Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Commodore 64 - Wikipedia

Commodore 64

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Commodore 64
Commodore 64
Type Heimedatamaskin
Utviklar Commodore Business Machines
Lansert 1983
Produksjonstopp 1994
Prosessor MOS Technology 6510
@ 1.02MHz NTSC / 0,99MHz PAL
Minne 64KB
Operativsystem Commodore BASIC 2.0

Commodore 64 er ei heimedatamaskin som vart laga av Commodore Business Machines og kom ut i september 1982. Med meir enn 17 millionar maskiner produsert, var ikkje dette berre den mest suksessfulle av datamaskinene som var produsert i løpet av 80-talet, men den er også, i fylgje Guinness Book of Records, den mest selde datamaskina gjennom tidene. Den hadde betre grafikk og lyd enn noka anna heimemaskin frå den tida. Frå 1982 til byrjinga av nittiåra var Commodore 64 difor ei særs populær datamaskin, med meir enn 15,000 utgjevne programvarer, inkludert programmeringsverktøy, kontorverktøy og spel.

Innhaldsliste

[endre] Fakta om maskina

  • Introdusert: januar 1982
  • Lansert: september 1982
  • Tal maskinar: Meir enn 17 millionar
  • Pris: 1982: omlag 6000 NOK, 1987: 3000 NOK
  • Prosessor: MOS 6510, 1MHz
  • Lyd: SID 6581/8580, 3 kanalar
  • RAM: 64K (65,536 bytes).
  • Grafikk: 25 X 40 (tekst), 320 X 200, 16 fargar (grafikk)
  • Tilkoplingar: TV, RGB og kompositt video, 2 styrepinnar, port for programvare, seriell utstyrsport
  • Tilleggsutstyr: kasettopptakar, prentar, modem, diskettstasjon, monitor
  • Operativsystem: Commodore BASIC V2 (Ein kunne og kjøpe GEOS, eit grafisk brukargrensesnitt)

[endre] Historie

MOS Technology, Inc. var eit selskap som var kjøpt opp av Commodore Business Machines for å lage elektroniske datakomponentar til moderselskapet. I 1981 hadde MOS Technology starta eit prosjekt for å lage lyd- og grafikkbrikker for ein nestegenerasjons spelekonsoll, etter at Atari på slutten av 70-talet, hadde hatt stor suksess med spelekonsollen Atari 2600. Jack Tramiel som var dåverande sjef for Commodore, var overtydd om at det i staden var betre å satse på ei ny datamaskin som kunne erstatte forgjengaren Commodore VIC-20. Tramiel ville ha ei maskin med 64 kilobyte med RAM, noko som var dobbelt så mykje som var vanleg på den tida. Det ville verte dyrt med så mykje minne, men Tramiel skjøna at prisen ville falle før maskina kom i salg.

Prototypen av Commodore 64 maskina vart lansert på Consumer Electronics Show-messa i Januar 1982. Prisen var satt til 595 amerikanske dollar, og i august same året vart maskina lagd ut for salg. Då C-64 maskina kom til Noreg kosta ho om lag 6000 kroner. I byrjinga av 1983, gjorde Commodore Business Machines si første prisjustering til om lag 4000 kroner. Så lenge C-64 maskina var tilgjengeleg i butikkhyllane, vart prisen justert ned heile 4 gonger. Dette skyldast nok ikkje dårleg prisfastsetjing frå Commodore, men heller det faktum at maskina overlevde eit heilt tiår i sal, til produksjonen stansa opp i 1992, like før Commodore Business Machines gjekk konkurs.

[endre] Hobbyprogrammering

Commodore BASIC V2
Forstørr
Commodore BASIC V2

Heimedatamaskiner som Commodore 64 skilde seg ut frå spelekonsollar ved tastaturet som desse maskinene var utstyrt med. Dermed kunne ein nytta desse maskinene også til andre ting enn bare speling. Commodore 64 var utstyrt med programmeringspråket Commodore BASIC V2, som starta opp når maskina vart slått på eller starta om. Med BASIC kunne ein lage lage eigne program som ein kunne lagre på kassett/diskett til seinare. Bakdelen med program skrivne i BASIC var at det jobba ganske tregt samanlikna med program skreve i rein maskinkode. BASIC kunne heller ikkje bruke grafikk og lydeigenskapane til Commodore 64 effektivt, sjølv med bruk av PEEK- og POKE-kommandoar, dermed føretrekte dei fleste etter kvart å lære seg å programmere i Assembler.

Det fans mange utviklingsprogram for C64, både frå Commodore sjølv og ifrå tredjepartsfirma. Det fantest kompilatorar for språk som BASIC, C, Pascal, og som nemnd assembler.

For brukarar som ikkje hadde noko kunnskap om programmering kunne ein likevel nytta såkalla «Construction Kit» for å lage spel. Det mest populære var var Shoot’Em-Up Construction Kit, eller berre SEUCK. Andre program som gav liknande moglegheiter var t.d. Gary Kitchen’s Gamemaker og Arcade Game Construction Kit.

[endre] Piratkopiering av spel

Sidan Commodore 64-maskina nytta seg av kassettar (seinare vart også 5,25" diskettar mykje i bruk), var det enkelt for hobbyprogrammerarar å piratkopiere spel og spreia dei til vener og kjende, via vanlege opptakskassettar. Ein la ofte inn signaturen sin som ein kort programmsnutt, såkalla intro, før sjølve spelet byrja. Etterkvart danna ein organiserte grupper, der somme av medlemmene i gruppa konsentrerte seg om piratkopiering av spel (såkalla cracking), medan andre fungerte som kontaktar som spreia (såkalla swapping) spela vidare. Det gjekk etterkvart sport i å bryte diverse kopieringsperrer som spelprodusentane etterkvart la inn for å hindre uatorisert bruk. Å vera den første som braut ein ny type kopieringsperre gav respekt innan crackingmiljøet. Denne konkurransen førte sjølvsagd også til sterk rivalisering mellom somme av gruppene. I introen før spelet skreiv crackaren som regel om kven gruppa syntest om og kven dei ikkje hadde noko til overs for.

Norske grupper som merka seg ut innan crackingmiljøet var Razor 1911, Shadows, Thunderbolt Cracking Crew, Jazzcat, Stars, Newlook og Abnormal. Nokre medlemmar i gruppa Abnormal danna i 1989 gruppa Illusion saman med medlemmar frå Future. Illusion vart lagt ned i 1990 når mange av medlemmene starta gruppa ENIGMA saman med nokre tyskarar. Illusion gjennoppstod i 1992, men vart lagd ned for godt i 1993.

[endre] Demoprogrammering

Ut frå det ulovlege crackingmiljøet, oppstod det eit anna miljø som dreiv med meir lovlege saker. I 1984 byrja einskilde crackarar å lage større program enn det introane var. Desse var ikkje kobla saman med spel slik som ein intro var, men meininga var istaden å demonstrere omverda kva kunnskapar ein hadde som programmerar. Ettersom slik demoprogrammering vart meir og meir populert vart dette eit eige undergrunnsmiljø, med mange band til crackingmiljøet, sjølv om det etterkvart vart danna grupper som berre laga slike demoar. Døme på norske grupper som kun konsentrerte seg om å lage demoar er Shape, også kjend som Shape Design (SHD), Panoramic Design, Hoaxers, Creators, Megastyle, The Shadows, Rawhead og The Troopers. Det er berre Shape og Creators som framleis vert rekna for å vera aktive i dette miljøet i dag.

[endre] Commodore 64 i moderne tid

Sjølv om ein skulle tru det motsette om ei maskin som er over 25 år gamal, er miljøet rundt C-64 framleis aktivt, om kanskje ikkje i same grad som før. Både hobbyprogrammerarar og vanlege brukarar samlast rundt ulike vevstader på internett for å dyrke miljøet vidare, akkurat som før.

Det vert faktisk framleis gjevne ut programvare, for det meste frå private aktørar som gjev ut spel som public domain. Men det vert og laga nokre få kommersielle spel, blant anna frå det tyske firmaet Protovision. Protovision har også laga C-64-tilpassa hardware som til dømes Super CPU, ein 20 MHz prosessor som erstattar den originale 0.9 MHz prosessoren.

Då Commodore produserte C-64, rekna ein sjølvsagt ikkje med at levetida skulle halde over 20 år. Dei fleste maskinene har vist å likevel gjere det. Commodore 64 har blitt eit samlarobjekt for nostalgikarar som vil gjennoppleve det som ein eingong hadde. Ein kan og nytta ein emulator på pc-en for å køyre programvare og spel som elles ville ha gått tapt.

[endre] Kjelder

[endre] Lenkjer ut

[endre] Emulatorar

  • VICE – Emulerer C64 og dei fleste andre mikromaskinane frå Commodore, på ei rekkje plattformar (UNIX, BeOS, Windows, mm.)
  • Power 64 – C64 emulator for Mac OS X og OS 9

[endre] Arkiv

  • www.c64.ch – Stort arkiv over C64 demoer
  • GameBase 64 – C64 programmvare arkiv
  • Lemon 64 – Populær side med mykje generell informasjon, spelanmeldingar og eit godt besøkt forum
  • C64.sk – C64 relaterte nyheiter om demo miljøet.
  • C64HQ – Side med intervju med kjende personar og spelutviklarar, med meir
  • Project 64 – Brukarmanular

[endre] Musikk

[endre] Diverse

  • PROTOVISION - Creating the Future – Tyske entuisiastar som produserer spel og hardware for Commodore 64
  • Contiki – Contiki, Eit open-kjeldekode multitasking operativsystem for the C64 skreve av svensken Adam Dunkels


Mikrodatamaskinar frå Commodore

MOS Technology 6502-baserte (8-bit):   MOS/CBM KIM-1 | PET/CBM | CBM-II) | VIC-20 | C64 | C16 & 116 | Plus/4 | C128

M68K-baserte (16/32-bit):   Amiga 1000 | Amiga 500 | Amiga 2000 | Amiga 500+ | Amiga 2500 | Amiga 3000, UX, T | Amiga 600 | Amiga 1200 | Amiga 4000

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com