Aker Brygge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aker Brygge er ein bydel og eit kjøpesenter i Oslo. Området ligg ved Oslofjorden, på det tidligare verftsområdet til Aker Mekaniske Verksted AS som vart lagt ned i 1982. Utgygginga av Aker Brygge vart gjennomført i fire trinn der første byggetrinn stod ferdig i 1986 medan fjerde og siste byggetrinn stod ferdig i 1998.
Området består av eit kjøpesenter med butikkar og restaurantar, kino, kontorlokale og leiligheter. I tillegg finst det ei småbåthamn og ferjeterminal for Nesoddbåtane og ruta til Vollen/Slemmestad. Heile eigedomsmassen er på 260 000 m2.