Nantes
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nantes er ein by i det vestlege Frankrike. Byen har 277 728 innbyggjarar (1999), 711 120 med forstadene. Dette gjer Nantes til den sjette største byen i Frankrike.
Nantes vart kristna på 300-talet og vart i åra etter åtaka av saksarar, frankarar og normannarar. Byen var lenge hovudstad i Bretagne, men blei skild frå regionen av Vichy-regjeringa i 1941. Sidan 1971 har byen vore del av regionen Pays de la Loire, men mange innbyggjarar føler seg fortsatt kulturelt heime i Bretagne.
[endre] Kjende folk frå Nantes
- Anne av Bretagne
- Jules Verne, forfattar
[endre] Anna
Den bretonske musikkgruppa Tri Yann heitte opphavleg Tri Yann an Naoned, som er bretonsk for "tre Janar frå Nantes".
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |