Aleksandr Litvinenko
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Valterovitsj Litvinenko (russisk: Александр Вальтерович Литвиненко, fødd 1962, død 23. november 2006) var ein tidlegare oberstløytnant i den russiske tryggingstenesta FSB, men hoppa av til Storbritannia i 2000, der han fekk politisk asyl. Litvinenko blei britisk statsborgar i oktober 2006. Han har markert seg som ein skarp kritikar av presidenten i Russland, Vladimir Putin.
[endre] Forgifting
Avisen The Sunday Times rapporterte 19. november 2006 at Litvinenko er blitt forgifta og kjempa for livet på eit sjukehus i London med store mengder av tungmetallet thallium i kroppen. Seinare er det kome fram at han blei forgifta av Polonium-210.
Forgiftinga skal ha funne stad under eit møte med ein kontakt som hadde hevda å ha opplysningar om drapet på den russiske journalisten Anna Politkovskaja. Før han døde skreiv han eit brev, der han skuldar Russland sin president Vladimir Putin for å ha gitt ordre om å forgifte han.
Litvinenko konverterte til islam før han døde.
![]() |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |