Augusto Pinochet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
President i Chile | 11. september 1973–11. mars 1990 |
Føregjengar | Salvador Allende |
Etterfylgjar | Patricio Aylwin |
Fødd | 25. november 1915 i Valparaiso |
Død | 10. desember 2006 |
Gift med | Lucía Hiriart Rodríguez |
Barn | |
Gravlagd | |
Styresett | Militærdiktatur |
Augusto José Ramón Pinochet Ugarte (25. november 1915–10. desember 2006) var ein chilensk general og politikar. Han var president i Chile frå 1973 til 1990, og framleis forsvarssjef i nokre år etter det. Han kom til makta gjennom eit USA-støtta militærkupp mot den folkevalde sosialistiske presidenten Salvador Allende, som døydde under kuppet. Han leidde landet som eit høgreorientert militærdiktatur, som sjef for ein militærjunta. Fleire tusen menneske vart myrda under diktaturet, og enda mange fleire vart torturerte. Ein stor del av folket vart drivne i eksil. Den økonomiske politikken til Pinochet-regimet var marknadsliberalistisk. Frie fagforeiningar var forbodne.
Føregjengar: Salvador Allende |
President i Chile |
Etterfylgjar: Patricio Aylwin |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |