Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Ten folket - Wikipedia

Ten folket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ten Folket
Partileiar: ? (talsperson: Henrik Ormåsen)]]
Oppretta: 1998
Ideologi: Marxist-leninisme
Farge: raud
Hovudkontor: Postboks 679
5502 Haugesund
Epost: ?
Nettstad: www.tjen-folket.no
Ungdomsorganisasjon: [[]]
Partiavis: [[]]
Internasjonal tilknyting:  ?
Europeisk tilknyting:  ?
Ordførarar: Stiller ikkje til val
Kommunestyrerepresentantar: Stiller ikkje til val
Fylkestingsrepresentantar: Stiller ikkje til val
Stortingsrepresentantar: Stiller ikkje til val
Medlemstal: ?

Ten folket (TF) er ein marxist-leninistisk organisasjon. Gruppa vart tufta i 1998.

Innhaldsliste

[endre] Organisasjon

Korleis organisasjonen er oppbygd, er ukjend. Landsmøte og interne dokument er ikkje offentlege. Årsmøtet vel ein offisiell talsperson, som er einaste offentleg kjende medlem av organisasjonen. Henrik Ormåsen har vore talsperson sidan starten. Henrik Ormåsen vart i 1997 ekskludert frå Akp og RU etter interne konfliktar, og var med på å stifta TF året etter.

[endre] Overgangen frå kapitalismen til kommunismen

I tråd med marxismen meiner TF at samfunnet i dag er eit borgarleg diktatur. Vidare meiner dei at borgarskapet (den rikaste/ mest privilegerte klassa) ikkje vil gi frå seg privilega deira frivillig, og freistnader om fredeleg overgang til sosialismen vil bli møtt med væpna motstand. Dei viser mellom anna til røynslene frå Chile kor sosialistpartiet, med Salvador Allende som partileiar, vant valet i 1970, men blei styrta i eit kontrarevolusjonært kupp leia av Augusto Pinochet.

Ten folket meiner derfor at ein overgang til sosialismen ikkje kan skje gjennom parlamentariske val, og at han truleg òg vil bli væpna.

[endre] Dagens samfunn, kapitalismen

Gruppa meiner vidare at dagens problem med fattigdom og ein økologisk katastrofe som nærmar seg ikkje kan bli løyst i eit markedsøkonomisk system. Dei meiner at mennesket sjølv må skaffe seg kontroll over produksjonen gjennom planøkonomi, slik at ein produserer ut i frå kva som tener menneska, ikkje kva som tener aksjonærane.

[endre] Vitskap

For å kunne endre på systemet meiner Ten folket at ein må nytte vitskapen for å få faktisk kunnskap om korleis kapitalismen fungerer. Til dette nyttar dei marxismen-leninismen Mao Zedongs tenkning (gjerne omtalt som maoismen).

[endre] Kommunismens første fase

Under revolusjonen meiner Ten folket at proletariatet (eller arbeidarklassa) først må styrte dagens diktatur og erstatte det med eit fleirtalsdiktatur skapt av dei undertrykkja klassane, for å hindre den gamle herskarklassa i å atterreise det gamle systemet (kapitalismen) gjennom ein kontrarevolusjon.

Marx kalla det nye systemet for «kommunismens første fase». I seinare tid er denne fasen meir kjent som «sosialismen». Dette er et overgangssamfunn med store restar frå det samfunnet det spring ut i frå (mellom anna vil klasseskiljet framleis eksistere)

Dei meiner at klassane etter kvart vil «visne hen» (i tråd med Friedrich Engels), og at ein vil gå inn det klasselause samfunnet.

[endre] Kommunismens andre fase

Målet for TF er det Karl Marx kalla fridommens rike, òg kjent som kommunismen, eller kommunismens andre fase. «Fridommens rike» blir sett på som ein motsetjing (sjå motseiing) frå «turftas/ naudsynets rike». Under kapitalismen og òg kommunismens første fase mener de at «turftas rike» vil vera det dominerande, men at den litt etter litt vil bli redusert, og gå over til større fridom for individa.

[endre] TF i forhold til andre parti på venstresida

TF har sine røtter i den nye marxist-leninistiske rørsla som voks fram på 60- og 70-talet , i Noreg først og fremst representert ved AKP. Ten Folket meiner at ei stor «høgrebølgje» kom inn over Noreg på 80-talet, og at Akp blei sterkt påverka av denne.

I denne perioden omformulerte Akp mykje av politikken sin, så han vart meir i tråd med den rådande omgrepsbruken i samfunnet elles, og gjekk vekk frå ein del gamle prinsipp som folk flest gjerne assosierar med dei gamle diktaturstatane i Aust-Europa. Teoriane om proletariatets diktatur, som Lenin omtalte som «eit nøkkelspørsmål» i motsetjinga mellom reformistane og dei revolusjonære var ein av desse teoriane. Ten folket har i langt mindre grad endra på det dei meiner er dei sentrale prinsippa innanfor marxismen. Av denne grunn blir dei òg gjerne omtalt som dogmatiske. Sjølv er dei usamde i dette, og meiner dei har gjort ein rekkje tilpassingar av den marxistiske teorien for vårt land og vår tid.


Politiske rørsler i Noreg:
Arbeidernes Kommunistparti (AKP) | Direktedemokratane | Forbundet Internasjonalen | Internasjonale Sosialistar | Marxistisk Forum | Ml-gruppa Revolusjon | Ten folket
Sjå òg: Politiske parti i Noreg | Tidlegare politiske parti i Noreg
På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com