Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Gotthold Ephraim Lessing - Wikipedia

Gotthold Ephraim Lessing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gotthold Ephraim Lessing (1729–1781)
Forstørr
Gotthold Ephraim Lessing (17291781)

Gotthold Ephraim Lessing (fødd 22. januar 1729 i Kamenz (Sachsen), død 15. februar 1781 i Braunschweig) var den viktigaste tyske diktaren under opplysningstida. Med skodespela og dei teoretiske skriftene sine hadde han stor innverknad på den seinere utviklinga av tysk litteratur.

Innhaldsliste

[endre] Biografi

Gotthold Ephraim Lessing voks opp som son av ein pastor og forfattar av lutherske teologiske verk i Kamenz. Etter skulegangen i den lokale latinskulen (frå 1737) og Fürstenschule St. Afra i Meißen (frå 1741) studerte han teologi og medisin i Leipzig (17461748). Frå 1748 til 1760 budde han i Leipzig og Berlin og arbeidde som kritikar og redaktør for mellom anna Vossische Zeitung. I 1752 oppnådde han magistergraden i Wittenberg.

Frå 1760 til 1765 budde han i Breslau og arbeidde som sekretær for general Friedrich Bogislav Graf von Tauentzien. I 1765 vendte han så attende til Berlin, men i 1767 flytte han til Hamburg og arbeidde som dramaturg og rådgjevar ved Deutsche Nationaltheater der i tre år. Der vart han kjend med si seinare kone, Eva König.

I 1770 vart han utnemnd til bibliotekar i Herzog-August-Bibliothek i Wolfenbüttel. Arbeidet hans der vart avbrote med fleire reiser — til dømes reiste han til Italia saman med prins Leopold i 1775. I 1776 gifte han seg så med Eva König, som i mellomtida hadde vorte enkje, i York i nærleiken av Hamburg. Ho døydde i 1778 kort tid etter å ha fødd ein son. Sonen døydde òg ei kort tid seinare.

Gotthold Ephraim Lessing døydde i heimen åt vinhandlar Angott i 1781 under ei vitjing til Braunschweig.

[endre] Verk

Lessing var ein mangesidig interessert, diktar, tenkjar og kritikar. Som leiande føregangsfigur i den tyske opplysningstida vart han føregangstenkjaren for borgarskapet si nye sjølvkjensle. Dei teoretiske og kritiske skriftene hans utmerkjer seg med ein vittig og ironisk stil og treffsikker polemikk. Dialogen som stilmiddel nytta han seg ofte av; på det viset kunne han alltid sjå saka frå fleire sider og leite etter sanninga endatil i argumenta åt motstandarane sine. For honom stod ikkje dette noko handfast som ein kunne lite på, men heller alltid som ein prosess ein kunne nærme seg.

Allereie i tidleg alder interesserte han seg for teater. Både i dei teoretiske og kritiske skriftene sine om teater og i sitt eige verk som forfattar hadde han som mål å fremje og utvikle eit nytt, borgarleg teater i Tyskland.

Han vende seg dermed mot den herskande litteraturteorien åt Gottsched og studentane hans. Særleg kritiserte han den ukritiske etterlikninga av den franske stilen og oppfordra til eit tilbakeblikk åt dei klassiske grunnsetningane åt [Aristoteles]] og verka åt Shakespeare. Lessing var faktisk grunnleggjaren av Shakespeare-resepsjonen i Tyskland. Han arbeidde med fleire teatergrupper (og t.d. med Caroline Neuber).

Denne artikkelen er ikkje (ferdig) omsett frå engelsk enno.

Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig!


Fridomstanken (for teatret: frå fransk kulturell og estetisk dominans; for religionen: frå kyrkjedogma) viser seg som ein raud tråd gjennom heile livet hans. Følgjeleg sette han seg òg føre å arbeide for frigjering av den framveksande borgarklassen frå adelens overtak. I sitt eige liv som skribent strevde han òg etter uavhengigheit. Idealet hans om å vera ein fri forfattar var i praksis vanskeleg å gjennomføre på grunn av økonomisk sett tvingande kår. Slik mislukkast til dømes prosjektet med eige forlag som han og C.J. Bode prøvde å iverksetje i Hamburg.

[endre] Verkliste

  • 1748 - Der junge Gelehrte
  • 1749 - Die Juden
  • 1749 - Der Freigeist
  • 1755 - Miß Sara Sampson
  • 1759 - Philotas
  • 1759 - Fabeln
  • 1766 - Laokoon
  • 1767 - Minna von Barnhelm
  • 1772 - Emilia Galotti
  • 1778 - Anti-Goeze
  • 1779 - Nathan der Weise
  • 1780 - Die Erziehung des Menschengeschlechts

[endre] Sjå òg

  • Borgarleg sørgespel

[endre] Litteratur

  • Mehring, Franz: Die Lessing Legende (1893) ISBN 3-320-00468-9
  • Rilla, P.: Lessing und sein Zeitalter (1968)
  • Hildebrandt, D.: Lessing. Biographie einer Emanzipation (1982) ISBN 3-423-34049-5
  • Fick, M.: Lessing-Handbuch (2000)
  • Börne, Ludwig: Theaterkritik: Emilia Galotti (1820). Sämtliche Schriften. Band I, Düsseldorf 1964.

[endre] Eksterne lenkjer

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com