Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Folkemusikk - Wikipedia

Folkemusikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Folkedansarar frå Færøyane
Forstørr
Folkedansarar frå Færøyane

«Folkemusikk» er ein sjanger eller eit sett av sjangerar som kan definerast på ulik måte, anten med omsyn til musikalsk stil, sjanger, funksjon, bruk, traderingsmåte (munnleg overlevering), framføring, sosiologiske eller etniske kriterier. I norsk samanheng tyder ikkje folkemusikk dei musikalske preferansane til dei breie lag av folket, men står heller for dei stiluttrykka som har vore reknast som typiske eller unike for ulike regionar i Noreg gjennom tidene.

[endre] Definisjon av omgrepet

Ofte blir folkemusikken sett i motsetjing til kunstmusikk og populærmusikk, men grensa mellom folkemusikk og populærmusikk som har lånt kunstneriske uttrykk frå folkemusikken — først og fremst når det gjeld viser — er flytande. Ofte vert det hevda at folkemusikk er kjenneteikna ved at ein spelar på gehør, men ikkje-vestleg kunstmusikk kan óg vere heilt framand for noteskrift, og fleire av dei kjente norske spelemennene opp gjennom tidene har meistra notar. Ei anna feiloppfatning er at opphavsmennene er ukjende i folkemusikken, sidan fleire melodiar og tekstar som vert brukt av folkemusikarar har ein namngjeven opphavsmann. Folkemusikk vert stadig utvikla, og blandar seg ofte med andre sjangrar, til dømes jazz og rock. Folkemusikk som bér tydelege trekk av rock vert ofte kalla folkrock.

Termen folkemusikk oppstod i fleire europeiske statar1700-talet, og har stått for diverse ulike musikkstilar gjennom åra. I dag tenkjer nordmenn først og fremst på spelemannsmusikk når dei får høyre termen, men det var først i løpet av 1900-tallet spelemenn byrja å bruke omgrepet når dei framførte musikken sin på ei scene. Dermed er det nok betre å sjå på omgrepet folkemusikk som ein historisk og/eller sosial kategorisering av ulike musikkstilar.

Ein av dei tidlege definisjonane av omgrepet som fekk brei aksept er basert på eit vedtak i The International Folk Music Council i 1954:

«Folkemusikk er produktet av ein musikktradisjon som har vakse fram gjennom prosessen med munnlege overføring. Dei faktorane som formar tradisjonen, er:

  • (1) kontinuitet, som knyter notida til fortida;
  • (2) variasjon, som spring ut av den kreative impulsen til den einskilde eller ei gruppa;
  • (3) utval, som gjøres av samfunnsgrupper og som bestemmer forma eller formene for vidareføringa av musikken.

Definisjonar av folkemusikk sentrerer seg som regel om desse fire kriteria:

  • Munnleg tradering - det at folkemusikken blir overlevert gjennom direkte formidling, anten gjennom utdanning eller gjennom uformelle nettverk eller meister-elev-relasjonar.
  • Kontinuitet - stiltrekk oppstår over tid gjennom kontakt mellom generasjonar.
  • Variasjon - melodiar og spelestil varierer i høve til stad, miljø eller individuell tilpassing, og musikkstykket er ikkje rekna som noko avslutta, i motsetjing til den klassiske, vestlege kunstmusikken. Omforminga og attskapinga er sentrale for folkemusikken.
  • Utval - Form- og stiltrekk vert vidareført eller forkasta av miljøet som brukar musikken.

Antropologen Jan-Petter Blom har laga denne definisjonen:

«Folkemusikk blir etter dette ein del av det totale musikkinventaret i eit samfunn, det vil seie eit sett av musikalske normer (sjangrar, former og utføringar) som har ein særleg verdi (1) i kraft av å vere tradisjon (2) i kraft av særpreg som gjer dei til bedarar av meldingar om etnisk, nasjonal og lokal identitet og utan omsyn til yrke, klasse, alder eller kjønn, og (3) som direkte og/eller indirekte blir kontrollert av individ og grupperingar som deler desse verdiane.»

[endre] Sjå óg

[endre] Kjelder

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com