Stranda
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1525 |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Administrasjonssenter: | Stranda |
Flatevidd: | 867 km² |
Folketal: | 4 544 (2006) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.stranda.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Frank Sve (Frp) 2003-2007 |
Stranda er ein kommune i Møre og Romsdal. Han ligg ved Storfjorden på Indre Sunnmøre. Kommunesenteret er Stranda, som har 3.500 innbyggjarar, men bygdene Geiranger (250 innb.), Hellesylt (680 innb.), Liabygda (260 innb.) ligg òg i kommunen.
Industriverksemd er hovudnæringa i kommunen, og i tillegg til kjøt- og møbelindustri ligg mellom anna den største fabrikken for frosen pizza i Noreg her. Der lagar dei den kjende Grandiosa-pizzaen.
Stranda har to vidaregåande skular. Den private kristne internatskulen Vestborg vidaregåande skule og den fylkeskommunale Stranda vidaregåande skule.
Fjellområdet Åkerneset i Sunnylvfjorden er rekna som ustabilt, og eit ras der kan skapa ei flodbølgje som vil ramma fleire av tettstadene. Fjellet er derfor nøye overvaka. [1]
Reiselivsnæringa har lange og sterke tradisjonar i kommunen. Geiranger vart tidleg eit reisemål, alt i 1869 kom det første skipet med utenlandske turistar til Geiranger. I dag er Geiranger nest største cruise-hamna i Noreg med 160 cruiseskip-anløp kvart år. I tillegg kjem dagleg anløp av hurtigruta. I alt gjestar om lag 700.000 turistar kvar sommar Geiranger.
Fossar, fjord, fjell og fråflytte fjellgardar som klorer seg fast i bratthenga, har gitt Geirangerfjorden oppnamnet ”Verdens vakraste fjord”. Han står på UNESCO si verdsarvliste.
Den ideelle organisasjonen Storfjordens Venner har i ei årrekkje restaurert fleire av dei fråflytte fjellgardane, m.a. ved hjelp av midlar frå Riksantikvaren og friviljugt arbeide.
[endre] Kjende folk frå Stranda kommune
- Are Kalvø (1969– ), komikar og forfattar.
- Bjarne Solbakken, idrettsutøvar.
- Pål Øie, filmregisssør.
- Margreth Olin, filmregissør.
- Petra Hellesylt Sæther (1907– ), jordmor.
- Peter Opsvik (1939– ), møbeldesigner. [2]
- Nils E. Ringset (1886–1976), bonde, venstrepolitikar og organisasjonsmann.
- Olav Oksvik (1888–1958), arbeidarpolitikar.
- P.I. Langlo (1892–1940), føregangsmann og grunnleggjar av norsk møbelindustri.
[endre] Eksterne lenkjer
- Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap
- Strandanett, nettportal for Stranda kommune med nyheiter m.m.
- Sunnmøringen, lokalavis for bygdelaga i Stranda kommune.
- Stranda Sogelag - lokalsoge for bygdene: Stranda, Sunnylven, Geiranger og Liabygda.
- Vestborg vidaregåande skule - Kristen internatskule på Stranda.
- Stranda vidaregåande skule.
- Storfjord Kulturhus.
- Stranda Rotary Klubb.
- Stranda Prestegjeld.
- Alperittet på Stranda.
- Reisemålet Geiranger, med aktivitetar.
- Nibberittet og annan sportsaktivitet i Geiranger.
- Strandafjellet Skisenter.
- Stranda Fotball.
- Stranda Turlag.
- Stranda Sykkelklubb.
- Stranda Golfklubb.
- The Golden Route.
- Destinasjon Geirangerfjord - Trollstigen,
- Sunnylven Idrottslag,
|
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |