Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Gjær - Wikipedia

Gjær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gjær får brød til å bli luftig og kanskje sprekka. (Foto: «Fir0002»
Forstørr
Gjær får brød til å bli luftig og kanskje sprekka. (Foto: «Fir0002»

Gjær, eller jest(er) er ein viktig ingrediens i til dømes brødbaking og bollebaking for at desse skal heve seg og bli luftige. Tilset ein gjær til saft bær, frukt eller rotgrønsaker utviklar det seg alkohol og resultatet blir vin eller sats til spritproduksjon. Om ein tilset gjær til vatn, humle og malt blir resultatet øl.

Innhaldsliste

[endre] Kva er det?

Mikroskopiske bilde av bakegjær (Saccharomyces cerevisiae) frå utsida (A) og frå innsida (B og C). (Kjelde:  Lawrence Berkeley National Laboratory).
Forstørr
Mikroskopiske bilde av bakegjær (Saccharomyces cerevisiae) frå utsida (A) og frå innsida (B og C). (Kjelde: Lawrence Berkeley National Laboratory).

Gjær kan vera fleire ulike eincella soppar. Det er identifisert over tusen ulike gjærartar, men dei fleste tilhøyrer sekksporesoppane.

Soppane kan anten pusta med oksygen (aerobisk) eller utan (anaerobisk). Gjær som ikkje har tilgang på oksygen vil omdanna sukker til karbondioksid og alkoholet etanol.

[endre] Historie

Den eldste dokumenterte bruken av gjær kjem frå sumerarane. Om lag 7000 år gamle inskripsjonar fortel at dei brukte rundt 40% av kornet dei dyrka til å brygga øl.

Dei gamle egyptarane fann ut at brød blei mykje luftigare om dei tilsette gjær.

Likevel tok det lang tid før ein skjøna korleis gjæren verka. Gjæring blei sett på som litt av ein trolldom, og ein følgde visse magiske tradisjonar for å hjelpa han å verka. Somme stader i Noreg pleide ein mellom anna vaka over ølbrygget.

Tørrgjær (Foto: Ranveig Thattai)
Forstørr
Tørrgjær (Foto: Ranveig Thattai)

Den første som verkeleg såg gjærceller var mikroskopmakaren Antonie van Leeuwenhoek i 1680. Biologane Cagniard-Latour og Schwann identifiserte desse cellene som soppar i 1837, og Louis Pasteur fann den siste puslespelbiten då han slo fast at gjæring var ein prosess forårsaka av levande gjærceller.

Fram til 1700-talet hadde ein brukt lik gjær til brygging og baking. Dette var mogleg med «låg» gjær, Saccharomyces cerevisiae, men ikkje med «låg» gjær, Saccharomyces carlsbergensis, fekk ikkje brødet til å heva. I 1780 tok nederlandske bryggarar til å laga og selja gjær som var meint for brødbaking.

Denne gjæren blei seld i flytande form. I 1825 tok den tyske fabrikken Tebbenhof til å laga gjær med mindre vatn, i blokker. Ei seinare utvikling var tørrgjær, der nesten alt vatnet er fjerna. Denne gjære held seg lengre, men er mindre effektiv enn fersk gjær.

[endre] Bruk

Gjæren får øl til å skumma.
Forstørr
Gjæren får øl til å skumma.

Til baking av brød, boller, pizza og liknande, vert det i norsk matlaging helst nytta tørrgjær eller ferskgjær. Her skaper karbondioksidet holer i deigen som gjer bakverket luftig. Alkoholet fordampar.

For framstilling av alkoholhaldige drikkar som øl og vin vert det som regel dyrka fram koloniar av gjær med dei kvalitetane bryggjaren ynskjer. Somme vinsortar vert ikkje tilsette gjær i det heile, men oppnår ynskt gjæring eine og åleina med gjæren som bur på drueskinnet. Drikken blir lagra lufttett for å halda på etanolet.

Gjær arbeider og herjar etter eigen vilje. Mat som gjærar der det ikkje er meininga frå mateigar si side, kan få uante, og gjerne uynskte fylgjer.

[endre] Peikar ut

Commons har multimedia som gjeld: Gjær
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com