Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Arthur Conan Doyle - Wikipedia

Arthur Conan Doyle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arthur Conan Doyle
Forstørr
Arthur Conan Doyle

Sir Arthur Ignatius Conan Doyle (fødd 22. mai 1859 i Edinburgh i Skottland, død 7. juli 1930 i Crowborough i England) var ein britisk lege og forfattar. Han er best kjend for detektivromanane sine med hovudfiguren Sherlock Holmes, som er generelt anarkjend som eit vesentleg bidrag til kriminallitteraturen. Doyle var ein profilert forfattar som òg skreiv science fiction, historiske romanar, skodespel, romanar og artiklar. Han vert ofte referert til som Conan Doyle. Conan var opprinneleg eit mellomnamn, men han brukte det sjølv som ein del av sitt etternamn i dei siste åra.

Innhaldsliste

[endre] Biografi

Sir Arthur Conan Doyle vart fødd i Edinburgh av irske foreldre som hadde emigrert til Skottland og vorte del av det lokale aristokratiet. Han vart ni år gammal sendt til Stonyhurst, ein barneskule driven av den katolske presteordenen jesuittane. Med mellomnavnet «Ignatius» er det rimelig å tru at foreldra hans var svært truande katolikker, men då Conan Doyle forlét skulen i 1875 forlét han òg kristendommen som livssyn og vart agnostikar.

Frå 1876 til 1881 studerte han medisin ved Edinburgh University, inkludert ein periode der han hadde utplassering i byen Aston, no eit distrikt under Birmingham. Som en del av tida hans på universitet hadde han òg praksis som skipslege på ein sjøfart til den vestafrikanske kysten, og deretter i 1882 etablerte han ein legepraksis i Plymouth. Han fekk eksamensbevisa sine i 1885. Den medisinske praksisen hans var ikkje særleg innbringande. Medan han venta på pasienta byrja han å skrive forteljingar. Den fyrste litterære utgjevinga hans var var i Chambers's Edinburgh Journal før han var tjue år gammal.

Det var etter at Doyle flytta praksisen sin til Southsea at han byrja å engasjere seg tyngre innan skjønnlitteratur. Grunnen var at det var langt mellom pasientane, så langt at likningsvesenet sendte sjølvmeldinga hans attende med påskrifta «Særs utilfredstillande». Han returnerte den med tilføyinga: «Eg er fullstendig einig!»

[endre] Den fyrste forteljinga

Sherlock Holmes (høgre) og dr. Watson, teikna av Sidney Paget
Forstørr
Sherlock Holmes (høgre) og dr. Watson, teikna av Sidney Paget

Det fyrste betydelege verket hans var «A Study in Scarlet» (En studie i rødt) som vart trykt i Beeton's Christmas Annual i 1887 og som var den fyrste opptredenen av Sherlock Holmes. Figuren var forma laust etter den tidlegare universitetsprofessoren til Doyle, Joseph Bell, som Doyle var assistent hjå i ein periode.

Medan han levde i Southsea hjalp han til med å danne Portsmouth Football Club, og var sjølv den fyrste målmannen på Portsmouth.

[endre] Ekteskap

I 1885 gifta han seg med Louise Hawkins, som lei av tuberkulose og døydde av det i 1906. Han gifta seg med Jean Leckie i 1907 som han hadde møtt og vorte forelska i allerede i 1897, men av respekt for den fyrste kona si var forholdet platonisk til ho døydde. Doyle fekk fem born, to med sin den fyrste kona (Mary og Kingsley), og deretter tre med den andre kona si (Jean, Denis og Adrian).

[endre] Holmes må dø!

Statue av Arthur Conan Doyle i Crowborough
Forstørr
Statue av Arthur Conan Doyle i Crowborough

I 1890 studerte Doyle optikk og augemedisin i Wien, og i 1891 flytta han til London for å etablere ein praksis som augelege. Det gav han også meir tid til skriving.

Minneplakett nær Reichenbachfossen der Doyle lét Moriarty og Sherlock Holmes styrte i døden.
Forstørr
Minneplakett nær Reichenbachfossen der Doyle lét Moriarty og Sherlock Holmes styrte i døden.

I november 1891 kunne han nemne i eit brev mor si at

«Jeg tenkjer på å ta livet av Holmes... og sette han i skåpet for godt. Han tek merksemda mi frå betre ting.»

I desember 1893 gjorde han dette for å kunne bruke meir tid «viktigare ting», nemleg historiske romanar.

Doyle lét Holmes møte erkefienden sin professor Moriarty. Dei fall begge mot sin død i ein foss i Sveits i «The Final Story» (Det siste problem). Doyle var ikkje klar over i kva grad Holmes var vorte ein integrert del av den lesande medvitet, og eit folkeleg press tvang han midlertidig til la Holmes returnere i forteljinga «The Adventure of the Empty House» (Historien om det tomme hus). Doyle forklarte at det var kun Moriarty som hadde falle i døden, og sidan Holmes hadde andre dødelege fiendar hadde han sett seg tjent med å «spele død».

Sherlock Holmes var alt i alt hovudpersonen i 56 noveller og fire romanar (skjønt andre forfattarar enn Conan Doyle har òg skrive bøker om ham.)

[endre] Inn i politikken

I kjølvatnet av boarkrigen i Sør-Afrika ved slutten av århundret fordømminga av britisk oppførsel i verda fekk Doyle til å skrive ein pamflett med tittelen «The War in South Africa: Its Cause and Conduct» (Krigen i Sør-Afrika; dets grunn og adferd) som vart omsett til mange språk. Den forsvarte rolla til Storbritannia i krigen. Doyle meinte sjølv at denne pamfletten var grunnen til at han vart slegen til riddar og utnemnd til visestatthalder i Surrey i 1902.

Han skreiv òg ei lenger bok, The Great Boer War, i 1900. I løpet av dei fyrste åra av 1900-talet stilte Sir Arthur to gonger for ein plass i det britiske parlamentet som Liberal Unionist, en gong i Edinburgh og ein gong i Border Burghs, men sjølv om han fekk eit respektabelt antal røyster var det ikkje nok for å verte vald. Han vart derimot den fyrste æresmedlemmen av Ski Club of Great Britain, Den britiske skiforeininga.

Conan Doyle var involvert i kampanjen for å reformere Fristaten Kongo, ein kampanje som vart leia av journalisten Edmund Dene Morel og diplomaten Roger Casement. Han skreiv «The Crime of the Congo» i 1909, ein lang pamflett som fordømte overgrepa i Kongo. Han var ven med både Morel og Casement, og vart inspirert til å bruke dei begge som hovudfigurar i romanen «The Lost World» i 1912. Han braut kontakten med dei begge då fyrste verdenskrigen braut ut. Morel var på venstresida i politikken og vart ein av leiarane i pasifistrørsla, medan Casement «svika» England til fordel for Irland som hadde den politiske kampen sin for sjølvstende. Då Casement vart arrestert for forræderi og fekk dødsstraff, stilte Conan Doyle likevel opp for ham og argumenterte at Casement hadde vorte gal og ikkje ansvarleg for handlingane sine.

[endre] Møte med rettssystemet

Doyle var òg ein entusiastisk tilhengjar av juridisk rettferd, og personleg etterforska han to kriminalsaker i 1906; den fyrste involverte ein sky halvt britisk, halvt indisk advokat, George Edalji som var tiltala for å ha skrive trugande brev og mishandla dyr. Politiet var overbeviste om at Edalji var skuldig, sjølv mishandlinga hadde føregått etter at han var vorte arrestert. Det var på nettopp på grunnlag av denne saka at Court of Criminal Appeal (Ankedomstolen for kriminalsaker) vart etablert i 1907. Doyle hjalp ikkje berre Edalji, men han forbetra også det britiske rettsvesenet.

Den andre saka gjaldt Oscar Slater, ein tysk jøde og spelar, som var dømd for å ha plyndra ei 82 år gammal dame i 1908. Det som var uklart og motseiande i prosedyrane pirra forvitenskapen til Doyle og gav han antakingar om at Slater hadde vorte utsett for falsk tiltale. Både Edalji og Slater vart lausletne som eit resultat ikkje minst på grunn av Conan Doyle sin innsats på deira vegne.

[endre] Møte med det overnaturlege

I sine siste år vart Conan Doyle involvert i spiritisme (trua på det overnaturlige) og i eit slikt omfang at han skreiv ein roman om det; «The Land of Mist» (Tåkens land). Eit av dei meir merkelege aspekta av denne fasen av livet hans var boka «The Coming of the Fairies» (1921).

Han var absolutt overbevist om truverdet til nokre fotografi som det vart påstått førestilte nokre alvar, dei såkalla Cottingley-bileta, og som han trykte i boka, saman med teoriar om at alvar og ånder kunne eksistere. Cottingley-bileta vart seinare avslørt som eit falsum, men då var Doyle død. Sjå boka «Alver» av den norske religionshistorikaren og alveforskaren Jeanette Sky. Referanse: Kjønn i magiens verden.

Arbeidet til Doyle på disse punkta var ein av grunnane til at ei av novellesamlingane hans, «The Adventures of Sherlock Holmes», vart ulovlege i Sovjetunionen i 1929 fordi dei meinte den inneheldt okkultisme, forbudet vart likevel teke vekk seinare.

Doyle vart i ei tid ven med den amerikanske tryllekunstnaren Harry Houdini som var ein framståande motstandar av spiritistrørsla. Sjølv om Houdini påviste at spiritistiske medium brukte seg lureri og bløff var Doyle sjølv overbevist om at Houdini måtte ha overnaturlege krefter, noko han uttrykte i boka «The Edge of the Unknown» (På kanten av det ukjente). Det var umogleg for Houdini å overbevise Doyle om at han berre brukte nokre kjende tryllekunstar.

[endre] Ettermæle

Arthur Conan Doyle er begreven på kyrkjegarden Minstead i New Forest i Hampshire i England.

Ei statue er vorte reist i æra hans. Den kan ein sjå ved Crowborough Cross i Crowborough i East Sussex, der Sir Arthur levde i 23 år. Det er òg ei statue av Sherlock Holmes i Picardy Place i Edinburgh, rett ved huset der Conan Doyle vart fødd.

[endre] Sjå òg

[endre] Utvalgd bibliografi

Sherlock Holmes-historiene:

  • A Study in Scarlet (1887)
  • The Sign of Four (1890)
  • The Adventures of Sherlock Holmes (1892)
  • The Memoirs of Sherlock Holmes (1894)
  • The Hound of the Baskervilles (1902)
  • The Return of Sherlock Holmes (1904)
  • The Valley of Fear (1914)
  • His Last Bow (1917)
  • The Case Book of Sherlock Holmes (1927)

Professor Challenger-historiene:

  • The Lost World (1912)
  • The Poison Belt (1913)
  • The Land of Mists (1926)
  • The Disintegration Machine (1927)
  • When the World Screamed (1928)

Historiske romanar:

  • The White Company (1891)
  • Micah Clarke (1888)
  • The Great Shadow (1892)
  • The Refugees (1893)
  • Uncle Bernac (1897)
  • Sir Nigel (1906)

Andre verk:

  • Mystery of Cloomber (1889)
  • The Captain of the Polestar, and other tales (1890)
  • The Doings Of Raffles Haw (1891)
  • Beyond the City (1892)
  • Round The Red Lamp (1894)
  • The Parasite (1894)
  • The Stark Munro Letters (1895)
  • Rodney Stone (1896)
  • Songs of Action (1898)
  • The Tragedy of The Korosko (1898)
  • A Duet (1899)
  • The Great Boer War (1900)
  • The Exploits of Brigadier Gerard (1903)
  • Through the Magic Door (1907)
  • The Crime of the Congo (1909)
  • The New Revelation (1918)
  • The Vital Message (1919)
  • Tales of Terror & Mystery (1923)
  • The History of Spiritualism (1926)

[endre] På verdsveven

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com