Warszawapakta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Warszawapakta (offisielt: «Traktaten for vennskap, samarbeid og gjensidig assistanse») var ein militærallianse mellom Sovjetunionen og den tidligare austblokka. I alliansen var det både reelt uavhengige statar og statar som til tross for formelt sjølvstende de facto var styrt frå Sovjetunionen. Forsøk på å bryte ut av pakta vart slått ned.
Traktaten vart etablert som forsvarspakt retta mot NATO, som hadde vorte etablert i 1949. Ei viktig hending som førte til danninga av Warszawapakta var (Vest-)Tysklands gjenopprustning og NATO-medlemskap. Pakta vart underskreven i Warszawa 14. mai 1955, og trådde i kraft 5. juni 1955. Pakta held til den kalde krigen var over, og medlemslanda byrja å trekkje seg i 1991 (DDRs medlemskap opphøyrde då staten slutta å eksistere eit år før), og pakta vart offisielt oppløyst 1. juli 1991.
[endre] Medlemmer
- Sovjetunionen
- Albania (Khrusjtsjov kaster landet ut av Warszawa-pakten 17. oktober 1961)
- Bulgaria
- Romania
- Tsjekkoslovakia (etter Sovjetunionen braut saman: Tsjekkia og Slovakia)
- Folkerepublikken Polen (etter Sovjetunionen braut saman: Republikken Polen)
- Ungarn
- Den tyske demokratiske republikk (etter Sovjetunionen braut saman: gjenforent med (Vest-)Tyskland)
Det strengt stalinistiske Albania trakk seg ut av alliansen i 1961 som følge av usemja mellom Folkerepublikken Kina og Sovjetunionen etter at Sovjetunionen hadde fordømt Stalin og gjennomgått ei avstalinisering.
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |