Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Inkvisisjonen - Wikipedia

Inkvisisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Inkvisisjonen var ein permanent institusjon i den katolske kyrkja oppretta i 1184. Han var ansvarleg for å nedkjempe kjetteriet. Namnet er eldre, og var bruka om ein romersk rettsprosedyre, inquisitio.

Fraksjonering av dei kristne kyrkjene har eksistert sidan starten på kyrkja. Den greske nemninga for kjetteri er haeresis og betyr sekt, trusretning, skole. Apostelgjerningane 15 fortel om samling av eit råd i Jerusalem for å ta hand om den jødekristne fraksjonen som skapte kløyving av kyrkjesamfunn i Litleasia, og da særleg eit område kalla Galatia Det moderne Ankara, Tyrkia sin hovudstad, ligg i dette området, jf. Paulus sitt brev til galatarane.

Etter at Konstantin I, også kalt den første kristne keisar, saman med sin medherskar Licinius, gjorde Romarriket kristent gjennom Milanediktet, for så å ta initiativ til det berømte kyrkjemøtet i Nikea (325), vart den lokale administrative strukturen i kyrkja samla i ein hierarkisk organisasjon i Roma, basert på den patriarkalsk-militaristiske romerske Mithrasordenens organisasjonsstruktur.

På kyrkjemøtet i Nikea i 325 vart den kristne trusvedkjenningslæra i vesentleg grad institusjonalisert og den katolske kyrkja økumenisert (økumeni av gresk Oikomene: verdsomspennande/det som verda eller huset består av). Ein av følgjene var den arianske kontroversen, der den såkalla arianismen (etter biskop Arius) blir erklært som vranglære. Også den egyptiske koptiske kyrkja m.fl. fall utanfor den katolske økumenien etter dette første «verdsomspennande» kristne konsilet. Arianerkjetteriet vart etter kvart utrydda, mens koptarane har overlevd, kanskje paradoksalt nok redda av islam si spreiing til Egypt på sjuhundretalet.

Det romerske imperiet opprettheldt slik evna til å nedkjempe vranglære. Dei kyrkjene som avveik tilstrekkjeleg frå den romerske ortodoksien, sørgde ein for å bringe inn i folden med dei midla som var nødvendige.

Ikkje usannsynleg kjem sjølve nemninga kjettar via tysk, av katar. Katarane var ei religiøs kristen, gnostiskliknande rørsle som oppstod på 1100-talet, parallelt med riddarvesenet, trubadurane og kjærleiksdiktinga i det noverande sørlege Frankrike, den gongen hovudsakleg i Provence. Dette området var da kristendommen sine grensetrakter mot det maurisk-muslimske Spania. Det var først på bakgrunn av det albigensiske kjetteriet som det også vart kalla (etter den franske byen Albi), at Inkvisisjonen vart ei permanent ordning sett i system for å ta hand om problemet. Da Inkvisisjonen begynte på 1100-talet, trong kyrkjeråda sekulære herskarar til å forfølgje kjettarane.

Den første av inkvisisjonane i mellomalderen, kalla den episkopale inkvisisjonen, vart stifta i 1184 etter eit brev frå paven, ein såkalla paveleg bulle, kalla Ad abolendam, «til formålet å bli kvitt det». Inkvisisjonen var eit svar på katarane sitt aukande kjetteri i Sør-Frankrike. Han vart kalla episkopal fordi han vart administrert av lokale biskopar (latin episcopus). Den episkopale inkvisisjonen var av mange grunnar lite effektiv (sjå en:Medieval Inquisition). Den pavelege inkvisisjonen i 1230-årene vart sett i verk da den episkopale inkvisisjonen feila. Han bestod av profesjonelle som var trena spesielt for å gjera jobben etter paven sine ønske. Enkeltpersonar vart valde ut frå forskjellige ordnar og blant sekulære kyrkjetenarar, men dei kom primært frå Dominikanerordenen, som hadde ei rekkje passande eigenskapar.

Etter det 13. hundreåret spreidde inkvisisjonen seg nordover til Tyskland og Skandinavia. I Nord-Europa var inkvisisjonen monaleg mildare. I dei skandinaviske landa hadde inkvisisjonen lite å seie. I Noreg verka han aldri, og dei første hekseforfølgingane her i landet begynte først etter reformasjonen. Inkvisisjonen vart aldri etablert i England, men Christofer Columbus tok han med seg over Atlanterhavet. På slutten av 1400-tallet var den spanske inkvisisjonen blitt uavhengig av Roma. Deira handtering av konverterte muslimar, jødar og illuministar er med sine offentlege avstraffingar (sjå «auto da fe») eit særleg mørkt kapittel.

Pave Paul III etablerte i 1542 ei permanent samling av kardinalar og andre med kyrkjelege embete med oppgåva "å bevare og forsvare trua sin integritet og å undersøkje og fordømme feil og falske doktrinar".

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com