Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Slektsforsking - Wikipedia

Slektsforsking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Slektsforsking, ofte kalla genealogi eller slektsgransking, er søking i historisk kjeldemateriale etter forfedrane og etterkomarane til ein person eller ein familie, for å klårleggja familien si slektshistorie og dei innbyrdes slektskapstilhøva mellom personar. Ein som driv med slektsforsking, kan kalla seg genealog.

Kjeldematerialet for slektsforsking i Noreg er ofte kyrkjebøker og folketeljingar, men kan òg vera juridiske dokument (tinglysingar, dommar, matriklar m.v.) og lensmannsprotokollar, passasjerlister, skattelister, helsevesenet, militærvesenet og munnlege overleveringar. Dei aller fleste norske kommunar har bygdebøker, der ein kan finne oppsett med opplysningar om kvart gardsbruk og folket som har budd der.


[endre] Slektsforsking og data

Heimedatamaskinar og Internett har gjort det lett for kven som helst å forska på slekta si. Stadig meir av kjeldematerialet vert digitalisert og gjort tilgjengeleg på Internett, anten gratis av eldsjelar eller av det offentlege (som t.d. det norske Digitalarkivet eller mormonarane sine enorme slektsarkiv) eller av kommersielle føretak mot betaling. Genealogar frå heile verda nyttar nettet til å etterlysa og utveksla informasjon.

Når ein samlar slektsinformasjon, vert det raskt store datamengder å halda orden på. Difor finst det eit utal slektsforskingsprogram (frå heilt gratis til svært dyre) som hjelper genealogen å systematisera data og som kan lagra informasjonen i ein intern database og presentera han på ulike format for ulike føremål.

Dei fleste slike program kan eksportera og importera slektsinformasjon frå andre slektsdatabasar via det internasjonale standardformatet GedCom.


[endre] På verdsveven

  • RootsWeb: Den første, største, og framleis truleg den aller beste gratistenesta på nettet for slektsforskarar
  • Family Search: mormonararkivet
  • Digitalarkivet for slektsforsking i Noreg
  • Slektsforum: den viktigaste møteplassen på Internett for norske genealogar, i regi av samskipnaden Databehandling i Slektsforskning - Norge
  • GenCircles: Last opp ditt slektstre og det vert automatisk plugga inn i "det globale slektstreet" dersom ein eller fleire av personane allereie er opplasta av andre genealogar
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com