Gjøvik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0502 |
Fylke: | Oppland |
Administrasjonssenter: | Gjøvik |
Flatevidd: | 672 km² |
Folketal: | 27 819 (2006) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.gjovik.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Kåre Haugen (Ap) 2005-2007 |
Gjøvik er ein kommune og største by i Oppland fylke med Lillehammer, Nordre Land, Søndre Land, Vestre Toten, Østre Toten, Ringsaker og Hamar som nabokommunar. På andre sida av Mjøsa i aust ligg Ringsaker kommune. Navnet Gjøvik kjem frå gammalnorsk «Djupvik», og er det gamle namnet på Gjøvik gard i sentrum av byen.
Gjøvik glasverk vart etablert av Caspar Kauffeldt i 1807 og nedlagt i 1843. Ved nedleggjinga av glasverket heldt staden på å bli fråflytt. Den siste eigaren av glasverket, Wexel Hansen Kauffelt arbeidde i fleire år for å få i gang ny verksemd for å hindre fråflytting. Kauffeltgarden - ein rest av Gjøvik glasverk ligg no i sentrum av byen, ved rådhuset. Gjøvik vart fråskilt frå Vardal som eigen kommune i 1859 og fekk kjøpstadrettar i 1861. Gjøvik har sidan hatt status som by.
Før kommunesamanslåinga i 1964 var arealet som utgjer Gjøvik i dag fire mindre kommunar: Vardal, Biri, Snertingdal og Gjøvik. Arealet for den nye storkommunen vart 672,0 km2.
Gjøvik har lange tradisjonar innanfor handel, industri og utdanning og har lenge vore forretningssentrum for Toten og store delar av Vest-Oppland. Mustad som produserer mellom anna fiskekroker og Hunton ligg langs Hunselva i Gjøvik. Den lokale avisa heiter Oppland Arbeiderblad, som er monopolavis i regionen etter at den borgarlege (SP-avisa) Samhold/Velgeren gjekk inn i 1998. Gjøviks Blad er ei nyetablert regionalavis med gamle røter.
Gjøvik Olympiske Fjellhall ligg i sentrum, og vart brukt under Vinter-OL.
Innhaldsliste |
[endre] Verdt å sjå i Gjøvik
- Gjøvik gard
- Gjøvik glassverk
- «Skibladner»
- Gile gard
- Eiktunet kulturhistoriske museum
- Kauffeltgården
- Annextad gård
- Postbondegården
- Gjøvik olympiske fjellhall (Fjellhallen)
[endre] Utdanning
- Tranberg vgs. (Allmenfag og musikk, dans, drama)
- Gjøvik vgs. (Yrkesfaglig)
- Bondelia vgs. (Helse og sosialfag, hudpleiefag og studieretning for Medier og kommunikasjon)
Dei tre skulane vart slegne saman til ein ny vidaregåande skule frå den 1. januar 2005. Den nye skulen har namnet Gjøvik videregående skole. Ny skulebygning vert i 2006-2007 reist ved Tranberg i Nordbyen.
- Høgskolen i Gjøvik ligg på Kallerud sørvest for Gjøvik sentrum.
- Gjøvik tekniske fagskole
[endre] Kjende gjøvikensarar
- Paul Olaf Bodding, misjonær i India for Den norske Santalmisjon, omsetjar og folkelivsgranskar.
[endre] Kjelder
NAF, Norges Automobil-Forbund: NAF Veibok 2004
|