Nero av Romarriket
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keisar av Romarriket | 13. oktober 54-6. juni 68 |
Føregjengar | Claudius I av Romarriket |
Etterfylgjar | Galba av Romarriket |
Fødd | 15. desember 37 |
Død | 6. juni 68 |
Gift med |
|
Barn | |
Gravlagd | |
' |
Nero, Lucius Domitius Ahenobarbus, fødd 15. desember 37 og død 6. juni 68, var romersk keisar frå 13. oktober 54. Han blir skildra som galen, despotisk og ein forfølgjar av kristne.
Som son av keisar Claudius I av Romarriket si siste kone Agrippina d.y. og hennar fyrste ektemann, Cnaeus Domitius Ahenobarbus, var han den femte og siste i keisardynastiet starta av Augustus. Han blei adoptert av Claudius og blei dermed arving i år 50.
Den første delen av keisartida hans var prega av stabilitet og velstand, mykje takka vera rådgjevarane hans, som filosofen Seneca. Men Nero sette i gang mange kostbare byggeprosjekt som etter kvart førte til økonomisk krise.
I år 62 skilde Nero seg frå kona Octavia, som han seinare skal ha fått myrda, og gifta seg med Poppaea Sabina.
Bybrannen i Roma i år 64 blei skulda på dei tidlege kristne, som blei forfølgde. Etter at brannen var sløkt blussa han opp igjen i eit område eigd av Tigellinus, ein rådgjevar til Nero. Tacitus insinuerte på grunn av dette at den andre og verre fasen av brannen var blitt starta etter ordre frå Nero. Seinare er det òg blitt sagt at Nero spelte fiolin under brannen.
I 66 la Nero tittelen Imperator til namnet sitt. Men riket var i opprør på grunn av dei økonomiske problema, og etter at folket hadde reiste seg i år 68 og det romerske senatet avsett han tok keisaren livet av seg. Han vart etterfylgd av dei såkalla revolusjonskeisarane: Galba, Otho og Vitellius.