Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Yezidismen - Wikipedia

Yezidismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Malak Ta’us
Forstørr
Malak Ta’us

Yezidismen, òg skrive yesidismen, er ein religion frå Midtausten, hovudsakleg utbredt blant kurdarar. Det finst ingen offisielle tal på yesidiar, ulike kjelder opererer med tal mellom 200 000 og 800 000. Dei fleste lever i Irak, men også i Syria, Tyrkia, Iran, Georgia, Armenia og elles i diasporasamfunn.

Yesidiane har vorte studert med interesse av orientalistar, i stor grad på grunn av at utanforståande har skildra dei som djeveldyrkarar. Denne forståinga finn ein også i bøker innan vestleg populærkultur.

Innhaldsliste

[endre] Opphav

Yesidismen sitt opphav er uklart. Islamske kjelder nemner religionen så tidleg som i det fjortande hundreåret, men nokre akademikarar trekkjer koplingar mellom yesidismen og mithraisme, zoroastrisme og andre gamle religionar i Iran og Levanten.

I religionsvitskapen vert namnet yesidisme ofte knytt til kaliff Yazid I (Yazid bin Muawiyah). Yesidiane ærer både profeten Muhammed og sufimystikaren sjeik Adi ibn Mustafa, ein etterkomar av umajadane som vert rekna som opphavsmann for fleire av yezidismen sine heilage tekstar, og ikkje sjeldan som religionen sin stiftar. Yesidismen vert sett på som ei synkrenistisk tru, eit resultat av at tilhengjarar av den sufistiske adawija-ordenen har teke opp element frå lokal tru. I tillegg til islam vert yesidismen rekna å ha teke opp i seg element frå blant anna kurdisk mytologi, manikeisme, jødedom og kristendom.

Andre moglege tolkingar av yesidismen sitt namn er at det kjem frå yazata, yezdan eller ezid, som tyder gud eller guddomeleg skapning.

[endre] Yesidisk tru

I yesidisk tru var erkeengelen Malak Ta’us (kurdisk: Tawûsê Melek), påfuglengelen, Gud sin fyrste skapning, som fekk ordre om å ikkje bøya seg for nokon annan. Sidan skapte Gud dei andre erkeenglane og pusta så liv i Adam, som alle erkeenglane fekk ordre om å bøya seg for. Det gjorde dei også alle, unnateke Malak Ta’us, som dermed bestod Gud si prøve og vart gjort til leiar for englane og til Gud sin stadfortredar på jorda. Skapinga av dei sju erkeenglane, kjend som heft sirr (dei sju mysteria) vert sagt å ha skjedd i ei periode då jorda framleis var berre ei perle.

Yesidiane trur at både godt og vondt eksisterer i sinnet og i anda til mennesket. Det er opp til mennesket sjølv kva side dei veljer. Religiøs reinleik er viktig for yasidiane, det gjer seg utslag i matreglar, ei rekkje tabu og i eit kastesystem. Dei trur også at dei sju erkeenglane jamleg vert fødd i menneskeleg form. Sjeik Adi vert tilskrive å ha samanlikna seg sjølv med Malak Ta’us: Eg var til stades då Adam levde i paradis, og også når Nemrud kasta Abraham i elden. Eg var til stades då Gud sa til me: Du er herskaren og herren på jorda. Gud, den miskunnsame, gav meg sju jorder og trona i himmelen

Dei to viktigaste heilage skriftene i yasidismen er Kitêba Cilwe (Openbaringa) og Mishefa Reş (Den svarte boka).

[endre] Religiøs praksis

  Sheik Adi sitt gravmæle i  Lalish
Forstørr
Sheik Adi sitt gravmæle i Lalish

Yesidiar har fem daglege bøner og ber i retning sola. Medan onsdagen er vekas heilage dag er laurdagen kviledag.

Det viktigaste religiøse ritualet er ei årleg pilgrimsferd til grava til sjeik Adi i Lalish, nord for Mosul i Irak, i samband med ein seksdagars haustfest, Cejna Cemaiya. Under feiringa badar yesidiar i elva, vasker figurar som førestiller Malak Ta’us og tenner lampar i grava til sjeik Adi og andre heilage personar.

[endre] Bakgrunnsstoff

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com