune og Kinsarvik herad med unntak av Kvanndalsområdet på nordvestsida av Hardangerfjorden. Eidfjord vart skild ut att som eigen kommune i 1977.
Heradet ligg på båe sider av Sørfjorden i Hardanger, på sør- og nordsida av Utnefjorden, på vestsida av indre Samlafjorden, på vest- og austsida av den sørlege delen av Eidfjorden. Langs Samlafjorden ligg gardane Litlås og Storås, Kvalvik, Alsåker, Vines, Lothe og Hesthamar. På sørsida av Utnefjorden ligg Utne, på nordsida Tjoflot og Ulgenes. På vestsida av Eidfjorden ligg Kaland og Djønno, på austsida Ytre Bu og Ringøy. Nordaust for innlaupet til Sørfjorden ligg Kinsarvik. På austsida av Sørfjorden ligg Urheim, Lutro, Lofthus, Opedal, Børve, Sekse, Hovland, Espe og Fresvik. På vestsida av Sørfjorden, nordover frå Odda mot Utne ligg Kvitno, Eikhamrane, Måge, Lindvik, Gjertveit, Bleie, Kambastad, Reiseter, Måkastad, Kvestad, Vikebygd, Nå, Åkre, Skåltveit, Kråkevik, Rogdo, Rogdaberg, Aga, Velure, Jåstad, Brandstveit, Haustveit, Hauso, Råe, Grimo, Langaseter, Nes, Meland og Trones. Nordre snutten av Folgefonna ligg i heradet. Mykje av vestsida av Hardangervidda utgjer størstedelen av arealet til heradet og over 80% av arealet i Ullensvang ligg 900 meter eller meir over havet. Det meste av jordbruks- og skogbruksarealet er brattlendt, ofte svært brattlendt.
Heradet er kjend for jordbruk og fruktdyrking, og for fruktbløminga om våren. Mange av gardbrukarane driv med ein kombinasjon av fruktdyrking og sauehald. Turisme er den andre viktige næringsvegen.
[endre] Kultur
Ullensvang har dei siste åra fått fleire årlege festivalar. Blømingsfestivalen føregår i Kinsarvik i mai. Her møtest spelemenn og danseglade publikummarar kvart år for å ta del i Vestlandsmeisterskapen i gamaldansmusikk. Hardanger musikkfest er ein kammermusikkfestival som kvar pinsehelg byr på konsertar, vandringar og seminar. Han strekkjer seg over tre kommunar med hovudsete på Lofthus. Morellfestivalen vert skipa til på Lofthus siste helga i juli. Det er ein folkefest med revy, musikk og salsboder.
[endre] Kjende personar som er knytt til Ullensvang
- Haldor Larsen Børve - arkitekt
- Bergfrid Fjose - politikar
- Zinken Hopp - forfattar
- Lars Jaastad - forfattar
- Lars Kinsarvik - treskjerar og møbelmakar
- Halldor Meland - spelmann
- Magne Skodvin - historikar
- Lars Utne - bilethoggar
- Arild Helleland - Operasongar
|