Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Leppebjørn - Wikipedia

Leppebjørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Leppebjørn
Leppebjørn
Leppebjørn
Systematikk
Rike: Animalia
Rekke: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Familie: Ursidæ
Slekt: Melursus
Art: ursinus
Vitskapleg namn
Melursus ursinus
Shaw

Leppebjørnen (Melursus ursinus) er ein mellomstor bjørneart som held til på det indiske subkontinentet frå Sri Lanka til Nepal. Bjørnen har lang pels og er nattaktiv. Han er den einaste arten i slekta Melursus. Leppebjørnen kan minna om asiatisk svartbjørn, men dei er ikkje nært i slekt.

Innhaldsliste

[endre] Skildring

Leppebjørnen veg 80–150 kg og har ein lengde på 140–190 cm. Hoa er litt mindre enn hannen. Pelsen er lang og kan variera frå svart til kastanje i farge med nokre brune eller grå hår. Snuten er kvitleg og nasen svart, medan dyret har ei y-forma markering på brystet med same farge som snuten.

Bjørnen er byggd for å grava ut insekt frå tuer, under jorda og inne i tre. Store føter med enorme klør som vender innover er gode gravereiskapar. Luktesansen er velutvikla, mens synet og hørselen er dårlege. Snuten er særskild utvikla for å suga termittar ut av tuene sine. Han er lang og røreleg, manglar fortenner oppe, og har bare lepper, som har gjeve bjørnen namnet sitt. Leppebjørnen kan òg eta smådyr, andre insekt, frukt og anna.

[endre] Leveområde

Ein leppebjørn i dyreparken i Washington, DC.
Forstørr
Ein leppebjørn i dyreparken i Washington, DC.

Det naturlege leveområdet til bjørnen er i skogar i låglandet i India, Nepal, Bangladesh og Sri Lanka, med nokre observasjonar frå Bhutan. Det ein gong talrike dyret er blitt sjeldan, og ei tid trudde ein at bjørnen var utrydda. Totalbestanden i dag blir rekna til å vera 7 000-10 000 individ.

Det finst mellom 170 og 200 bjørnar i dyrehagar, og på grunn av problem mellom bjørnar og menneske kjem stadig nye dyr i fangenskap. Desse blir mellom anna brukt til avl for å sikra arten.

Bjørnen liker best naturlege grasmarker og skogsområde. Slike stader er i ferd med å bli borte, og saman med tjuvjakt som forsyner den alternative medisinmarknaden gjer det leppebjøren til ein truga art. Det at bjørnen kan vera aggressiv mot menneske hjelper heller ikkje framtidsutsiktene hans.

[endre] Levesett

Det nattaktive dyret søv i jordholer om dagen, særleg ved elvebreddar. Bjørnane søv ikkje om vinteren, men har ein kvileperiode i regntida. Dei skil seg frå dei fleste andre bjørnar ved å vera sosiale dyr som trivst i selskap med kvarandre.

Leppebjørnane parar seg i mai–juli. Paringa tek 2–7 dager og inneber ofte mykje støy. Binna er drektig i 6–7 måneder og får kull på 1–3 unger. Bjørnen føder i jordholer og ungane held seg i hiet til dei er tre månader gamle. Deretter følger dei mora i to til tre år, ofte ved å sitja på ryggen hennar.

Bjørnen påverkar økosystemet sitt ved å spreia frukttre gjennom å eta fruktene deira, og ved å halda termittbestanden nede.

[endre] Bjørn og menneske

Bjørnetemming har lange tradisjonar i India, og leppebjørnar er blitt fanga og trente til å opptre som «dansande bjørnar» av dei nomadiske kalandarfolka. Praksisen med å trekka ei snor gjennom snuten på bjørnen og tvinga han til å opptre for folk blir i dag rekna som dyreplageri, og er i dag ulovleg i India.

I den alternative medisinen er det særleg galleblæra på bjørnen som blir verdsett.

Bjørnen er vanlegvis fredeleg, men er meir aggressiv enn andre bjørnar. Han er kjent for å forsyna seg av avlingar, og blir han forstyrra av menneske då kan han gå til åtak. Situasjonen har blitt verre etter kvart som fleire menneske har busett seg og dyrka land i bjørneområde. I tida 1989–1994 blei det registrert 735 åtake på menneske frå leppebjørn; 48 av desse førte til at menneska døydde.

[endre] Kjelder

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com