Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Diskusjon:Hovudside - Wikipedia

Diskusjon:Hovudside

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

For press contact see Wikipedia:Press. For other contact see Wikipedia:Embassy or the Village Pump.

Denne sida skal nyttast først og fremst for å diskutera forma/designet på hovudsida. Ver vennleg og les dette før du legg inn kommentarar på denne diskusjonssida:

  • Dersom du trur kommentaren din er generelt for Wikipedia, og ikkje har noko direkte med framsida å gjera, gå til Samfunnshuset og skriv kommentaren din der.
  • Dersom du ønskjer å læra meir om dei ulike funksjonane til sida, gå til Wikipedia:Hovudside, eller direkte til Wikipedia-diskusjon:Hovudside for å kommentera eller diskutera funksjonelle aspekt ved sida.

Saknar du gamle kommentarar? Dei har anten vorte flytta til Diskusjon:Hovudside/Arkiv eller til diskusjonssidene til dei ulike malane for kommentarar som gjekk direkte på innhaldet i dei (sjå lista ovanfor).

Innhaldsliste

[endre] Nytt format på framsida

Hei, eg har brukt ein del tid i dag på å gjera framsida ennå meir innbydande. Enkelte av forandringane er ganske drastiske som de sikkert har sett allereie, og eg er ikkje sikker på alle er samde i det eg har gjort. Eg skal skriva litt om alle forandringane og kva dei kjem til å bety for alle som driv med oppdatering av framsida. Først må eg ta meg ein matbete. :) Bjarte 25. mar 2005 kl. 0843 (UTC)

Dette ser bra ut! Det einaste eg har å seia på utforminga er at høgrespalta er kortare enn den venstre, slik at det blir eit tomrom nedst. Ser dette slik ut for andre òg? Me kunne kanskje legga småskriftdelen av innleeinga der, eller nyheiter (frå verda, og ikkje berre wikiverset)? -- Ranveig 25. mar 2005 kl. 0946 (UTC)
Ja, høgrespalta er for augneblinken kortare, men ramma til denne er like lang som venstrespalta. Det ser ein heil del finare ut, tykkjer eg (teke frå :en), men det krever at vi prøver å fylla dei spaltene nokolunde likt opp. Du har sikkert rett, det er vel på tide me får verdsnyhende på framsida, me òg. Denne kan i så fall gå øvst, slik ho gjer på :no og :en. Bjarte 25. mar 2005 kl. 1010 (UTC)

Eg lagar ei side Wikipedia:Hovudside der eg kjem til å leggja ut instruksar og tekniske forklaringar om framsida. Eg føreslår at me fortset og diskuterer designet på framsida (eller form om du vil) her på Diskusjon:Hovudside, men at me diskuterer funksjonen til framsida på Wikipedia-diskusjon:Hovudside. Bjarte 25. mar 2005 kl. 1017 (UTC)

Frå innleiinga øvst: "Me har ei liste over artiklar VI bør ha.." Når det står "me" i resten av teksten bør det stå "me" i denne lenkja og, synest eg. --Erling 25. mar 2005 kl. 1054 (UTC)
Samd. Skal ordna med det :) Gå og til Wikipedia:Hovudside for å finna ut koss de kan forandra slike ting sjølv :) Bjarte 25. mar 2005 kl. 1113 (UTC)

[endre] Bra ny framside!

Start på bolk frå perioden 25. mars – 2. april 2005, flytta frå Samfunnshuset av Eddi (Snakk) 30. august 2005 kl. 09:49 (UTC)

Flott at nn.wikipedia går føre med eit godt døme når det gjeld wikipedisk samarbeid i skandinavia! Applaus for BjarteSorensen :) kurtber 25. mar 2005 kl. 1331 (UTC)

:P Takkar for det. Vonar ikkje nokon har noko i mot at eg sette det heile i gong utan å rådføra meg. Uansett må mange andre også få ros for idéar for samarbeidsløysingar - Wolfram, Profoss, Olve, Wintermute, Guttorm og Ranveig berre for å nemna nokon - og det må seiast me har ennå mange ting som kan gjerast. Kom gjerne med forslag på Wikipedia:Skanwiki. No går eg og legg meg, og veit eg kjem til å sova godt. I morgon må eg ut å gå ein lang tur! :) God natt! Bjarte 25. mar 2005 kl. 1347 (UTC)
Glimrings! --Eddi (Snakk) 25. mar 2005 kl. 1428 (UTC)
Fin innsats, Bjarte!!! :-) -- Olve 25. mar 2005 kl. 1746 (UTC)
Seint, men godt: Framsida vart svært ryddig og flott! --Bep 2. apr 2005 kl. 1956 (UTC)

Slutt på bolk frå perioden 25. mars – 2. april 2005, flytta frå Samfunnshuset av Eddi (Snakk) 30. august 2005 kl. 09:49 (UTC)

[endre] Størrelsar på bilete

Nett no har alle bileta på framsida den samme breidda, 120px, og det ser ganske ryddig ut. Eg føreslår at så lenge me skal ha bilete både i venstre og høgre spalta at me fortset med det mesteparten av tida. Eit unntak kan vera viss breidd:høgd-forholdet er særs høgt ("landscape") i staden for lågt ("portrait" eller kvadratisk), då kan det nok lønna seg å gå opp til ei større breidd, t.d. 180px (særskilt i Vekas artikkel). Bjarte 25. mar 2005 kl. 2204 (UTC)

[endre] Bileta på hovudsida er krympa

På den PC'en eg sit no er alle bileta i halv høgd eller mindre. Slik var det ikkje på fredag. Er det ein mal som er endra? Hogne 4. juli 2005 06:51 (UTC)

Dette er i orden no! Hogne 4. juli 2005 08:43 (UTC)

[endre] Wikipedianytt vs. Visste du at

Mi meining er at «Visste du at» burde stå over «Wikipedianytt». Wikipedianytt er jo ikkje så interessant for ein tilfeldig besøkande. Men småstykkene i «Visste du at» er det. Andre meiningar? --Kristian André 29. mar 2005 kl. 2258 (UTC)

Ja eg er heilt samd, eg tenkte på det i går faktisk, og skulle forandra det, men må ha gløymt det ut og gjort noko anna! :) Eg forandrar det nå, så for me sjå kva folk meiner om det etter kvart. Bjarte 29. mar 2005 kl. 2303 (UTC)

[endre] Alfabetisk kategoriliste > Alfabetisk artikkelliste?

Eg gjer framlegg om at lenka på framsida under kategoriane blir endra frå Spesial:Categories til Spesial:Allpages, og lenketeksten endra i samsvar med dette. Det at lenka står nettopp rett under kategoriane kan tala mot dette, men eg personleg tykkjer dette ikkje blir forvirrande uansett. Bakgrunnen for framlegget mitt er at den noverande lenka er lite interessant, i og med at ein må blada seg gjennom ekstremt mange talkategoriar før ein kjem til noko anna (berre prøv å klikke på Categories-lenka over!). Allpages-sida er greiare å klikke seg vidare frå. --Erlend 10. jun 2005 kl. 1819 (UTC)

Eg ville ikkje føreslått dette før eg gjorde det, men så er jo eg administrator då, så eg kan skjønna det dersom tykkjer det er best å spørja først ;]. For min del må du berre gjera det, og dei som ikkje likar det kan jo berre gjera det om... kanskje ein kan ha lenkjer til båe sidene? --Guttorm 10. jun 2005 kl. 1843 (UTC)
Ok, da endra eg det, eg. :) Tykte det var best å spørje først, ja, når det var O store hovudsida... Kan vel iallfall vera sånn fram til "insektet" (som du kallar det) på Spesial:Categories blir retta! :) --Erlend 10. jun 2005 kl. 1901 (UTC)

[endre] Hvem rota til forsida?

Start på bolk frå 19.-20. juni 2005, flytta frå Samfunnshuset av Eddi (Snakk) 30. august 2005 kl. 09:49 (UTC)

Og hvordan søren klarte de det? Jon Harald Søby 19. jun 2005 kl. 1146 (UTC)

Det rare er at viss ein ikkje er innlogga ser hovudsida heilt normal ut. Men innlogga er det bare rør (eg har Firefox 1.0.4 under Linux (Fedora Core 3)). --KRISTAGAα-ω 19. jun 2005 kl. 1159 (UTC)
For meg (via eldgamle Opera 7.54 3865a, Windows XP ) ser alt heilt greit ut. --Jorunn 19. jun 2005 kl. 1217 (UTC)
Og plutseleg var alt i orden igjen. Mystisk. --KRISTAGAα-ω 19. jun 2005 kl. 1306 (UTC)

Utan at eg veit noko som helst om kva som kan ha hendt, reknar eg med at det kan ha vore HTML Tidy som ikkje var på på maskina som genererte sida til dykk. HTML Tidy ryddar opp i dårleg HTML kode slik at den (oftast) blir slik den skal vera. Grunnen til at det var rotete når ein logga inn og som vanleg når ein ikkje var logga inn er nok at når du er innlogga må sida genererast kvar gong du spør etter henne, medan anonyme brukarar får sida frå mellomlageret åt tenarane (squid-tenarane). Mellomlageret åt tenarane er ikkje alltid oppdatert, difor har me "oppdater hovudsida"-lenkja på "siste endringar". --Guttorm 19. jun 2005 kl. 1907 (UTC)

Takk til Guttorm for eit informativt svar!
--Verdlanco\ordskifte 20. jun 2005 kl. 0727 (UTC)
Berre ein liten kommentar: Eg tykkjer det hadde vore fint at me held simple banneord vekke frå Wikipediadiskusjonar (sjølv om dei kan hende har ein plass i nokre få artiklar). Ovannemnde banneord let gjerne ikkje så gale på norsk for mange(?), men det høyrer likevel ikkje til her. Det let slettes ikkje godt i dei (halv-engelske) øyrene mine. Bjarte 20. jun 2005 kl. 0723 (UTC)
Einig med Bjarte. Hugs at Samfunnshuset er ein del av Nynorsk Wikipedia og at det vi skriv her faktisk er «utgjeve» av oss og dermed er med på å bestemme kor seriøst folk tek oss. -- Olve 20. jun 2005 kl. 0731 (UTC)
Einig eg au, justerte tittelen på bolken til ein litt meir almenn brukeleg form. --KRISTAGAα-ω 20. jun 2005 kl. 1200 (UTC)

Slutt på bolk frå 19.-20. juni 2005, flytta frå Samfunnshuset av Eddi (Snakk) 30. august 2005 kl. 09:49 (UTC)

[endre] Flytting

Eg veit ikkje om nokon andre wikipediaer som har gjort det, men sidan dette ikkje er ein artikkel burde ikkje hovudside flyttast til Wikipedia:hovudside? Det som er der no kan flyttast ein annan stad. --Guttorm 15. sep. 2005 kl. 15:36 (UTC)

Spenstig framlegg, men ikkje heilt i det blå. Hovudsida er ei jo slags blanding av redaksjonelt innhald og meta-innhald. Nokon typisk artikkel er det definitivt ikkje, og kva for namnerom ein skal velja er eit godt spørsmål. Veit du om det har vore noko ordskifte om namnerom på en:Talk:Main Page eller andre stader? --Eddi (Snakk) 2. okt. 2005 kl. 00:02 (UTC)
Nei, eg trur ikkje eg har sett dette drøfta nokon annan stad. --Guttorm 29. okt. 2005 kl. 22:55 (UTC)
Eg kan ikkje skjøna anna enn at Guttorm har rett: Under «Hovudside» skulle ein jo tru at det eventuelt låg ein artikkel om hovudsider! Hovudsida for Wikipedia er ei metaside og høyrer difor utvilsamt meir heime på Wikipedia:Hovudside enn på Hovudside! Bra observert!
No ligg det alt ei side på Wikipedia:Hovudside. Men dét er ei meta-metaside, og difor synest eg ho heller burde liggja under Wikipedia-diskusjon:Hovudside.
--Verdlanco\ordskifte 2. okt. 2005 kl. 12:34 (UTC)
Ingen imot? Tykkjer framlegget åt Verdlanco er bra. --Guttorm 29. okt. 2005 kl. 22:55 (UTC)
Godt tenkt, og isolert sett heilt logisk. Men dette er ei svært sentral side og vi lyt tenkje ekstra godt gjennom kva vi gjer. Eitt av problema vi får da er at det ligg ein god del lenkjer til Nynorsk Wikipedia ute på nettet (og lokalt her) som viser til http://nn.wikipedia.org/wiki/Hovudside . Ein grunn til at desse lenkjene finst er at det går fortare å opne sida med den tittelen enn med berre http://nn.wikipedia.org/wiki/ . Dette er altså éin av grunnane til at eg trur vi bør tenkje grundig gjennom dette før vi eventuelt gjennomfører endringa. Vi bør òg tenkje gjennom om vi eigentleg treng nokon artikkel om ordet «hovudside»... (Trur kanskje den artikkelen hører meir heime på http://nn.wiktionary.org ) -- Olve 30. okt. 2005 kl. 00:49 (UTC)
Ja, det hastar ikkje, og bør nok tenkjast godt gjennom. Kva meinar du med at det går fortare å opne sida med den tittelen enn med berre ...? [[:nn:]] er då kortare og fortare enn nn:hovudside, og likeeins i http...-lenkjer? Eg tenkjer meg at hovudside skal omdirigere til wikipedia:hovudside, og det kan den fortsettje med veldig lenge. --Guttorm 30. okt. 2005 kl. 09:00 (UTC)

Frå wikitech-l:

Message: 4
Date: Wed, 16 Nov 2005 06:03:07 +0000
From: ?var Arnfj?r? Bjarmason <avarab@_____.___>
Subject: Re: [Wikipedia-l] Main Page under a namespace
To: wikipedia-l@wikimedia.org
Message-ID:
        <51dd1af80511152203g68f31895h516aa5b68aacdbde@___.___.___>
Content-Type: text/plain; charset=ISO-8859-1

On 11/16/05, Puzzlet Chung <puzzlet@gmail.com> wrote:
> Korean Wikipedia is seeking for new name for the Main Page, for
> ambiguity of the term we've chosen. Some support to put it under a
> namespace like Wikipedia: or Portal:(which hasn't been created yet),
> but I haven't seen any other Wikipedia had done it before. Is it OK 
to
> put Main Page under a namespace?

Currently the name of the main page and its url are the same, so this
would require a change in the software (split them into visible text &
url).

[endre] Vandalism report

A vandal from an anonymous IP (131.111.203.154) blanked my user page and left a profane remark.

It's not a big deal, but if someone could make sure an administrator knows about it, I would appreciate it. Also, if you would let me know the proper place here at nn:wiki to report vandalism in the future, I would be most grateful.

You may reply on this page, or on my English or Norsk talk pages.

Kind regards,

paul klenk en:?!

Vandalism noted. I won't block the IP unless more vandalism occurs. You can always get hold of any of us at Wikipedia:Samfunnshuset, our village pump equivalent. Bjarte 5. okt. 2005 kl. 09:25 (UTC)

[endre] Tilbakevending til hovudsida etter redigering av bolk?

Når ein står på hovudsida og velgjer å redigera ein bolk, så ville det vera naturleg om ein kom tilbake til hovudsida etter å ha redigert ferdig. Slik det er no, kjem ein berre til den nye versjonen av bolken. Kan det gjerast noko med [endre]-lenkjene i hovudside-malane? --Eddi (Snakk) 14. okt. 2005 kl. 02:11 (UTC)

[endre] Erstatte eine vekas artikkelbolken med ny-artikkel-funksjon?

Som eg har skrive på maldiskusjon:velkommen så kunne eg tenkt meg å korta endå meir inn på hovudsida, først og fremst ved å berre ha ein skanwiki-utvald-artikkel (som vekslar mellom svensk og dansk) i tillegg til bokmålsartikkelen. No har eg funne endå ein grunn til å gjera dette. Eg tenkte kanskje det kunne vera ein idé å leggja til ein slik lag-artikkel-funksjon som dei har på en.wikinews. Eg har difor kopiert frå [1] i bolken under og omsett, kva tykkjer de? (det er mykje som kan fiksast og forbetrast) --Guttorm 29. okt. 2005 kl. 23:07 (UTC)

Eg veit at dette skal vera "uwiki" (og eg er jo normalt mot alt som er "uwiki") sidan det gjerne fører til at dei nye artiklane får dårleg formulerte titlar og blir "foreldrelause" ved at det ikkje er andre artiklar som lenkjer til dei, men dette trur eg me fort skal klara å ordna opp i med kryssreferansar, flytting, omdirigeringar osb. Slik eg har forstått Trond og andre er det uansett ofte ein slik foreldrelaus metode som blir bruka. --Guttorm 29. okt. 2005 kl. 23:10 (UTC)

[endre] Lag ny artikkel

Skriv inn ein tittel i boksen under:


Also check the list of new pages to see whether someone else has started an article on the subject.
Help and advice
Har dessverre lite sans for denne idéen. Som du seier, så er han «uwiki». Eg synest ikkje det er rett å taka ut svensk og dansk som faste artiklar og samtidig halde på bokmål. (Synest derimot godt vi kan gjera skrifta i nokre eller alle av dei eksterne artiklane mindre.) Og eg trur ein «ny artikkel»-snarveg er fullstendig unødvendig (ein får allereie ein liknande dialog ved vanleg søk) og er den ideelle oppskrifta til unødig rot i systemet. Beklagar. :] Olve 30. okt. 2005 kl. 00:06 (UTC)
Som både du og eg seier så er dette noko brukarar ofte kjem fram til ved søk. Slik sett er det allereie lagt opp til "rot i systemet", eit rot som eg trur me allereie taklar veldig bra. Ein slik funksjon ville gjera det mykje meir opplagt for nye brukarar korleis dei kan bidra, for dei fleste er det heilt i det blå korleis dei kan bidra (difor tenkjer eg òg på å forandre "endre" til "endre denne sida"). Hugs også at med denne funksjonen så kan sida fyllast med standard malar (sjå på koden under og prøv på en.wikinews) noko som gjer det endå lettare, og kanskje kan vera med på å gje nye brukarar ei lita innføring i wikisyntaksen. Kva med å prøve ei stund? --Guttorm 30. okt. 2005 kl. 09:00 (UTC)
Eg skal òg gjerne vera med på endringar på framsida. Presentasjon er noko av det viktigaste verkemiddelet me har for å auka aktiviteten her. Eg har ikkje talet på kor mange gonger eg har vegra meg for å kjøpa eit produkt, tilby mine eigne tenester osb på grunn av eg følte det var lagt lite arbeid i webdesign.
Enkelte ting likar eg ikkje:
  • Mindre skrift på dei ikkje-nynorske artiklane. Ein viktig tommelfingerregel for folk som driv med "Desktop Publishing" er at ein ikkje bør nytta meir enn fire fontar på same sida (då snakkar ein ikkje berre om teiknsettet, men òg storleik, kursiv osb.). Det blir veldig rotete, uoversiktleg og ser mindre profesjonelt ut med fleire.
  • Å ta vekk tomrom me har i dag. Tomrom er òg særs viktige i presentasjonen.
Idéar ovanfor eg tykkjer om:
  • Veksling mellom dei tre skandinaviske artiklane på hovudsida. Dette gjer dei med godt hell på da, og det har vore snakk om å gjera det på :no òg. Eg har ein god idé for korleis ein enkelt kan implementera dette i dag, utan å måtta redesigna heile systemet vårt. Ein fortset med å leggja inn artiklane der me gjer det no, medan ein lagar ein mal for kvar dag der ein rullerer gjennom desse. Dersom me bestemmer at kvar dag i veka får sin eigen artikkel, treng ein berre laga sju malar. Eg føreslår bokmål på måndag, torsdag og søndag, dansk på tysdag og fredag og svensk på onsdag og laurdag.
  • Lag ny artikkel: Dette er interessant, for det kan vera med på å rekruttera ein del nye. Det tok meg ganske lang tid i byrjinga å finna ut korleis ein skulle laga ein ny artikkel. Dette krever litt meir arbeid for oss meir erfarne, men nye skribentar kjem nok fort nok inn i tralten.
  • Å leggja hovudsida på Wikipedia-namnerommet er ingen dum idé, då med ein omdirigering frå Hovudside går eg ut i frå. Det er vel av historiske grunnar at ho har hamna der ho er nå på alle wikipediaene. Men at me skal skilja oss ut frå alle andre på dette punktet veit eg ikkje om er så utruleg smart. Me kan venta å sjå litt kanskje?
Andre idéar eg har:
  • Ta bort meta-nyhendene. Desse er av begrensa interesse for andre enn oss som allereie har vorte godt involverte, og då er det ikkje noko problem om desse ligg på ei anna side.
  • Ta bort interwiki-lista på framsida. Eg trur ikkje denne legg til ekstra funksjonalitet sidan me har så mange andre lenkjer til andre wikiar på hovudsida likevel (jf. velkommen-malen, lenkjesamlinga på botn av sida og lenkje under utvald artiklar). I tillegg kan vi ha ei side med lenkjer til ALLE wikipediaer (og andre wikimedia-prosjekt) på ei eiga side, og denne kan lenkjast til i lenkjesamlinga på botn. Ved å ta vekk denne lista, slepp ein det noko uprofesjonelle store tomrommet på botn.
Ved å implementera forandringane ovanfor, ender me opp me 2 x 2 bolkar på framsida, pluss velkommen-malen på toppen og lenkjesamlinga på botn. Eg trur det kan verta veldig fint. Eg skal freista ordna med det nå, om folk likar det så kan det få stå, viss ikkje kan det omgjerast. Bjarte 30. okt. 2005 kl. 08:07 (UTC)
Eg likar alle ideane dine, men er ikkje sikker på om alle interwikilenkjene treng fjernast. --Guttorm 30. okt. 2005 kl. 09:00 (UTC)
Hovudsida no er mykje betre! Då står det berre att å få inn ein betre interwikibolk og kanskje få snike inn ein slik ny artikkel-funksjon ein stad. --Guttorm 30. okt. 2005 kl. 09:07 (UTC)
Det er greitt at lita skrift-idéen ikkje slår an. :) Men eg tykkjer nok det vart litt valdsamt å gå til så drastiske endringar som dette (fjerning av faste vekas artiklar frå alle skandinaviske, fjerning av alle interwikilenkjer) utan litt meir tid til diskusjon først. Når det gjeld fjerning av interwikilenkjer, så synest eg det blir heilt feil å taka dei bort når resultatet blir som det er no utan lenkjer til dei viktigaste innvandrarspråka våre på hovudsida. Når det gjeld «Ny artikkel-boksen», så synest eg heller at han hører heime på søkje- og nulltreff-sidene. Eg er einig i at det var tungt for nye brukarar å finne ut korleis ein laga nye artiklar slik det var for eit års tid sidan. Men sidan den tid har vi da fått lenkja «Opprett denne artikkelen» på søkje- og nulltreffsidene. No innser eg sjølvsagt at verken Bjarte eller Guttorm eller eg eller nokon andre har vetorett her. Men kan vi ikkje diskutere dette med interwikilenkjene o.a. først? :) ? (Mitt forslag ville vera å halde på alle dei nordiske nasjonal-, urfolk- og nasjonale minoritetsspråka, dei viktigaste internasjonale støttespråka og dei ca ti største innvandrarspråka i Noreg. Det vil redusere lista kraftig, men ikkje utradere ho... Olve 30. okt. 2005 kl. 11:59 (UTC)
Eg føreslår at du støttar opp forslaga dine med endringar. --Guttorm 30. okt. 2005 kl. 12:26 (UTC)
Har gjort det no. Sett inn eit mindre utval av interwikilenkjer. Eit par til kan nok setjast inn. T.d. vil det truleg snart bli ein vlax romani-wikipedia — relevant for ein norsk/svensk nasjonal minoritet. Men hugs altså at denne interwikilenkjelista òg er eit forslag som kan diskuterast og endrast på. :-) Olve 30. okt. 2005 kl. 13:13 (UTC)
Fint det ... :) Eg visste sjølvsagt at det var drastiske forandringar eg gjorde på alle felt, men om folk ikkje er samde så er det berre å revertera, eller plukka attende det ein ønskjer. :)

[endre] Interwikiliste og lenkjer til språkgrupper

Eg tykkjer faktisk at Interwiki-lenkjene på framsida kan fjernast til fordel for "Wikipedia i norden og nærområda", som ligg nedst på framsida nett no. Der har vi ei forklarande og oversiktleg lenkjesamling. Eg trur interwiki-lenkjene virkar ganske rotete og forvirrande, fordi den framstår som ei lang liste av lenkjer på eit utal språk og med so mange rare teikn at det uansett ikkje virkar relevant... Dei fleste brukarane vil kunne eitt, to eller kanskje t.o.m. tre av språka, og resten vil framstå som uforståeleg, og difor framandgjerande. "Wikipedia i norden og nærområda"-lista er derimot oversiktleg, og forklarar kva "kategori" lenkjene høyrer til under (Døme: Innvandrarspråk:)/ Kurtber|Ordskifte 31. okt. 2005 kl. 12:53 (UTC)

Eg tykkjer at vi bør legge til ei "Wikipediar med meir enn 100 000 artiklar"-liste rett ovanfor/nedanfor "Wikipedia i Norden og nærområda"-lista. Ei slik liste er relevant for brukarar som ikkje finn det dei leitar etter, og kan eitt av dei store språka (t.d. svensk eller japansk). / Kurtber|Ordskifte 31. okt. 2005 kl. 12:53 (UTC)

Ja, no som innvandrarspråka òg er med under «Norden og nærområda», så er interwikilista litt mindre viktig og kan truleg kortast ned meir. Eg vil likevel føreslå at vi i det minste held på bokmål, svensk, dansk, færøysk, islandsk, nordsamisk og finsk. Og at vi tek inn det lokale skandinaviske nasjonale minoritetsspråket romani rakripa (eit strukturelt sett skandinavisk språk) når det kanskje kjem ein gong i framtida.
«Wikipediaer med over 100 000 artiklar» (merk er-endinga av hannkjønnsord på trykklett -a) kan vi i og for seg kanskje ha med. Men eg er ikkje så sikker på at det er så viktig at det er verdt å bruke plass på når så mykje anna på hovudsida laut gå... Svensk er det allereie rimeleg lett å finne på denne sida for den som kan det. Japansk synest eg vel ikkje det er så farleg med. (Kor aktuelt er eigentleg japansk blant potensielle wikipediabrukarar i Noreg?) -- Olve 31. okt. 2005 kl. 13:08 (UTC)
-Ja.. Du har vel forsåvidt rett i at det er litt urettferdig mot alt stoff som har vorte kasta... Men trass i at japansk ikkje særleg relevant, trur eg nok at språk som nederlandsk, fransk og tysk i høg grad er relevant, og dei er ikkje nemnde andre stader... --Men eg skal passe meg litt kanskje, i og med at eg er ein forkjempar for å fjerne overflødig informasjon frå framsida... Ei alt for stor lenkjesamling er jo i høg grad overflødig informasjon det òg....
-Interwikilenkjelista bør avgrensast til å innehalde toppen skandinaviske minoritetsspråk (kanskje berre norske?), ja. / Kurtber|Ordskifte 31. okt. 2005 kl. 13:14 (UTC)
Nederlandsk og tysk er nemnde under nærområda som germanske språk. Polsk og spansk er òg nemnde som innvandrarspråk. Ikkje noko problem å taka inn romanske språk som fransk og portugisisk (tilkn. nasjonal minoritet) der. Og da er det berre italiensk att av dei over 100 000. -- Olve 31. okt. 2005 kl. 13:48 (UTC)
Vil ikkje interwiki atteroppstå av seg sjølv på grunn av robotar? --Eddi (Snakk) 1. nov. 2005 kl. 02:23 (UTC)

Skandinaviske minoritetsspråk, ja... Dei er det så visst ikkje reint få av. Skulle dei alle få wikipediaer, så får vi nok å fylle opp med. (Og det håpar no eg at dei gjer!) Her er eit lite utdrag:

  1. Skandinavisk: bokmål, svensk, dansk, færøysk, islandsk.
  2. Heilt eller delvis skandinaviske språk spesifikt tilknytte nasjonale minoritetar: romani rakripa, rodi (og kanskje òg månsing).
  3. Andre språk tilknytte nasjonale minoritetar:
    1. Kvener, skogfinnar og finnar: finsk, kvensk
    2. Sigøynarar: romanés
    3. Jødar: hebraisk, ladino, spansk, portugisisk, jiddisch
  4. Urfolk:
    1. Samar: nordsamisk, lulesamisk, pitesamisk, sørsamisk, skoltesamisk, enaresamisk, umesamisk osv. (!)
    2. Inuittar: grønlandsk.

Og til dette kjem sjølvsagt språk som plattysk og frisisk i Danmark. Det er i grunnen ikkje noko anna alternativ som er så lite plasskrevjande som å slengje mykje av dette inn i venstre marg. Og eg meiner no i alle fall at språk med hevd i Skandinavia (ikkje berre i Noreg) aller helst bør vera med på forsida i ei eller anna form. -- Olve 31. okt. 2005 kl. 13:33 (UTC)

[endre] Watch it!

Sorry I can only write this in English, but it should probably be noted here:

The Communism vandal is going to try and vandalise this place up Easter (Evidence). I'm also posting this to the other Norwegian WikipediA. 68.39.174.238 5. april 2006 kl. 04:14 (UTC)

[endre] Press contact

Is there anyone who wants to be the official press contact for this language, in case anyone from the press wants to talk to a contributor to this project? If so, contact me at en:user:zanimum/press. -- Zanimum 12. april 2006 kl. 16:44 (UTC)

There are several press contacts already. See Wikipedia:Press. --Eddi (Snakk) 12. april 2006 kl. 16:58 (UTC)

[endre] Søkjeboks

Kva synest de andre om søkjeboksen som ein anonym brukar la til på hovudsida? Eg synest den er unødvendig sidan vi allereie har ein i menyen. --EIRIK\diskusjon 28. april 2006 kl. 13:02 (UTC)

Ja, den tek for mykje plass. Larsivi 28. april 2006 kl. 14:00 (UTC)
Malplassert i høve til kva som er rundt han, og ikkje er han der korkje på bokmål, engelsk, tysk eller svensk. Vekk med han. --Ekko 28. april 2006 kl. 14:09 (UTC)

[endre] Wikispecies

Moved to our version of the village pump: Wikipedia:Samfunnshuset. --KRISTAGAα-ω<;/sup> 8. juli 2006 kl. 23:47 (UTC)

[endre] - vs. –

Burde det ikke vært

– eit fritt oppslagsverk der alle kan vera med på å skriva og redigera artiklane

? Hilsen bokmålswikipedia (84.202.133.179) 19:19, 10 september 2006 (UTC)

Fiksa. --EIRIK\diskusjon 19:29, 10 september 2006 (UTC)
I "Frå Wikipedia - det frie oppslagsverket" er det også feil. Det må også rettes. Er det mulig? 84.202.133.179 17:01, 19 oktober 2006 (UTC)
Nå skulle det òg vera greitt. -- Ranveig 17:35, 19 oktober 2006 (UTC)

Jeg synes det strengt tatt ikke bør bære ndash; goran og bak i setningen, det ser tøysete ut. Slik er det nå:
– eit fritt oppslagsverk der alle kan vera med på å skriva og redigera artiklane –
Jeg vil har det slik:
– eit fritt oppslagsverk der alle kan vera med på å skriva og redigera artiklane
84.202.133.179 16:30, 30 oktober 2006 (UTC)

Eg synest det ser fint og symmetrisk ut med to strekar. --Ranveig 12:19, 31 oktober 2006 (UTC)

[endre] Vern av hovudsida

Etter hærverk no nett, tok eg og verna hovudsida slik at ho berre kan redigerast av registrerte brukarar. Er det ein idé at det kan vera slik i framtida, eller er det eit viktig prinsipp at alle kan redigera hovudsida (framsida)? --Gunnernett 10:28, 4 oktober 2006 (UTC)

Eg er samd med deg. Å heve terskelen litt for hærverk der er no berre greit. --Ekko 10:54, 4 oktober 2006 (UTC)
Då er hovudsida verna slik at ho berre kan redigerast av registrerte brukarar, fram til nokon kjem med prinsipielle innvendingar. --Gunnernett 09:32, 6 oktober 2006 (UTC)

[endre] VIKTIG

På framsida burde det stå Velkomen til nynorsk wikipedia og ikkje Velkommen. Det skal vera ein m i velkomen. --Norway 17:17, 21 oktober 2006 (UTC)

Eg er samd med deg. --Tannkrem 18:30, 21 oktober 2006 (UTC)
Nei, velkomen er ikkje betre enn velkommen. Dei er jamstelde i fylgje Nynorskordboka, og då er det ingen grunn til å endre frå det eine til det andre. Med mindre ein gjer store utvidingar av ei side eller artikkel er skikken her at me ikkje endrar skrivemåtar som er i trå med Nynorskordboka. (Og om nokon har tenkt å gjere ei stor omvøling på Hovudsida er det av det slaget saker ein gjer lurt i å leggje fram i grannsame einskilddrag og samrå seg vel med hine før ein set i gong med brigdinga.) --Jorunn 20:09, 21 oktober 2006 (UTC)

[endre] Få ut Wikinytt-seksjonen igjen

Wikinytt seksjonen vart fjerna frå hovudsida, men av ein av moderatorane som aldri er der la seksjonen inn pånytt. Hiv ut wikinytt seksjonen igjen og erstatt den med noko anna, som for eksempel ein "På denne dagen" eller noko. --Anders 14:43, 30 oktober 2006 (UTC)

Kva med ei «I tida»-avdeling med merkedagar, jubileum for folk og hendingar og slikt, og i tillegg peikarar til artiklar om emne som finst i nyheitene? --Ranveig 12:21, 31 oktober 2006 (UTC)
Godt framlegg, Ranveig. Eg er heilt einig. --EIRIK\diskusjon 22:43, 9 november 2006 (CET)
Sånn foreløpig har eg hivi ut wikinytt og erstatta han med litt tekst omsett frå hovudsida på bokmålswikien. Så får vi sjå på kva vi gjør framover. --KRISTAGAα-ω 23:45, 9 november 2006 (CET)
Eg har no lagt til ein fantastisk flott automatisk namnedags-, nasjonaldags- og merkedagsopplysingsteneste (dessverre bare kristennorske merkedagar, men). Eit tilfeldig funn på nb: sparte meg for mykje planlagd pirkearbeid. Denne seksjonen kan utvidast med det me måtte ønska. --Ranveig 01:45, 14 desember 2006 (CET)

[endre] The idiosyncratic obtrusive nynorsk-underlining

I have nothing against the Nynorsk Wikipedia per se, even though it is and will continue to be a serious problem that its sister version, the so-called bokmål at no.wikipedia, simply is bigger (86,000 articles compared to 18,000 articles) and better (many no-wiki pages are longer and have a more thorough editing history than their nn-wiki counterparts). But this particular note is to question the idiosyncratic and to me rather obtrusive use of underlining all wiki-linked words. Is the nn-wiki the only one, in the jungle of hundred or so wikipediae out there, with this habit? Who made this initial & fate-ful decision, Ivar Aasen? I think Aasmund Olavsson Vinje would have voted against. The nynorsk community, already an endangered species, sadly, might check up on unintended consequences on en:wiki; perhaps no-wiki will win over nn-wiki in purely Darwinian terms? Slavatrudu 14:01, 21 november 2006 (CET)

You should be able to adjust this for yourself by makeing the wanted change in the first pull down menu in My Preferences>Misc. Adjustment can be made on the personal level, beeing annoyed by underlinings is your choice. What Darwin, Aasen and Vinje might have made of that we will never know.--Jorunn 14:35, 21 november 2006 (CET)
Re: Underlining: I agree — taking it away as the default option would be much better.
Re: Darwinism: The mission of Nynorsk Wikipedia is to provide a Nynorsk encyclopaedia, not to defeat any other given Wikipedia.
Respectfully,
Olve, who thinks it is better to have both than just one of them 18:03, 21 november 2006 (CET)
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com