Claudius I av Romarriket
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keisar Claudius | |
Opphavleg namn | Tiberius Claudius Drusus Nero Germanicus |
Namn som keisar | Tiberius Claudius Caesar Augustus Germanicus Pontifex Maximus |
Regjeringstid | 24. januar 41 - 13. oktober 54 |
Fødd | 1. august 10 fvt i Lugdunum, Gallia |
Død | 13. oktober 54 i Roma |
Dødsårsak | Naturleg død |
Etterfylgde | Caligula av Romarriket |
Etterfylgjar | Nero av Romarriket |
Claudius, Tiberius Claudius Nero Germanicus, fødd 1. august 10 fvt., død 13. oktober år 54. Claudius var den fjerde keisaren av Romarriket frå 24. januar 41. Claudius vart utropa til romersk keisar av pretorianargarden, nærast ved eit slumpehøve. Han etterfylgde Caligula av Romarriket. Han var den fyrste keisaren som ikkje vart fødd i Italia. Han var òg den fyrste keisaren som vart utnemnd av Pretorianargarden i motsetnad til det romerske senatet. Claudius synte seg å vera ein god keisar som lét byggja imponerande byggverk og tok nye provinsar opp i Romarriket. På Claudius si tid vart riket utvida mellom anna på dei britiske øyane. Kona Messalina har vorte skulda for mange illgjerningar. Claudius lét henne til slutt avretta. Claudius si andre kone, Agrippina d.y., forgifta han slik at han døydde i år 54. Ho ville sikra trona til sin son Nero av Romarriket. Ho hadde fått Nero i sitt fyrste ekteskap med Cnaeus Domitius Ahenobarbus.
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |