Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Virak - Wikipedia

Virak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

100 gram virak frå Dhofar-regionen i Oman, som blir rekna som den aller beste typen.
Forstørr
100 gram virak frå Dhofar-regionen i Oman, som blir rekna som den aller beste typen.

Virak eller olibanum er namnet på ein velluktande, gummiaktig harpiks frå tre i Boswellia-slekta, særleg B. sacra og B. frereana, som er ein viktig del av røykjelse.

Virak er blitt mykje brukt som røykjelse i religiøse riter, som parfyme, som vern eller medisin mot sjukdom og sår, og til balsamering. I dag er det særleg brukt i aromaterapi. Ein kan hausta virak frå Boswellia-tre frå dei er 8-10 år gamle. Det er mogleg å ta ut virak heile året, men den som er teken på den varmaste årstida har høgast kvalitet.

Innhaldsliste

[endre] Ordsoge

Ordet virak kjem frå lågtysk wirok og tyder eigentleg 'vigd røyk'. Olibanum kjem frå arabisk lubán, 'mjølk' eller hebraisk lebonah, 'kvit', gjennom latin libanus, som viser til den mjølkeaktige kvaa frå viraktrea. Dette har òg gitt opphav til namnet Libanon.

[endre] Historie

Virak er kjend frå dei eldste sivilisasjonane, frå farao-Egypt til Ming-Kina. Rundt 1500 f.Kr. sende den egyptiske dronninga Hatshepsut ein ekspedisjon til landet Punt (dagens Somalia) for å få tak i tre som skilte ut velluktande harpiks. Turen var vellukka, og saman med ibenholt, elfenbein og myrratre kom han tilbake med tre som skilde ut virak.

Også i Arabia vaks viraktre, og kong Darius av Persia skal i følge Herodot ha fått om lag 25 tonn røykjelse i året herfrå som skatt.

Byen Ubar i dagens Oman, som blei funnen på 1990-talet, skal ha vore eit handelssenter for trafikken langs den nyleg gjenoppdaga «virakvegen». Den nabateiske byen Petra i Jordan vaks òg som følge av handelen.

Medan virak mellom anna blei mykje brukt under ofring i jødedommen og i romerske religionar, førte veksten av kristendommen og nye former for gudsdyrking til at etterspurnaden sank. Samstundes gjorde ørkenspreiing, åtak frå nomadar og høge skattar langs handelsruta det vanskeleg for karavanar å frakta produktet til marknaden. Frå 300-talet gjekk handelen med virak sterkt tilbake.

I dag har produksjonen auka og transporten blitt mykje lettare. Virak er dermed blitt eit billigare produkt. Medan virak var like verdifullt som gull i romartida, kan ein i dag kjøpa 100 gram for rundt 60 kroner.

[endre] Anna

  • Virak blei funne i grava til farao Tutankhamon.
  • Det årlege forbruket av virak ved Ba'al-tempelet i Babylon var på 2½ tonn.
  • Keisar Nero av Romarriket skal ha vore ein storforbrukar av stoffet. Mellom anna brann han opp heile årslageret for Roma under gravferda til kona si, Poppaea

[endre] I overført tyding

I uttrykkjet mykje virak tyder virak noko bra, noko rosverdig, eit positivt oppstyr, til dømes hyllinga av ein stor skodespelarprestasjon. Men ein kan òg verta lei all viraken.

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com