Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Stad - Wikipedia

Stad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stad.
Forstørr
Stad.

Stad, Stadt eller Stadt, kort for Stadlandet, der d uttalast som t, er ei halvøy i Selje kommune. Området kring Stad er kjend som ein av dei mest vérharde strekningane langs kysten av Noreg.

Halvøya stikk ut i havet og utgjer den nordvestlegaste delen av Sogn og Fjordane fylke. Fjellet ytst på Stad heiter «Kjerringa», og vert òg kalla Vestkapp. Namnet vart nytta frå 1980-talet for å lokka turistar til landet lengst i vest. Staden blir ofte omtala som det vestlegaste punktet i Noreg, men Vardetangen i Austrheim ligg noko lengre vest. Stad ligg ved 62 grader nord, som ved mange høve vert nytta som ei grensline mellom Nordsjøen og Norskehavet.

[endre] Historie

I området er det mange restar av tyske byggverk frå den andre verdskrigen. Festningsverka vart for det meste bygd av fangar frå Aust-Europa. Sør for Kjerringa ligg bygda Ervik. Utanfor Ervik vart hurtigruta D/S «Sanct Svithun» ved eit mistak bomba av britiske fly i 1944. Folk i Ervik gjorde ein stor innsats for å redda overlevande; mellom anna reiste nokre ut på havet i små båtar i storm. Skipsklokka frå «Sanct Svithun» heng i dag i kapellet i Ervik.

Midt på Stad er Dragseidet. Namnet kjem av at ein bruka å dra båtane over Stad der det var enklast og kortast veg. Båtane vart dregne frå Leikong i nord til Drage i sør. På Dragseidet vart fire fylke kristna i 997. Det er sett opp eit minnesmerke over kristninga på eidet. Dragseidspelet vert spela om somrane, nesten kvart år. Spelet handlar om hendingane då kristendomen kom.

[endre] Geografi

Havet utanfor Stadlandet vert kalla Stadhavet og er eit farvatn med krevjande bylgjetilhøve for skipsfart 90 110 dagar i året. Kryssande sjø gjev vanskelege styringstilhøve.

Mange sjøfararar og kystbuarar ynskjer ein tunnel gjennom halvøya. Den tenkte «Stad Skipstunnel» er eit anlegg som skal ha rom for skip med 21 meter seglingshøgd, 18 meter breidde og 8 meter djupne. Tunnelen er rekna å kosta 700 millionar kroner (2002). Med ein slik tunnel vil heile skipsleia frå Stavanger til Molde vera samanhengjande (relativt) skjerma. Tunnelen skal etter planen gå frå inst i Kjødepollen til Moldefjorden. Her er Stad på det smalaste. Ulike planar om å laga tunnel har vore lansert opp gjennom tidene. "Kanaltunnel gjennom Stat" var førstesidesak i avisa Nordre Bergenhus Amtstidende allereie den 11. september 1874.

Meteorologisk institutt har til ei kvar tid spesialvarsel med refraksjonsdiagram for farvatnet utanfor Stad på internett.

Vértilhøva gjer at Stadlandet er eit aktuelt og attraktivt område for utbygging av vindmøllepark, men det er òg interessant mellom anna for ornitologar. Styresmaktene har ikkje gjort noka endeleg avveging av dei kryssande nærings- og miljøinteressene i området.

[endre] Bakgrunnsstoff

På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com