Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Runde - Wikipedia

Runde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fakta om Runde
Kommune: Herøy
Fylke: Møre og Romsdal
Matrikkelgardar: Runde og Goksøyr
Folkemengd: 133 (2005)
Postnummer: 6096

Runde er ei øy i Herøy kommune på Sunnmøre. Runde er internasjonalt kjent for fuglefjellet, men har også mykje besøk frå skattejegarar som ynskjer å finne gull- og sølv-myntar etter «Akerendam»-forliset.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Ein havhest i flukt ved fuglefjellet på Runde. (Foto: T. Müller)
Forstørr
Ein havhest i flukt ved fuglefjellet på Runde. (Foto: T. Müller)

Runde ligg nordvest i kommunen med busetnad i aust, og nord. Garden Runde ligg på austsida, medan Goksøyr ligg på nordsida. På Kvalneset heilt i nordvest på øya, ligg Runde fyr, oppretta i 1767 som eit av dei første i Noreg og sett i ubemanna drift i 2002. Det høgste punktet er Varden med sine 332 meter over havet søraust på øya, men Rundabranden er lettare å sjå der den stig 294 meter nesten rett opp frå havet i vest. Vegen til Runde har kome over Rundebrua frå Remøy sidan 1982. Før den tid var sjøvegen einaste måten å kome seg til Runde.

Utsikt frå Rundefjellet mot Goksøyra. (Foto: T. Müller)
Forstørr
Utsikt frå Rundefjellet mot Goksøyra. (Foto: T. Müller)

Fuglefjellet ligg på vestsida av Rundefjellet og er heim til omlag 500 000 fugl, deriblant lundefugl, havsule, krykkje, alke og lomvi. Skarveura ligg på nordsida av øya, og her finst ein av verdas største koloniar av toppskarv. I dei bratte grasbakkane på nord- og austsida finn vi eit stadig veksende tal med havhest.

Grunnkrinsen Runde hadde 133 innbyggjarar med eit allsidig virke per 1. januar 2005. Innbyggjarane her står òg bak innsamlingsprosjektet Herøy Village. Næringslivet på Runde omfattar eit gartneri, fiskeri, jordbruk, campingturisme med tilknytta servicebedrifter, guida turar både på sjøen og til lands og ein leirskule.

[endre] Historie

Runde har ei lang historie med mange dramatiske hendingar knytta til vêret. Fleire forlis, nokre berre nemnde i segner, andre med store skattar som er berga, førde til oppføringa av Runde fyr. Seinare, i 1880, tok ei dramatisk ulukke med mange augnevitne livet av 8 personar der dei fleste var frå Runde. I 1992 vart fuglebestanden truga då MS «Arisan» lak fleire tonn med tungolje etter å ha gått på grunn på skjeret Geitmaren. I 1982 vart Runde tilknytta resten av kommunen med veg då Rundebrua vart ferdigstilt.

[endre] Hendingar

  • 8. mars 1725: Funn av vrakrestar og lik etter Aust-India-fararen «Akerendam».
  • 1767: Runde fyr vart oppretta i privat eige som det femte fyret i Noreg etter Lindesnes fyr.
  • 1807: Runde fyr vart overteke av staten.
  • 10. mars 1880: 8 mann døydde i ei ulukke, fem av dei då dei prøvde å berge dei tre andre.
  • 4. juni 1982: Rundebrua vart opna
  • 12. mars 1992: Bulkskipet MS «Arisan» gjekk på grunn utanfor Runde og olja tok livet av fleire tusen fugl
Øya Runde med brua til Remøy til høgre. (Foto Trond A. Myklebust)
Forstørr
Øya Runde med brua til Remøy til høgre. (Foto Trond A. Myklebust)

I tillegg går det segn om at eit skip i den spanske flåten «Castillo Negro» forliste på slutten av 1500-talet.

[endre] Runde som slektsnamn

Det er 271 personar som har Runde som slektsnamn i Noreg per mars 2005.

[endre] Kjende namneberarar

[endre] Bakgrunnsstoff

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com