Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Hinduar - Wikipedia

Hinduar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hinduismen
Hinduar

Tenkjarar: Sjankara | Ramanudja | Madhva | Vallabha | Tsjaitanja
Bhaktaer: Mira | Kabir | Andal | Surdas | náthane | alvarane | nájanmarane | dasaene

Retningar

vedisk hinduisme | dei seks astika-skulane | vedanta | advaita | visjisjtadvaita | dvaita | tantra | bhakti

Det hinduistiske samfunnet

hindutempel | djotisj | ayurveda | hindulova | kastesystemet

Ein hindu i fargerike klede i Nepal.
Forstørr
Ein hindu i fargerike klede i Nepal.

Hinduar er personar som på eitt eller anna vis føler seg som del av hinduismen. Enkelt sagt er det nesten alle frå det indiske subkontinentet og øyar i nærleiken, i tillegg til etterkomarane deira, så lenge dei ikkje rekner seg som del av ein annan religion, som islam, kristendommen, parsismen eller buddhismen.

Innhaldsliste

[endre] Definisjon

[endre] Rettsleg definisjon

Ein dom i den indiske høgsteretten i 1966 definerte ein hindu slik:

  • Gjev Vedaskriftene den høgaste filosfiske og religiøse autoriteten
  • Meiner at verda og menneska går gjennom syklusar, mellom anna gjennom reinkarnasjon
  • Viser toleranse for andre trusretningar, ettersom sanninga har mange sider, og frelse kan finnast på mange ulike måtar
  • Erkjenner at ein truande kan tilbe éin gud, mange, eller ingen
  • Er ikkje fast bunde til noko særskild filosofisk syn

Denne definisjonen blei brukt då Swami Narayana-sekta ønska å kalla seg ikkje-hinduar for å omgå ein lov som sa at alle skulle ha tilgang til hinduistiske tempel. I følge denne definisjonen var dei likevel hinduar.

[endre] Daglegdags definisjon

For folk flest er «hindu» likevel bare noko ein er, fordi ein er fødd inn i ein hindufamilie. Det er ikkje vanleg å konvertera til religionen, ettersom hinduistisk filosofi meiner at kvar og ein må følgja den vegen til sanninga (Gud) han er fødd til.

[endre] Utøving

Hinduar kan følgja visse levereglar, som å eta lovleg mat, fasta, meditera og be, eller dei kan la det vera. Sjølv om ein bryt alle reglar, nedskrivne eller uskrivne, er ein fortsatt ein hindu.

[endre] Vegen til Gud

Ein mann ber med vatn frå Ganga.
Forstørr
Ein mann ber med vatn frå Ganga.

Dersom ein vil vera ein god hindu, er det mange måtar å gjera det på. Ein kan gå heilt opp i arbeidet sitt, ettersom å tena samfunnet er å tena Gud. Mange hinduar held årlege seremoniar der dei signer verktyet sitt, anten det er ein plog og ei sigd eller ein datamaskin. Nokre kvinner tilber mannen sin som ein gud. Ein kan òg gå i tempel, eller be heime dagleg. Dei som held til nær ei heilag elv eller innsjø kan gå dit for å finna ein særs heilag stad. For andre er kroppen det viktigaste tempelet, og dei driv med yoga eller meditasjon for å koma nærare sanninga.

Nokre hinduar, særleg dei som er litt eldre, vel å via seg fullt ut til religionen ved å bli sannyasi, ein slags tiggarmunkar og -nonner som ikkje skal eiga nokon ting, bortsett frå ei sterk tru. Ei anna måte å dyrka guddommen på, er å bruka musikk som ei form for bøn. Slik kan musikarar, dansarar og særleg songarar kan bli sett på som svært gudelege.

[endre] Kosthald

Kvinne med hinduistisk pannemerke i Darjeeling.
Forstørr
Kvinne med hinduistisk pannemerke i Darjeeling.

Ettersom hinduismen meiner at alt liv er heilag, og dreping dårleg, er mange hinduar heilt eller delvis vegetarar. Ei lita gruppe et aldri kjøt. Andre definerer visse typar kjøt, som fisk eller fugl, som «vegetariske», medan dei ikkje et andre typar, som kukjøt. Nokre følger den djainistiske modellen, og et bare plantedelar som ikkje inneber at dei vil drepa planten. Mange hinduar et vegetarisk mat på særskilde dagar, til ære for ein guddom, medan dei et kjøt elles.

[endre] Utsjånad

Eit typisk trekk ved mange hinduar er at dei ber hinduistiske pannemerker, prikkar eller strekar i ulike fargar. Desse blir ofte feilaktig kalla kastemerke. Merket kan brukast dagleg eller bli gjeven som ei signing etter ein særskild religiøs seremoni.

For mange hinduistiske kvinner er òg sarien eit viktig klesplagg som heng saman med religionen deira. Menn har i dag ikkje noko tilsvarande plagg.

Ein heilag mann i raude klede.
Forstørr
Ein heilag mann i raude klede.

Prestar opptrer gjerne barbrysta, og dei som tilhøyrer brahminkasta har ein heilag tråd skrått over overkroppen. Heilage menn og kvinner (sannyasiar og sadhuar) kler seg gjerne i safranfarga eller raudlege tøystykke.

[endre] Ulike typer hinduar

Det finst likevel svært mange grupperingar innan hinduismen, og hinduar er gjerne del i ei av dei, eller vel seg ein særskild guddom dei føler seg særskilt tiltrukne av.

Dei to største grupperingane innan hinduismen er sjaivaene, som tilber Sjiva som hovudgud, og vaisjnavaene, som tilber Visjnu eller ein av avatarane hans. Rørsla som tilber Gudinna er òg stor. I tillegg finst ei rekke lokale guddommar som ein tilber i særskilde område.

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com