Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Runde fyr - Wikipedia

Runde fyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rundøy fyr

Ved brakande båar i yttarste leid,
med sjøsprøyt over sin isse.
Der sjøfuglen vak frå sitt vellande reir
har omsut for alt til det siste.
Der standa du traust på di lange vakt
og sender ut blink i den kolsvarte natt,
så ingen sitt liv her skal spille.

(Av ukjend fyrarbeidar)

Runde fyr ligg på Runde i Herøy kommuneSunnmøre. Det vart oppretta i privat eige som det femte fyret i Noreg etter Lindesnes fyr i 1767. I 1807 tok staten over fyret som vart automatisert i september 2002. Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST) har etter dette fått i stand ein avtale med Kystverket, og har sidan juli 2003 nytta den nyaste fyrvaktarbustaden som turisthytte. Fyret vart verna av riksantikvaren i 2001.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Då Runde fyr vart oppretta i 1767, var det fordi auka trafikk langs kysten førde til fleire ulukker, og ikkje minst rundt Runde var det farleg å ferdast. Mellom anna hadde det nederlandske handelsskipet Akerendam gått ned like ved Kvalneset, der fyret står no, i 1725. I starten var fyret mest som ei gryte som ein haldt fyr i, men i 1826, nokre år etter at staten tok over, vart det oppgradert til kullblussfyr. Seinare, i 1858, vart det bygd eit jerntårn yst ute på Kvalneset. I 1935 vart fyret vidare oppgradert til eit betongtårn som står lenger oppe i skråninga. Lykta i det nye tårnet vart tent 27. august samme året. Fyret vart etterkvart meir og meir automatisert og i 2002 var det ikkje lenger naudsynt med menneskleg overvaking og den siste fyrvaktaren flytta ut.

[endre] Busetnad på fyrstasjonen

Dei gamle fyra måtte overvakast nærast døgeret rundt, noko som medførde at fyrvaktaren måtte bu så nær som mogleg. Per 2005 består fyrstasjonen av 6 bygg; sjølve fyrbygninga, smie, 2 bustadshus, kombinert fjøs og låve, og olje- og vedbod. I desse husa helt tidvis svært mange til. Gjennom åra budde der fyrvaktarar, assistentar, koner, born, guvernanter, tenestefolk og husdyr. Guvernantene var der for å halde skule for borna.

[endre] Fakta

  • Oppretta i 1767
  • Automatisert i 2002
  • Lykta ligg 49,5 meter over flo sjø.
  • Lysvidda til lykta er 19 nautiske mil.
  • Hamna er så utsett og grunn at landsetjing er mogleg kun når det er flo, fint vér og elles roleg sjø.

[endre] Bakgrunnsstoff

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com