Oppland fylke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grunnleggjande opplysninger | |
---|---|
Administrasjonssenter: | Lillehammer |
Flatevidd: | 25 192 km² |
Folkemengd: | 183 204 (2006) |
Internettside: | www.oppland-f.kommune.no |
Politikk | |
Fylkesordførar: | Audun Tron (AP) (2003) |
Fylkesmann: | Kristin Hille Valla |
Oppland er eit fylke midt i Noreg. Det grensar til Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Buskerud, Akershus og Hedmark. Oppland saman med Hedmark, er dei einaste fylka som ikkje har kyst.
Oppland har ein variert natur. Den sørlegaste delen er prega av flate bygder, lenger nord liggg dalføra Gudbrandsdalen og Valdres og også fjellområda Jotunheimen, Rondane og delar av Dovrefjell. Dei høgaste fjella i Noreg ligg i desse fjellområda.
[endre] Geografi
Det renn to store elver gjennom Oppland. Frå Lesjaskogsvatnet renn Gudbrandsdalslågen som blir til Mjøsa ved Lillehammer som er Noregs største innsjø. Begna renn gjennom Valdres.
Det er tre byar i fylket Gjøvik, Lillehammer og Otta. Fylkesadministasjonen ligg på Lillehammer.
Jordbruk og turisme er dei største næringane i fylket.
[endre] Historie
Før Harald Hårfagre samla Noreg var Oppland eit småkongedøme. Nokre kongar av Oppland var
- Eystein, far til Åsa som gifta seg med Halfdan Hvitbeinn i Ynglingasoga
- Halfdan «den gamle» Sveidasson (om lag 750)
- Ivar Halfdansson (om lag 770)
- Eystein «Glumra» Ivarsson, far til Ragnvald Eysteinsson (788)
|
|
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |