Slaget ved Svolder
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Svolder | |
---|---|
Mennene til Eirik går opp på Ormen lange av Halfdan Egedius |
|
Konflikt: - | |
Dato: 1000 | |
Stad: Ukjend, truleg nær Rügen eller i Øresund | |
Utfall: Norsk nederlag | |
Partar | |
Noreg | Sverige, Danmark |
Leiarar | |
Olav Tryggvason † | Eirik Håkonsson Jarl Olof Skötkonung Svein Tjugeskjegg |
Styrker | |
Ukjend | Ukjend |
Tap | |
Ukjend | Ukjend |
- | |
Sjøslag |
Slaget ved Svolder er rekna å ha funne stad den 9. september eller 1. desember år 1000. Slaget stod mellom danskar (under Svein Tjugeskjegg), svenskar (under Olof Skötkonung, på norsk Olav svenske) og nordmenn (under kong Olav Tryggvason). Norske Eirik Håkonsson Jarl var med og kjempa mot kong Olav.
Sjøslaget fann stad i Svolderbukta ved øya Svolderøy. Det er uvisst kvar staden Svolder eller Svold var. Mykje talar for at det var i sjøområdet ved øya Vilm i Austersjøen, utanfor kysten av Tyskland. Andre meiner at det kan vera Greifswalder Oie eller det danske Øresund.
Slaget enda med at nordmennene tapte. Olav Tryggvason vart skadd og hoppa over bord frå langskipet sitt, truleg drukna han. Langskipet heitte Ormen Lange, og var eit stort drakeskip. Eirik Jarl tok skipet som hærfang.
[endre] Slaget ved Svolder i kulturen
Snorre Sturlason har skildra slaget i soga om Olav Tryggvason i Heimskringla.
I byrjinga klarte Olav og mennene hans seg bra i kampen. Einar Tambarskjelve stod ved masta på skipet Ormen Lange og skaut med pil og boge mot Eirik jarl på eit av fiendeskipa. Han heldt fleire gongar på å treffe jarlen.
- Då sa jarlen til ein mann som somme kallar Finn, men somme seier at han var finsk, og som var ei dugande bogeskyttar: «Skyt den store mannen i krappe-romet, du.» Finn skaut, og pila kom midt på bogen til Einar, nett som han spente bogen for tredje gongen, og bogen gjekk i to stykke. Då sa kong Olav: «Kva brast der så høgt?» Einar svarar: «Noreg or hendene dine, konge.» «Det var vel ikkje så stor brist,» sa kongen, «ta min boge og skyt med den», og så kasta han bogen sin til han. Einar tok bogen, drog den straks fram over odden på pila og sa: «For veik, for veik er kongens boge!» Så slengde han bogen tilbake og tok skjoldet og sverdet og kjempa.
Eit kvad frå Færøyane, Ormurin Langi, handlar om slaget ved Svolder.
[endre] Etterpå
Det er lansert teoriar om at Olav Tryggvason overlevde slaget. Han skal ha vorte ein from mann og levd som munk i midtausten. Derifrå skal han ha sendt ei helsing til svogeren Erling Skjalgsson. I alle høve kom ikkje Olav attende til Noreg.