Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Fri vilje - Wikipedia

Fri vilje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fri vilje er ei filosofisk doktrine som diskuterer om vala me gjer som menneske blir gjort ut frå oss sjølve. Innan naturvitskapen og tildels sosiologisk forskning er det mykje som tyder på at det ikkje finst fri vilje, men likevel har folk flest ei sterk kjensle av å inneha ein eigen fri vilje.

Eit menneske vert påvirka av arv og miljø. Kva er då fri vilje?
Forstørr
Eit menneske vert påvirka av arv og miljø. Kva er då fri vilje?

Innhaldsliste

[endre] Definisjon av fri vilje

Det er gjort ei rekke fortolkningar av fri vilje då dette utsagnet er uklårt. Aristoteles satte opp si definering av fri vilje og samanhengen med ansvarsproblemet i setninga Om ikkje viljen er fri, kan ikkje menneska gjerast ansvarlege for sine handlingar. Han satte opp fylgjande krav til at ei handling skal vere friviljug:

  • Motivet for handlinga skal liggje hjå den som handlar og ikkje utafor.
  • Den som handlar må vere medviten om det målet han eller ho handlar mot.

Men ei handling er likevel ikkje fri dersom den som handlar

  • ikkje kunne ville annleis enn det han/ho faktisk ville.
  • ikkje kunne ha anna kunnskap om målet enn det han/ho faktisk hadde.

Fleire logiske tankar har vorte presentert kring fri vilje:

  • Er verda deterministisk?
  • Samanhengen mellom moralsk ansvar og fri vilje.
  • Kompabilitetsteoriar og prinsippet om å kunne ha handla annleis.
  • Vitskapen om fri vilje.
  • Teologiske tankar om fri vilje.

[endre] Determinisme

Determinisme er ei læra som seier at alle hendingar har ein årsak, det vil seie at alle hendingar er resultat (er determinert) av tidlegare hendingar.

Determinismen er ei metafysisk verdsforståing som er ein føresetnad for vitskapeleg arbeid. Determinismen seier at universet har orden og at det finst mønster som vitskapen skal finne.

Det er vanleg å meine at det er ei motsetnad mellom determinisme og fri vilje. Det er imidlertid mogleg å definere fridom som evna til å få i stand det ein har bestemt seg for. Ein vil då nytte deterministiske årsakssamanhengar til å utføre det ein har bestemt seg for. Om fridom vert definert som evna til å bestemme kva vi skal bestemme, er det ein klår motsetnad mellom fri vilje og determinisme. Mennesket er ein del av naturen og slik fridom finst ikkje.

Sjølv om ein har eit deterministisk syn på verda, treng ein ikkje bli reduksjonist. Den britiske vitenskapsskribenten Richard Dawkins gjev eit eksempel på reduksjonisme som at organismen kan skildrast ut frå DNA, DNA ut frå atom og atom ut i frå kvanteteori; men ein treng ikkje bruka kvanteteori for å forklara handlingane til eit dyr dersom ein kan forklara det godt nok på eit høgare nivå.

[endre] Kvantemekanikk og determinisme

Innanfor vitenskapen meinar dei fleste at kvantemekanikken viser at verda ikkje er deterministisk. Dette har likevel liten betydning for drøftinga over, då sannsyna på eit molekylært nivå har oppheva kvarandre slik at ein på det nivået kor tankar blir danna, har determinisme.

Sjølv om det hadde vore spor av slump frå kvantemekanikken, ville ikkje det tyde at ein hadde fri vilje, berre at denne var underlagt slump og ikkje var mogleg å føreseie fram i tid.

[endre] Vitenskapeleg determinisme

Vitenskapeleg determinisme er av Stephen Hawking ( i boka A Brief History of Time ) definert som at «...noko som vil hende i framtida, kan bli føresagt.» Han meinar vidare at det kan vere rom for determinisme også innan kvantemekanikken:

“These quantum theories are deterministic in the sense that they give laws for the evolution of the wave with time. Thus if one knows the wave at one time, one can calculate it at any other time. The unpredictable, random element comes in only when we try to interpret the wave in terms of the positions and velocities of particles. But maybe this is our mistake: maybe there are no positions and velocities, but only waves. It is just that we try to fit the waves to our preconceived ideas of positions and velocities. The resulting mismatch is the cause of the apparent unpredictability.” (konklusjon i A Brief History Of Time av Hawking)

[endre] Moralsk ansvar og fri vilje

Generelt meinar dei fleste at folk er moralsk ansvarlege for sine handlingar, og skal ha ros for gode gjerningar og straff for brotsverk. Vidare meinar mange at moralsk ansvar krev fri vilje. Dette er også avspegla i jussen. For å kunna halde på moralsk ansvar har nokre filosofar definert fri vilje som ikkje årsaksbestemt, altså inderterministisk. Dette igjen meiner andre vil føre til ei verd med kaos; dersom verda har spor av inderterminisme, er det ikkje mogeleg å finna årsakssamanhengar, avdi det ikkje finst nokon. Mange trur at det er noko meir enn kun materie som styrer tankane og har ei kjensle av at dette ekstra ikkje er deterministisk. Det er likevel vanskeleg å forklara kva dette skulle vere om ein no kallar det for ei sjel, eg-et eller noko anna. Slik argumentasjon vert difor ofte karakterisert som mystisisme.

Det må også nemnast at ut i frå eit utilitaristisk synspunkt treng ikkje ein forbrytar vere moralsk ansvarleg for å kunne bli straffa, alt som vert krevd er at det er større nytte av å straffa han enn å la vere.

Alt i alt er det mykje i samfunnet som vert vanskeleg dersom hovudmeininga blir at det ikkje finst fri vilje. Sjølv om det er mykje som tilseier at det ikkje er fri vilje, er det difor grunn til å tru at samfunnet som me kjenner det tener på halda oppe trua på ein fri vilje.

[endre] Kompabilitetsteoriar

Kompabilitetsteoriar går ut på at determinisme er irrelevant for fri vilje. Dei godtek at verda er deterministisk, men den frie viljen er ikkje det. Ein kompatibilist vil seie at fri vilje er like sant som at nevrofysiologisk determinisme kan vere sant. Dei er kompatible.

Fridomen kompatibilistar hevder me har, er kanskje best beskriven som autonomi: årsaka til at me vel som me gjer ligg i oss sjølve. Det er våre meiningar, og vårt miljø, som gjer at me vel det me gjer. Det at vala skjer i meg som person er nok til å definere dei som frie.

Det er likevel mange formar fok kompabilitet, og fleire forklaringsmetodar.

Aristoteles på eit romersk veggmåleri.
Forstørr
Aristoteles på eit romersk veggmåleri.

[endre] Teologiske tankar om fri vilje

Teologiske doktriner om ein gud som ser alt, veit alt og styrer alt, blir ofte karakterisert som å vere i konflikt med tesen om fri vilje. Dette har Aristoteles illustrert i problemet om sjøslaget:

Dersom det kjem eit sjøslag, så var det sant i går at det kom til å koma eit. Da vil det vere ein følgje at sjøslaget vil skje. Dersom det ikkje kjem, vil det med same argumentasjon, være ei følge at det ikkje vil skje. Det tyder at kva som enn vil hende, så er det fullstendig bestemt av gårsdagen sanning.

[endre] Kristendom

Ein allvitande gud er for mange ei motsetnad til fri vilje. Men innan kristendomen er det generelt lagt stor vekt på at det er menneskets val gjennom livet som skal vere grunnlag for frelse og skjebnen i livet etter døden.

[endre] Augustin

Augustin hevda at mennesket var gitt fri vilje av Gud for å vega opp synda som dei hadde påført seg i paradis. Og som seinare alle blei født med. «Mennesket er skapt med fri vilje, derfor synder hun, og derfor trengs inkarnasjonen, kor Gud gjennom Jesus tar på seg den skulda mennesket sjølv ikkje kan sona.» Viss me ikkje var fri kunne me jo ikkje valgt oss vekk frå Gud og hennfala til foranderlige goder (lyster)!

[endre] Sitat om fri vilje

Fritt omsett frå tysk: “Eg veit ikkje kva folk meinar når dei snakkar om at menneska har fri vilje. Til dømes så har eg følelse av at eg vil noko, men kva det har med fridom å gjere det forstår eg ikkje. Eg spør, når eg vil tenne mi pipe, og gjer det, kva har det med idéen om fridom å gjere? Kva ligg bak viljesgjerninga om at eg vil tenne mi pipe? Ei anna viljesgjerning?. Schopenhauer har sagt det slik: ‘Mennesket kan gjere som det vil, men det kan ikkje ville det det vil.’ ” (Albert Einstein) Sjå tysk wikipedia for originalt sitat.
Fri vilje? Me må tru på den frie vilje! Noko anna val har me ikkje. Isaac Bashevis Singer

[endre] Kjelder

  • Pax Leksikon
  • Store Norske Leksikon om Fri vilje og determinisme
  • Engelsk, dansk og svensk Wikipedia


Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com