Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Bioteknologi - Wikipedia

Bioteknologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bioteknologi er teknologi som tek i bruk biologiske system, særleg innan landbruk, næringsmiddelindustri og medisin. Faget byggjer på tre viktige område: Biokjemi, genetikk og molekylærbiologi. Bioteknologisk forsking dreier seg ofte om å lage nye produkt ved å bruke mikroorganismar.

Bioteknologi er eit nytt ord på ei form for naturvitskap som har blitt brukt i fleire århundre. Når det vart baka brød brukte folk bioteknologi utan at dei visste det — for når ein bakar brød tilset ein gjær for at brødet skal heva seg, og dette set i gang ein kjemisk prosess der gjæren byrjar å produsere karbondioksid, som vidare fører til at brødet hevar seg. Bioteknlogi har vorte brukt i fleire høve som til dømes når ein laga øl, vin eller ost.

Innhaldsliste

[endre] Kva vert laga og kva blir forska på innan bioteknologi ?

Bioteknologi er ei nytteorientert form for forsking. Det vert framstilt fleire nyttige produkt innan medisin, brennstoff, næringsmiddel og biologisk rensing. Innan medisin har det vorte framstilt veldig mange nyttige produkt. Antibiotika og fleire andre nyttige medisinar, genterapi mot kreft blant anna og bruk av alginat innan farmasøytisk industri. Innan næringsmiddelindustrien har det kome fleire produkt ved bruken av enzym og mjølkesyrebakteriar. Døme på nokre av produkta er nedbrytbar plast, vaskepulver og ethanol som brennstoff. Innan biologisk rensing har det vorte produsert fleire nyttige produkt som kan hindre miljøkatastrofar. Til dømes har det vorte laga ein type bakterie som ”ryddar” opp oljesøl.

Det vert forska mykje på genteknologi innan bioteknologi. Genteknologi er teknologi som baserar seg på å studera, isolera og endra arvestoffet DNA. Genteknologi gjer oss muligheitar me aldri har hatt før. Blant anna ved at me kan overføra genetisk informasjon mellom organismar. Genteknologi omhandlar eit område som det forskast veldig mykje på i USA. Kloning.

[endre] Kloning

Kloning er å lage ein heilt identisk kopi av noko. Det er fleire forskjellige måtar å klone ting på. Når ein klonar genar tar ein litt av ein DNA bete og set den inn ei bakterie. Kloning av celler skjer ved at ein nesten kopierar naturleg celledeling (mitose). Det er ein prosess som skjer heile tida for å skifte ut kroppen sine gamle celler. Kloning av plantar er heilt naturleg. Knollar på poteter og stiklingar på bærbuskar er faktisk kloning.

Når ein klonar dyr er det 2 måtar det kan gjerast på. 1. Embryosplitting. Det er ein teknikk der ein tar og splittar opp embryoet i eit egg etter befruktning, heilt opp til 8 celledelar. Denne teknikken er kjendt og vert brukt til å avle fram fleire eksemplar av eit godt arvemateriale. 2. Kjerneoverføring. Ein teknikk der ein tar kjerna ut frå egget, og set inn ei celle frå det individet ein vil klone. Denne metoden er komplisert og i dei aller fleste av forsøka endar det med at fosteret døyr, eller får store misdannelsar. Ein har ikkje greidd å klone alle dyr ved kjerneoverføring. Dei dyra ein har klart å klone er sau, ku, mus, gris og geit. 5. juli 1996 vart lammet Dolly fødd på Roslin Istituttet i Skottland. Dolly var det første dyret som var klona av ei celle frå eit vaksent dyr. Då ein klona Dolly vart kjerneoverføring nytta.


Kloning av menneske er eit omdiskutert tema. Hvis ein skulle klone eit menneske måtte ein brukt terapuetisk kloning. Det er å klone menneskeceller med eit mål om å lage stamceller som kan gje opphav til cellevev, noko som og kanskje kan brukast til å helbrede alvorlege sjukdommar. Det er endå ikkje vorte klona eit menneske i verda, men nokre forskarar har sagt at dei har som mål å klone menneske.


[endre] Kva utdanning må du ha for å drive med bioteknologi?

For å kunne jobbe innan bioteknologi må ein gå på ingeniørstudia. For å kunne gå der må ein tifredsstille spesielle krav innan matte og fysikk. I begynnelsen av studiet vil ein lære om data, matte og fysikk. Ein vil og spesialisere seg i kjemi og bioteknologi. Fordjupning i bioteknologi gjer deg kjennskap til biokjemi, mikrobiologi, genteknologi og biokjemiteknikk.

Etter 3 års studium får ein tittelen ingeniør. Noko som opnar for mange jobb muligheitar. Ein kan finne jobbar innan kjemisk industri, miljø, oljeindustri, legemiddebransjen osv. Ein kan og ta vidare utdanning. Då kan ein ta 2 års påbyggjing til master ved universitet anten i utlandet eller i Norge.

[endre] Korleis satsar Noreg innan bioteknologi?

Bioteknologi er ei type forskning Noreg har byrja å satse på, men fortsatt vert det gjeve for lite pengar til det. I fjorårets stasbudsjettet vart det gjeve 100 millionar med forslag om å auke med 50 millionar i år. Det vert allikevel små pengar i førehald til det USA brukar på bioteknologi. USA brukar 120 milliardar i året på bioteknologi. Så mykje brukar Noreg i førehald til USA på bioteknologi:

Innan marin bioteknologi og medisinsk diagnostikk hevdar Noreg seg bra. Firma som Biotec Pharmacon, Maritex og Intervet Norbio hevdar seg bra på områda sine. Grunnen til at Noreg hevdar seg godt innan marin bioteknologi er fordi Noreg satsar på lakseoppdrett. Det er drivkrafta for forskningen. Biotec Pharmacon kan glede seg over at dei i augenblinken sel Noregs dyraste eksportvare. Små porsjonar med vatn med rensande enzym frå opptinte reker. Eit gram av dette vatnet kostar 1 million kroner. Dei har så stor etterspørsel at dei slit med å produsere nok.

Det norske selskapet Genomar jobbar med å utvikle ein ny variant av den afrikanske ferskvassfisken tilapia. Ekspertar på laks seier den har ein heilt nøytral smak som kan tilpassas med kva du forar den med.

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com