Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Jølster - Wikipedia

Jølster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggjande opplysningar
Kommunenr: 1431
Fylke: Sogn og Fjordane
Administrasjonssenter: Skei
Flatevidd: 671 km²
Folketal: 2 918 (2006)
Målform: Nynorsk
Internettside: www.jolster.kommune.no
Politikk
Ordførar: Gerd Dvergsdal (Sp) 2003-2007

Jølster er ein kommune i Sogn og Fjordane og ligg i Indre Sunnfjord. Det er to tettstadar i Jølster; Vassenden og Skei. Vassenden er i nyare tid den største av dei to, noko som truleg kjem av nærleiken til byen Førde. Skei er kommunesenteret, men ligg lengre unna større senter og har eit mindre tilfang av innflyttarar.

Det høgste fjellet i kommunen heiter Snønipa og er 1 827 meter høgt. Mykje av låglandet og dei fleste grendene i kommunen kretsar i stor grad rundt det store Jølstravatnet, som ligg omlag 200 moh. Namnet Jølster stammar frå det norrøne uttrykket «jolmster» som tyder bråk og larm.

Kommunen grensar i nord til Gloppen og Stryn, i aust til Luster og Balestrand, i sør og i vest til Førde, og i nordvest til Naustdal.

Ein person som kjem frå Jølster vert kalla jølstring.

Måleriet «Soleienatt» av Nikolai Astrup. Biletet er målt i fleire versjonar og har motiv frå Jølster.
Forstørr
Måleriet «Soleienatt» av Nikolai Astrup. Biletet er målt i fleire versjonar og har motiv frå Jølster.

Innhaldsliste

[endre] Geografiske og politiske skiljeliner

Då tettstaden Vassenden ligg i den nedre (vestlege) delen av bygda og Skei ligg i den indre (austlege) delen, snakkar ein ofte om Indrebygda (soknar til Skei) og Nedrebygda (soknar til Vassenden). Denne skiljelina er heilt grunnleggande, då ein allereie i seksårsalderen vert gruppert til ein av dei to barne- og ungdomsskulane i kommunen; anten på Skei eller på Vassenden.

Denne skiljelina er òg ei tradisjonell politisk konfliktline, som mellom anna har ført til at ein, i Nedrebygda tidlegare har gått til val på ei bygdeliste. Denne lista er ikkje lenger i bruk, men førte mellom anna til ein tradisjon i dei største partia i kommunen om å sørge for god representasjon av personar med postnummer frå begge hovudbygdene (Skei og Vassenden).

Ein kan sjå at målet i Indrebygda ber preg av å vere påverka av nordfjordsmål, medan målet i Nedrebygda er påverka frå Førde-regionen. (Les: Jølstramål)

Eit anna geografisk uttrykk som ofte vert nytta er Sørsida, som er eit namn på grendene på den sørlege sida av Jølstravatnet. Riksvegen går på den nordlege sida av vatnet.

[endre] Politikk

Senterpartiet er det dominerande partiet i kommunestyret med 11 av 25 representantar. Like etter følgjer Venstre (fire representantar), Sosialistisk Venstreparti (tre representantar) og Arbeidarpartiet (tre representantar). Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti er òg representerte i kommunestyret.

Måleriet «Vårnatt og seljekall», måla av Nikolai Astrup i 1917. Måleriet har motiv frå Jølster.
Forstørr
Måleriet «Vårnatt og seljekall», måla av Nikolai Astrup i 1917. Måleriet har motiv frå Jølster.

[endre] Næringsliv

Dei største næringane i kommunen er jordbruk, turisme og byggeverksemd. I tillegg er Jølster ein kraftkommune med eit stort kraftverk i Stakaldefossen og eit nytt kraftverk under utbygging (pr. 2005) i området rundt Kjøsnesfjorden.

Jordbruket i Jølster har lange og gamle tradisjonar, men meir overraskande er det nok at turismen òg har eit historisk fotfeste i området. Dei to hotella på Skei og Vassenden dukka opp rundt hundreårskiftet mellom 1890 og 1910, men lenge før den tid har ein drive skysstasjonar og breføring for spenningssøkande turistar som skulle utforske den norske fjellheimen eller ta seg opp på breen. Tradisjonane held seg, og eit klart fleirtal av føretaka i kommunen driv i dag med turisme, men då hovudsakleg overnatting og camping.

Byggeverksemda er ein nykommar i næringslivet til samanlikning med dei to andre, og har kome i kjølvatnet av utviklinga av byen Førde som regionalt handlesenter.

[endre] Bygder i Jølster

[endre] Kjende jølstringar

Bilete av den unge prestesonen Nikolai Astrup, saman med faren.
Forstørr
Bilete av den unge prestesonen Nikolai Astrup, saman med faren.

[endre] Kunst og kultur

[endre] Politikarar

[endre] Historiske skikkelsar

[endre] Ordførarar

Ordførarar i Jølster
1838-1842
Thor Hanson
Veiteberg
1842-1844
Samuel N.
Dvergsdal
1844-1848
Anders E. J.
Aalhus
1848-1856
M. S. T.
Fasting
1856-1858
Samuel N.
Dvergsdal
1858-1861
Anders E. J.
Aalhus
1862-1864
Ludv. G.
Klakegg
1864-1872
Nils O.
Øvrebø
1872-1874
Anders K.
Myklebust
1874-1876
Anton K.
Øygard
1876-1878
Bendikt J.
Nedrebø
1878-1880
Anders K.
Myklebust
1880-1890
Sjur B.
Heggheim
1890-1892
Ole O.
Viken
1892-1899
Nils S.
Dvergsdal
1899-1911
Sjur B.
Heggheim
1911-1920
T. H.
Veiteberg
1920-1929
Ludv. D.
Klakegg
1929-1937
Nils O.
Øvrebø
1937-1942
A. K.
Øygard
1945-1951
A. K.
Øygard
1952-1965
Nils J.
Helgheim
1966-1973
Erling
Slåtten
1974-1981
Sverre P.
Befring
1982-1985
Anders
Helgheim
1986-1987
Arne
Sandnes
1988-1991
Normann
Aarseth
1992-1995
Knut O.
Øygard
1996-
Gerd
Dvergsdal

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Litteratur

[endre] Les òg


Sogn og Fjordane
Sogn: Aurland | Balestrand | Gulen | Hyllestad | Høyanger | Leikanger | Luster | Lærdal | Sogndal | Solund | Vik | Årdal

Sunnfjord: Askvoll | Bremanger | Fjaler | Flora | Førde | Gaular | Jølster | Naustdal
Nordfjord: Eid | Gloppen | Hornindal | Selje | Stryn | Vågsøy  


Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com