Hjul
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit hjul er ein sirkel- eller sylinderforma konstruksjon for å omdanne lineær rørsle til rotasjonsrørsle. Hjulet vert rekna som ein av dei enkle maskinane i fysikken.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Hjulet regnast òg som ei av dei viktigaste oppfinningar i menneske si historie. De fleste plasserer oppfinninga av hjulet i Mesopotamia kring 4000 f.Kr. Det ser også ut til å ha blitt oppfunnet i Kina omkring 2800 f.Kr. uavhengig av Mesopotamia. Blant sivilisasjonar på den vestlege halvkula finn ein hjulliknande gjenstandar i samband med leikety frå kring 1500 f.Kr.
[endre] Hjul på bilar
Grunnen til at det er hjul på ein bil er at den skal kunne røre seg (rulle), og bære vekta av seg sjølv, passasjerar og last. Vidare vil hjula òg gjere det mulig å styre bilen. Hjula overfører kreftene frå motoren til vegen slik at bilen akselererer, eller bremser (retarderer). På moderne personbilar er eit hjul sett saman av ein felg og eit dekk. Felgen er gjort av eit metall, oftast stål eller ei legering av lettmetall som for eksempel aluminium, magnesium eller liknande. Det har vore ei rivande utvikling særlig dei siste 30 åra både når det gjeld felgar og dekk.
[endre] Tannhjul
Eit tannhjul er ein del av drivverket i mekaniske innretningar som til dømes urverk. For utdjupande artikkel sjå tannhjul.
[endre] Patent på hjulet
I juli 2001 klarte John Keough, ein advokat frå Melbourne i Australia, å ta patent på hjulet. Han skildra hjulet i søknaden som ein «sirkulær gjenstand som muliggjer transport». Meininga var å vise at moderne patentlover er unøyaktige og urettferdige, slik at uærlege personar lett kan dra nytte av andre sine oppfinningar.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |