Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Behaviorisme - Wikipedia

Behaviorisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Behaviorismen er ein retning innan psykologien som vaks fram ved byrjinga av 1900-talet. Han bygger på at ein kan forska vitskapleg på atferd ved å observera henne heller enn å ty til introspeksjon. Retningen har hatt stor innverknad på behandlinga av psykiske lidingar.

Ein av idéane bak behaviorismen er at fri vilje ikkje finst, men at all atferd er bestemt av ein samverknad av påverknader frå gener og miljø.

Behaviorismen fekk ry som ein vitskap gjennom forskinga til B.F. Skinner med operant betinging og dei klassiske hundeforsøka til Ivan Pavlov med klassisk betinging.

Sidan 1970-talet har interessen for den tradisjonelle behaviorismen gått ned til fordel for kognitiv psykologi.

Behaviorismen har sterkt fokus på klassisk betinging som læringsform, og miljøet vert dermed kjelda til danninga av personlegdomen gjennom måten det påverkar individet på. For behavioristane er det viktig at inga åtferd kan skje utan ein påverknad. Dette er grunnlaget for samanhengen mellom stimulus og respons, som kanskje er det behaviorismen er mest kjent for (Bø & Helle, 2002; Imsen, 1991).

Ei behavioristisk grunnhaldning vil ha fokus på formidling av informasjon (Ludvigsen, 2002). Kunnskapssynet er empirisk (Dysthe, 1999), noko som tyder at kunnskap er sett på som erfaringar ein skaffar seg igjennom sansane (Magee, 1999). Fokus vert retta mot assosiasjonar mellom mentale prosessar og handlingar (Greeno m. fl., 1996). Undervisningssynet vert dermed instruksjonalistisk, noko som medfører at kunnskapar vert noko som kan overførast – instruerast – frå ein aktør til ein annan.

Viktige omgrep i denne tradisjonen er: Stimulus-respons, små suksessar, fokus på resultat og positiv forsterking (Dysthe, 2001a; Wilson & Myers, 2000).

Watson, Skinner og Thorndike er døme på teoretikarar frå denne tradisjonen. I eit instruksjonalistisk læringsmiljø er det altså lagt til rette for at ein kompetent person, som oftast læraren, skal ha høve til å formidle sine erfaringar til mindre kompetente lærande.

[endre] Kjelder

  • Svensk Wikipedia
  • Engelsk Wikipedia
  • Bø, I., & Helle, L. (2002). Pedagogisk ordbok. Oslo: Universitetsforlaget AS.
  • Dysthe, O. (1999). Ulike teoriperspektiver på kunnskap og læring. Bedre skole.
  • Dysthe, O. (2001a). Dialog, samspel og læring. Oslo.: Abstrakt forl.
  • Greeno, J. G., Collins, A. M., & Resnick, L. B. (1996). Cognition and learning. In B. D. & C. R. (Eds.), Handbook of educational psychology (pp. 15-46). New York: Macmillan.
  • Imsen, G. (1991). Elevens Verden (2. utgave ed.). Oslo: TANO AS.
  • Ludvigsen, S. (2002, 140302). Studentaktive arbeidsformer - Læring og IKT. Paper presented at the Kvalitetsreformen ved HVO, Høgskulen i Volda.
  • Magee, B. (1999). Filosofi (J.-E. E. Hanssen, Trans.). Oslo: N.W. Damm & søn AS - Teknologisk forlag.
  • Myhre, R. (1993). Grunnlinjer i pedagogikkens historie. Oslo: Ad Notam Gyldendal Norsk Forlag AS.
  • Wilson, B. G., & Myers, K. M. (2000). Situated Cognition in Theoretical and Practical Context. In D. Jonassen & S. M. Land (Eds.), Theoretical Foundations of Learning Environments (pp. 57-88). Mahwah NJ: Lawrence Erlbaum Associates.
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com