Oligarki
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike styresett
Lista er sortert alfabetisk. |
Oligarki (frå gresk ὀλιγαρχία oligarkhía "fåmannsvelde", av ὀλίγος olígos "få" og αρχία arkhía "styre") er eit styresett der den politiske makta er samla hjå ei lista gruppe, såkalla oligarker. Makta ligg til vanleg hjå den mektigaste, utifrå rikdom, familierelasjonar, militær styrke, politisk påverknad eller liknande.
Eit oligarki er ofte styrt av nokre få mektige familiar der borna vert oppseda til å arva makta. I motsetnad til aristokrati (”styrt av dei beste”) treng ikkje makta i eit oligarki å verta styrd offentleg - oligarkane kan like gjerne stå bak trona og trekkja i trådane. Mange europeiske kongedøme byrja som oligarki, der familiane med makta avgjorde kven som skulle innsetjast som kongar, biskopar og liknande.
Eit vanleg moderne døme på oligarki er når eit land vert styrt av ein militærjunta.
Russisk oligark tyder ein russisk forretningsmann som slo seg opp då Boris Jeltsin var president på 1990-talet.