Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Gresk mytologi - Wikipedia

Gresk mytologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gresk mytologi er forteljingane om greske gudar, heltar og monster. Mytologien har mange trekk til felles med andre indoeuropeiske tradisjonar, men òg sine særtrekk. Han har mellom anna ei rekkje tragediar, der menneske som set seg opp mellom skjebnen eller gudane til slutt opplever sorg og fortaping.

Den greske mytolgien har inspirert eit utal kunstnarar, både i si eiga tid og seinare. Ei rekkje greske skaldar, med Homer i spissen, har fortald legendene i song og rim. Romerske diktarar, som Ovid, fortsette med same tema, og det gjorde òg seinare europeiske diktarar og komponistar.

Skikkelsar frå mytologien dukkar opp på greske vasar og fresker, og som naturtru greske statuar, som seinare romerske, italienske og andre europeiske bilethoggararar skulle gjera sitt beste for å kopiera.

[endre] Dei greske gudane

Krigsgudinna Atene.
Forstørr
Krigsgudinna Atene.

Dei greske gudane me kjenner best er dei olympiske gudane: Zevs, Hera, Poseidon, Ares, Hermes, Hefaistos, Afrodite, Atene, Apollon og Artemis, med Hestia, Demeter, Dionysos og Hades nokre gonger medrekna. Det fantest òg andre gudar som hadde sine inderlege tilbedarar visse stader i det gamle Hellas, og gudar som ikkje blei tilbedne noko særleg, ettersom dei bare var personleggjeringa av ei naturkraft eller ein eigenskap: Jorda Gaia, himmelen Uranos, havet Okean og natta Nyx er døme på dette.

Dei greske gudane føyer seg fint inn i den større indoeuropeiske gudeslekta, som mellom anna omfattar dei norrøne og dei vediske gudane. Etter kvart som Romarriket vaks til, såg romarane sambandet mellom si eiga gudelære og den greske, og tok til seg mange forteljingar og nokre gudar frå grekarane.

[endre] Dei greske heltane

Herakles nedkjemper Hydra.
Forstørr
Herakles nedkjemper Hydra.

Heltar var menneske eller halvgudar - ungar til gudar og menneske - som gjorde store dådar, og anten blei belønna eller straffa for det. Herakles er truleg den største av dei, kjend for tolv stordådar. Orfevs var ein helt innan musikken, medan Prometevs var ein mann som røpte løyndene til gudane, og blei hardt straffa.

Svært viktig i mange av dei greske legendene var skjebnen. Dersom eit orakel spådde at noko ville skje, måtte det gå slik, same kva menneska prøvde å gjera for å stoppa det. Ødipus er ein kjend tragisk figur dette hende med, ein annan er Tessevs.

[endre] Overnaturlege vesen

I tillegg til gudar og menneske fantest ei rekkje vesen av ulik karakter i den greske mytologiske verda. Dei fleste tinga i naturen hadde personlegdommar, som dryader i trea og najader i vatn. Det fantest mange vesen som var sett saman av ulike verkelege vesen, som kentaurar og faunar. Ein hadde vidunderlege vesen, som Pegasus, og forferdelege monster, som Medusa og minotauren.

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com