Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Det tyske sosialdemokratiske partiet - Wikipedia

Det tyske sosialdemokratiske partiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det tyske sosialdemokratiske partiet (tysk Sozialdemokratische Partei Deutschlands (SPD)) er det nest eldste politiske partiet i Tyskland, og òg eitt av dei eldste politiske partia i verda. Formann er Kurt Beck, som er statsminister i Rheinland-Pfalz.

Innhaldsliste

[endre] Frå starten til første verdskrigen

Partiet blei skipa i 1863 av den tysk-jødiske politikaren Ferdinand Lassalle i Leipzig som Allgemeine Deutsche Arbeiterverein (ADAV). I 1875 vart ADAV slått saman med Sozialdemokratische Arbeiterpartei (SDAP, grunnlagt 1869 i Eisenach av August Bebel og Wilhelm Liebknecht) til Sozialistische Arbeiterpartei Deutschlands (SAPD). I 1890 blei namnet endra til Sozialdemokratische Partei Deutschlands (SPD).

Den tyske rikskanslaren fyrst Otto von Bismarck prøvde å hindre oppslutning om partiet ved både å innføre visse sosiale tiltak og rett og slett å forby SPD. Forbodet betydde likevel ikkje masseterror mot sosialistane som under Hitler-regimet, berre eit lokk på den rørsla som likevel utvikla seg, og at leiande sosialdemokratar måtte opphalde seg i eksil til forbodet blei oppheva i 1890. Da var SPD alt blitt eit av dei største politiske partia i landet, noko som viste seg i vala dei følgjande åra.

Etter 1890 utvikla SPD den særeigne kombinasjonen av ortodoks marxisme i teorien og legalistisk reformisme i praksis som skulle bli partiet sitt kjennemerke og delvis prege den Andre Internasjonalen fram til utbrotet av første verdskrigen i 1914. Både partiet og dei sterke fagforeiningane med mange medlemmer utvikla eit stort behov for administrasjon, for lønna funksjonærar. Å oppretthalde apparatet blei meir og meir viktig, og måtte motverke viljen til revolusjonære eksperiment. Denne kombinasjonen av revolusjonær teori og reformistisk praksis er også blitt kalla "sentrisme", og er knytta til leiande tyske sosialdemokratar i denne perioden, som Wilhelm Liebknecht, August Bebel og Karl Kautsky. Opposisjonen mot denne dobbeltholdninga kom både frå Eduard Bernstein, som meinte SPD burde stå ope fram som reformparti, og Rosa Luxemburg, som ville ha ein meir revolusjonær praksis.

[endre] Frå første til andre verdskrigen

Under første verdskrigen blei SPD splitta. Partileiinga hadde slutta seg til "fedrelandsforsvaret" under krigen, og krigsmotstandarane skipa i 1917 USPD, det Uavhengige Sosialdemokratiske Partiet i Tyskland. Der var både Eduard Bernstein, Karl Kautsky og Rosa Luxemburg med. I november 1918, da uroa i den krigstrøtte befolkninga og mytteri blant matrosar og soldatar gjorde at keisaren og regjeringa og generalstaben trekte seg, danna SPD og USPD ei mellombels regjering til val på grunnlovgivande nasjonalforsamling kunne haldast. I 1920 var USPD mesta like stort som SPD, men like etter blei USPD kløyvd, og omlag ein tredel av medlemmene gjekk tilbake til SPD, mens ein tredel gjekk til kommunistane og ein tredel "forsvann".

Valplakat for SPD, 1932. Teksten tydar: «Mot Papen (dei konservative/sentrum), Hitler (nasjonalsosialistane), Thälmann (kommunistane)»
Forstørr
Valplakat for SPD, 1932. Teksten tydar: «Mot Papen (dei konservative/sentrum), Hitler (nasjonalsosialistane), Thälmann (kommunistane)»

Under Weimar-republikken var SPD ein av den demokratiske republikken sine fremste forsvararar mot motstandarar både til venstre (kommunistane i KPD) og til høgre (dei nasjonalistiske høgrepartia og nazistpartiet). I 1931 blei SPD kløyvd igjen, fordi særleg ungdommen i rørsla meinte leiinga var blitt altfor forsiktig i kampen mot sosial urett og mot den nazistiske trusselen. Mellom andre den unge Willy Brandt gjekk ut og blei med i SAP, det Sosialistiske Arbeidarpartiet, som også trekte til seg moderate kommunistar som var ekskluderte frå kommunistpartiet KPD.

Våren 1933, etter riksdagsbrannen og arrestasjonen av dei kommunistiske riksdagsrepresentantane, var SPD sin riksdagsfraksjon den einaste som stemte mot å gi Hitler diktatoriske fullmakter. Alle borgarlege stemte for. SPD-gruppeleiar Otto Wels sin tale i denne debatten er blitt eit lysande døme på politisk ryggrad. Kort tid etterpå blei også sosialdemokratane arresterte, og partiet forbode. Fagorganisasjonane likeins. Dei borgarlege partia oppløyste seg sjølve.

Under nazismen var svært mange sosialdemokratar, venstresosialistar (frå SAP) og kommunistar innesperra i konsentrasjonsleirar. Titusenvis blei drepne i avrettingar og mishandlingar, titusenvis døydde av svolt og sjukdom. Eit visst motstandsarbeid blei drive under svært vanskeleg tilhøve, men for det meste måtte ein nøye seg med å prøve å oppretthalde sjølve miljøa, med formelt upolitiske songforeiningar og slikt noko.

[endre] Frå andre verdskrigen til idag

SPD tok opp att verksemda si etter andre verdskrigen, under leiing av den tidlegare konsentrasjonsleirfangen Kurt Schumacher. Det viste seg fort at SPD var det overlegent største sosialistiske partiet i dei vestlege okkupasjonssonene, mens det kommunistiske KPD ikkje reiste seg att som noka kraft å rekne med (partiet vart dessutan forbode i 1956). Også dei fleste tidlegare venstresosialistane i SAP hadde gått inn att i SPD, såleis mellom andre Willy Brandt.

Men i den sovjetiske okkupasjonssonen blei SPD tvangssamanslått med KPD til det Sosialistiske Einskapspartiet i Tyskland (SED), som blei det statsberande partiet i DDR frå 1949. Det var dette året okkupasjonssonene blei omgjorde til to tyske statar, Forbundsrepublikken Tyskland i vest, og den Tyske Demokratiske Republikken DDR i aust.

Den politiske linja til SPD i den første etterkrigstida var framleis prega av marxistisk samfunnsanalyse, men slett ikkje noka pro-kommunistisk holdning. Partiet blei av politiske motstandarar på borgarleg side skulda for «nasjonalisme» fordi det ville ha eit samla og nøytralt Tyskland, og var skeptisk til den politiske innblandinga frå alle okkupasjonsmaktene. Frå 1959, med Godesbergprogrammet, slo SPD inn på ei meir sentrumsorientert politisk linje, og definerte seg ikkje lenger som eit sosialistisk parti, men som eit pragmatisk folkeparti.

Gerhard Schröder var leiar for ei raud-grøn regjering frå 1998 til 2005
Forstørr
Gerhard Schröder var leiar for ei raud-grøn regjering frå 1998 til 2005

SPD var i opposisjon fram til det gjekk i koalisjonsregjering med dei liberale (Fridemokratane) i 1966. Denne alliansen hadde regjeringsmakta fram til 1982, og SPD hadde forbundskanslaren (regjeringssjefen) frå 1969, med Willy Brandt etterfølgd av Helmut Schmidt. Dei liberale skifta i 1982 side, og allierte seg med Kristelegdemokratane i CDU/CSU. I 1998 kom SPD tilbake til makta med Gerhard Schröder som kanslar, men no saman med partiet Dei Grøne.

Etter at DDR-regimet gjekk i oppløysing i 1989-1990, kunne SPD verke fritt att også i denne delen av Tyskland. Partiet blir utfordra frå venstre av det tidligere kommunistpartiet i DDR, som no heiter Venstrepartiet.PDS, og av eit nytt Valalternativ for arbeid og sosial rettferd (WASG) som samarbeidar med Venstrepartiet. Sjølv om SPD samarbeider med Venstrepartiet i to delstatsregjeringar, Berlin og Mecklenburg-Vorpommern, avviser den føderale leiinga i SPD kategorisk å samarbeide med partiet på føderalt nivå.

Etter at Sosialdemokratane og Dei grøne tapte det føderale valet i 2005 gjorde Gerhard Schröder klart at SPD ville freiste å få til samarbeid med alle parti bortsett frå Venstrepartiet. Etter vanskelege forhandlingar inngjekk partiet i ein storkoalisjon med CDU og CSU leidd av Angela Merkel.

[endre] Sentrale SPD-politikarar

[endre] SPD sine formenn

[endre] Liste over kanslarar frå SPD

[endre] Liste over presidentar frå SPD

  • Friedrich Ebert 11. februar 1919 - 28. februar 1925
  • Gustav Heinemann 1969-1974
  • Johannes Rau 1999-2004

[endre] Sjå òg

  • Tyskland
  • Tysk politikk
  • Politiske parti i Tyskland

[endre] På verdsveven

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com