Selje kommune
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Fil:Selje kommune komm.png | |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1441 |
Fylke: | Sogn og Fjordane |
Administrasjonssenter: | Selje |
Flatevidd: | 235 km² |
Folketal: | 2 958 (2006) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.selje.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Gunn Helgesen (KrF) 2003-2007 |
Selje er ein kommune i Nordfjord som ligg lengst nordvest i Sogn og Fjordane fylke. Stad ligg i denne kommunen.
Innhaldsliste |
[endre] Kommunikasjon
Snøggbåtsambandet nordover frå Bergen har endestad her. Stadhavet er rekna som eit av dei mest vêrharde havstykka langs kysten av Noreg. Det er difor planar om å byggje skipstunnel mellom Kjødepollen og Moldefjorden.
[endre] Næring
Selje har den største fiskeflåten i fylket og ein godt kjend plastbåtindustri.
[endre] Historie
Selje kloster på vestsida av Seljeøya er truleg den eldste kristne heilagstaden i Noreg. Legenda fortel om den irske kongsdottera Sunniva, som saman med ein liten flokk rømde Irland då ein vikinghøvding ville gifte seg med henne. Ho vart seinare utropa til helgen som Sankta Sunniva. Olav Tryggvason bygde ei kyrkje her i 996. Noreg vart delt inn i bispedømma Selje, Nidaros og Oslo i 1068.
[endre] Kjende folk frå Selje kommune
- Julius Cæsar Hartmann (1885–1969), kunstmålar
- Wald Drageseth (1920–1994), industrimann, hotellmann og politikar.
|