Angela Merkel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kanslar i Tyskland | 22. november 2005– |
Føregjengar | Gerhard Schröder |
Etterfylgjar | |
Fødd | 17. juli 1954 i Hamburg |
Død | |
Gift med | |
Barn | |
Gravlagd | |
Parti | Kristelegdemokratane |
Angela Dorothea Merkel (f. 17. juli 1954), fødd Kasner, er ein tysk politikar. Ho er leiar for det kristelegdemokratiske partiet CDU. Frå 22. november 2005 er ho tysk kanslar og i følge Forbes Magazine verdas mektigste kvinne. I 2007 er ho president for G8-landa.
Merkel vart fødd i Hamburg i Vest-Tyskland, men flytta saman med familien til Templin i dåverande DDR. Ho vaks opp i Templin. Ho tok doktorgraden i fysikk i 1986. I 1989 engasjerte ho seg i den opposisjonelle partidanninga Demokratischer Aufbruch, som i 1990 gjekk saman med det austtyske CDU.
Etter at Tyskland igjen vart samla i 1990 vart Merkel vald inn i Forbundsdagen. Frå 1991 til 1994 var ho minister for familiedepartementet og frå 1994 til 1998 miljøvernminister i regjeringa til Helmut Kohl.
I april 2000 vart ho vald til partileiar i CDU. I samband med Forbundsdagsvalet 2005 var ho høgresida sin kandidat til embetet som tysk forbundskanslar, mot den sitjande kanslaren Gerhard Schröder. Den 10. oktober 2005 vart det kunngjort at partia CDU, CSU og SPD hadde kome fram til ei avtale om at Merkel skulle verta ny kanslar.
[endre] Bakgrunnsstoff
- CDU
- Angela Merkel si offisielle heimeside
- http://www.europaprogrammet.no/index.php?struct=93&join=278