Angkor Vat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Angkor Vat (khmer, 'tempelet i Angkor') er det mest kjende tempelet i ruinbyen Angkor i det nordlege Kambodsja, og det einaste tempelet på staden som har vore ein viktig religiøs samlingsstad sidan det blei bygd. Angkor Vat er eit typisk døme på klassisk khmer-arkitektur, som blir kalla Angkor Vat-stilen. Saman med resten av Angkor blei det sett på UNESCO-lista over verdas kulturarv i 1992.
[endre] Historie
Tempelkomplekset blei bygd av kong Suryavarman 2. (1113–1150) som ein hinduistisk heilagdom for guden Visjnu. På 1300- eller 1400-talet blei tempelet gjort om til ein theravada-buddhistisk heilagdom, noko det meir eller mindre fortsette å vere heilt fram til i dag, sjølv om resten av Angkor blei fråflytta på 1500-talet.
[endre] Tempelbygningen
Tempeleområdet er omkransa av ei vollgrav og ein yttermur. Hovudbygninga inneheld galleri med steinrelieff rundt dei indre gardane, der det er basseng (utan vatn), og den sentrale bygninga, der dei fem tårna står. Hovudinngangen er frå vest, og dit kjem ein via ei lang bru over vollgrava til hovudporten i yttermuren.
Tempelet skulle vere ei framstilling av det hinduistiske universet. Det midtre tårnet var det heilage fjellet Meru, yttermurane var berga som omkranser verda, og vollgrava havet utanfor desse igjen.
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |